65TB02O E8 Anleggsdrift m/fagleg leiing - 2025 Haust

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Anlegg
    • Studiepoeng
      18
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Anlegg Førde
    • Startsemester
      2025 Haust

Om emnet

Emnet gir praktisk og teoretisk kunnskap om planlegging, leiing og gjennomføring av anleggsprosjekt. Studentane lærer bruk av måleinstrument og digitale verktøy, berekning av kostnad og tid, samt leiing av fjell- og sprengingsarbeid. Undervisinga kombinerer teori, feltarbeid og digitale oppgåver i tråd med bransjestandardar.

Faga som inngår i emnet:

  • Fjellarbeid
  • Bygge-/anleggsleiing
  • Anleggsdrift
  • Geomatikk 2

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      kan framdriftsplanlegging, og korleis lage gode planar som fungerer godt saman, korleis oppdatere desse ved behov undervegs i eit prosjekt og korleis drive eit prosjekt framover ved hjelp av desse
  •      kan bruken av måleinstrument i geomatikk. Nivelleringskikkert, GPRS-systemer og totalstasjonar og kjenne teorien bak korleis dei fungerer
  •      kan nytte dataprogram til behandling av innmålte data, produksjon av data til utstikking i terreng og overføring av data til og frå andre dataprogram til dømes AutoCAD
  •      har kunnskap om masseforflytning og sprengingsarbeid
  •      har kunnskap om utrekning av tid og kostnader av ulike typar anleggsarbeid
  •      har kunnskap om korleis ein gjennomføre eit prosjekt frå planleggingsstadiet, via anbodsprosessen, kontrahering, kostnadsoppfølgjing og naudsynte søknader til prosjektet kan overførast byggherre og      garantisynfaring
  •      kan vurdere ulike anleggsmaskiner (fordelar og ulemper)
  •      har kunnskap om kapasitet for ulike typar bore- og transportutstyr, og kan velje eigna utstyr til arbeidsoppdrag
  •      har kunnskap om planlegging av bakstuffarbeid og kan beskrive reglar for ventilasjon av tunnel
  •      har kunnskap om vanlege sivile sprengstoff og bruksområde for desse
  •      har kunnskap om eigna boremønster, utrekning av ladingsmengder og planlegging av tennrekkefølgje og rystingar
  •      har kunnskap om å lage rutinar for alle typar sprengingsarbeid i høve til gjeldande lovverk

Ferdigheiter

Studenten:

  •     kan gjennomføre eit anleggsprosjekt frå planleggingsstadiet, via byggjefasen til overføring byggherre og følgje gjeldande lover, forskrifter og standardar
  •     kan rekne ut maskinkapasitet
  •     kan gjennomføre eit byggeprosjekt frå planleggingsstadiet, via byggjefasen til overføring byggherre og følgje gjeldande lover, forskrifter og standardar
  •     kan gjennomføre oppmålingsoppdrag ved hjelp av instrument og dataprogram som er i bruk i dag
  •     kan rekne ut kostnader med utgraving og utskifting av massar
  •     kan velje eigna utstyr og kan planlegge og leie tilrigging og massetransport for fjellarbeid
  •     er i stand til å vurdere alternative boremønster og tilhøve som påverkar fragmentering
  •     kan planlegge og leie sprengingsarbeid ved dagbrot og underjordsdrift, og tilfredsstiller teorikrava til sertifikat for bergsprengningsleiar
  •     kan håndtere endringar som oppstår i eit bygge- og anleggsprosjekt

Generell kompetanse

Studenten:

  •     kan planlegge og gjennomføre enkle oppmålingsoppdrag, og kontrollere landmålingsdata
  •     kan vurdere faremoment ved gravearbeid
  •     kan rekne ut kostnaden og tidsforbruk ved ulike anleggsarbeid
  •     har etter fullført emne lært det som er naudsynt for å gjennomføre alle stadium i eit byggjeprosjekt, både nybygg og rehabilitering
  •     er etter fullført emne i stand til å være med å planlegge, vurdere, drøfte og leie sprengingsarbeid ved dagbrot og underjordsdrift

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

  •      to prøver i fjellarbeid
  •      to prøver i anleggsdrift
  •      ei gruppeinnlevering med individuelt refleksjonsnotat og to prøve i geomatikk 2
  •      ei prøve og eit individuelt refleksjonsnotat i bygge-/ anleggsleiing

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Mappevurdering
Karakterskala
A-F
Gruppering
Individuell

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Timeplanfesta timer
62 Tima(r)
Deltid
Eigenstyrt aktivitet
448 Tima(r)
Deltid

Obligatoriske læringsaktivitetar

  • Ei innlevering i fjellarbeid.
  • Ei innlevering i anleggsdrift.
  • Obligatorisk feltkurs i geomatikk 2.
  • Ei gruppeinnlevering i byggeplassleiing.

Litteratur- og utstyrsliste

Fagressursar

Lærebøker E8 Anleggsdrift m/fagleg leiing

Karlsen, J. (2021) Byggeprosessboka. Oslo, Byggesaken.no. Bestillast på internett www.byggesaken.no 

Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.

Tryti, H.A., (2021) Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. Bestillast på internett www.byggesaken.no

J. Karlsen Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. Kan bestillas på internett www.byggesaken.no.

Bua, K. og Digernes A. (2019) Byggesaken, 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget, Skagerrak forlag AS. 

Trond Eeg Vatne.(2021) Prosjektering og utførelse av sprengningsarbeider. 1.utgave. Fagbokforlaget.

 

Emneansvarleg

Aleksander Dahl