65TB02O E8 Anleggsdrift m/fagleg leiing

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Anlegg
    • Studiepoeng
      18
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Anlegg Førde
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Fjellarbeid

Bygge-/anleggsleiing

Anleggsdrift

Geomatikk 2

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      kan framdriftsplanlegging, og korleis lage gode planar som fungerer godt saman, korleis oppdatere desse ved behov undervegs i eit prosjekt og korleis drive eit prosjekt framover ved hjelp av desse
  •      kan bruken av måleinstrument i geomatikk. Nivelleringskikkert, GPRS-systemer og totalstasjonar og kjenne teorien bak korleis dei fungerer
  •     kan nytte dataprogram til behandling av innmålte data, produksjon av data til utstikking i terreng og overføring av data til og frå andre dataprogram til dømes AutoCAD
  •      har kunnskap om masseforflytning og sprengingsarbeid
  •      har kunnskap om utrekning av tid og kostnader av ulike typar anleggsarbeid
  •     kan vurdere ulike anleggsmaskiner (fordelar og ulemper)
  •      har kunnskap om kapasitet for ulike typar bore- og transportutstyr, og kan velje eigna utstyr til arbeidsoppdrag
  •      har kunnskap om planlegging av bakstuffarbeid og kan beskrive reglar for ventilasjon av tunnel
  •      har kunnskap om vanlege sivile sprengstoff og bruksområde for desse
  •      har kunnskap om eigna boremønster, utrekning av ladingsmengder og planlegging av tennrekkefølgje og rystingar
  •     har kunnskap om å lage rutinar for alle typar sprengingsarbeid i høve til gjeldande lovverk

Ferdigheter

Studenten:

  •     kan gjennomføre eit anleggsprosjekt frå planleggingsstadiet, via byggjefasen til overføring byggherre og følgje gjeldande lover, forskrifter og standardar
  •      kan rekne ut maskinkapasitet
  •      kan gjennomføre oppmålingsoppdrag ved hjelp av instrument og dataprogram som er i bruk i dag
  •     kan rekne ut kostnader med utgraving og utskifting av massar
  •      kan velje eigna utstyr og kan planlegge og leie tilrigging og massetransport for fjellarbeid
  •      er i stand til å vurdere alternative boremønster og tilhøve som påverkar fragmentering
  •      kan planlegge og leie sprengingsarbeid ved dagbrot og underjordsdrift, og tilfredsstiller teorikrava til sertifikat for bergsprengningsleiar

Generell kompetanse

Studenten:

  •     kan planlegge og gjennomføre enkle oppmålingsoppdrag, og kontrollere landmålingsdata
  •      kan vurdere faremoment ved gravearbeid
  •     kan rekne ut kostnaden og tidsforbruk ved ulike anleggsarbeid
  •      er etter fullført emne i stand til å være med å planlegge, vurdere, drøfte og leie sprengingsarbeid ved dagbrot og underjordsdrift

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

·     to prøver i fjellarbeid

·     to prøver i anleggsdrift

·     to prøve i geomatikk 2

·     ei prøve og ei gruppeinnlevering med individuelt refleksjonsnotat i bygge-/ anleggsleiing

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
274 Time(r)
Sjølvstudium
236 Time(r)

Arbeidskrav

Ei innlevering i fjellarbeid.

Ei innlevering i anleggsdrift.

Ei gruppeinnlevering med individuelt refleksjonsnotat og eit obligatorisk feltkurs i geomatikk 2.

Ei innlevering i byggeplassleiing.

Fagressursar

Lærebøker E8 Anleggsdrift m/fagleg leiing

Karlsen, J. (2021) Byggeprosessboka. Oslo, Byggesaken.no. Bestillast på internett www.byggesaken.no Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.

Tryti, H.A., (2021) Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. Bestillast på internett www.byggesaken.no

J. Karlsen Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. Kan bestillas på internett www.byggesaken.no.

Bua, K. og Digernes A. (2019) Byggesaken, 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget, Skagerrak forlag AS. Trond Eeg Vatne.(2021) Prosjektering og utførelse av sprengningsarbeider. 1.utgave. Fagbokforlaget.

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no

 

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Emneansvarlig

Jytte Kristin Eikenes