65TX00D E10 Hovudprosjekt

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Maskinteknikk
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Maskinteknikk Førde
    • Startsemester
      2025 Haust

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • kan planlegge, gjennomføre og dokumentere eit fagrelatert prosjekt etter eige ønske eller i samarbeid med ein oppdragsgivar
  • kjenner til utfordringar ved styring og leiing av ein prosjektprosess

Ferdigheter

Studenten:

  • kan delta i prosjektarbeid, ta ansvar for eiga læring, kommunisere og presentere prosjektarbeid
  • kan bruke prosjektarbeid som metode; planlegge, styre/leie, kommunisere og presentere resultatet
  • kan fordjupe seg i dei aktuelle tekniske emna som er nødvendig for å løyse prosjektoppgåva

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan bruke erfaringar, kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i praktisk prosjektarbeid
  • kan, gjennom kreativitet og nytenking, fordjupe seg i dei aktuelle tekniske emna som dannar grunnlag for prosjektoppgåva, og løyse denne på ein måte som reflekterer kunnskap om teknologi og fagleg leiing

Undervisningsformer og aktivitet

 1

 Prosjektbeskriving

 Skriv korleis gruppa er sett saman og kva prosjekt gruppa kan tenke seg som tema. 

 Arbeidskrav:

 Må vere godkjent av prosjekt-ansvarleg før ein kan ta til på forprosjektrapport

 2

 Forprosjektrapport

 Kriterium for evaluering: 

  • Realistisk avgrensing av arbeidsmengda i prosjektet
  • Eintydig problemstilling

 Arbeidskrav:

 Må vere godkjent av prosjekt-ansvarleg før ein kan ta til på hovudrapport

 3

 Hovudrapport

 Kriterium for evaluering:

  • Rapportdisposisjon og -struktur
  • Bruk av referansar
  • Språk
  • Svarer på problemstilling, evt. dokumenterer avvik
  • Teknisk fagleg nivå
  • Vurdering av produkt/resultat
  • Dokumenterer gjennomføring

 Arbeidskrav:

 Gruppa skal lage ei pressemelding på ei side, på bakgrunn av rapporten.

 4

 Presentasjon

 Kriterium for evaluering:

  • Avgrensing av tid og innhald
  • Har god fordeling og flyt
  • Får med det vesentlege frå rapporten
  • Disponerer påstandar, argument og døme i ei logisk rekkefølge
  • Bruk av verkemiddel som t.d. Power Point, foto og video
  • Engasjement, stemmebruk, kroppsspråk og personleg framtoning

 

 5

 Individuell munnleg eksamen med   oppsummeringsnotat

 Munnleg utspørjing med bakgrunn i hovudrapport og individuelt oppsummeringsnotat.

 

 Hovudprosjektet skal gjennomførast i grupper.

 Klassen kjem med forslag til gruppeinndeling. Skulen vil foreta gruppeinndelinga dersom studentane ikkje vert samde. I særlege tilfelle kan rektor, etter søknad, gi dispensasjon til å gjennomføre hovudprosjektet åleine.

Vurdering

Prosjektgruppa får ei samla sluttvurdering (gruppekarakter) som vert sett på bakgrunn av ei heilskapsvurdering av punkt 3 og 4 under gjennomføring.

Det vil deretter bli gjennomført ei munnleg utspørjing med bakgrunn i hovudrapport og individuelt oppsummeringsnotat.

Denne munnlege utspørjinga kan vere med og påverke den endelege individuelle karakteren i emnet.

Sluttvurderinga vert ført som emnekarakter på vitnemålet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
152 Time(r)
Sjølvstudium
131 Time(r)

Arbeidskrav

Prosjektbeskriving og forprosjektrapport skal vere levert og godkjent innan fastsett frist.

Avtalar i prosjektgruppa skal overhaldast.

Fagressursar

Litteraturliste E10 Hovudprosjekt

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Anlegg Førde
  • Automatisering Førde
  • Bygg Førde
  • Bygningssakkyndig
  • Elkraft Førde
  • KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
  • Maskinteknikk Førde

Emneansvarlig

Rolf Yksnøy
Stig Svendsen Savland