Anlegg Førde

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Anlegg
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieform
      Deltid
    • Startsemester
      2024 Haust

Anlegg Førde

Om studiet

Bygg- og anleggsbransjen er ein stor og viktig bransje. Det er stort behov for fagteknikarar som kan berekne, planlegge og koordinere produksjon, innkjøp og person- og maskinressursar innan bygg- og anleggsprosjekt. Det gjeld både nye prosjekt, omlegging/ombygging av eksisterande bygg og anlegg og restaurering.

Fagskulen er ei sjølvstendig to-årig utdanning som byggjer på studentane sin relevante kompetanse, enten realkompetanse eller fagbrev. Utdanninga er for deg som har yrkesfagleg utdanning innan bygg og anlegg, eller har arbeidd innanfor bransjen, og som no ønskjer meir formell kompetanse eller har leiarambisjonar.

Mange nyutdanna fagteknikarar går rett inn i mellomleiarstillingar eller ingeniørstillingar. Det skjer mykje på grunn av kombinasjonen av den praktiske bakgrunnen og den teoretiske utdanninga fagskulestudentane gjennomfører. Dei kan såleis gå inn i stillingar etter utdanning utan ein større opplæringsperiode som ingeniørstudentar utan praktisk bakgrunn ofte må ha. Personar med fagskuleutdanning er særleg ettertrakta i entreprenørverksemder. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å møte utfordringar ein som fagleg ansvarleg står overfor i sitt arbeid. Arbeidsgivarane legg vekt på kombinasjonen av kunnskap om leiing, økonomi, helse, miljø og tryggleik (HMT) i tillegg til kunnskap om bygg- og anleggsteknikk.

Fagretninga bygg og anlegg på fagskulenivå er ei utdanning for handtverkarar innan bygg- og anleggsbransjen. Dei viktigaste arbeidsområda for ein fagskuleutdanna innan bygg og anlegg er entreprenørverksemd, kommune og eigne bedrifter. Utdanninga kvalifiserer til stillingar i privat og offentleg sektor. Utdanninga tilfredsstiller krava som gjeld teori, for å søkje om meisterbrev.

Læringsutbyte

Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om omgrep og teori som vert brukt i bygge- og anleggsbransjen innan berekningsfag, leiing, økonomistyring, marknadsføring, planlegging, geomatikk og HMT
  • har kunnskap om digitale og analoge verktøy som blir nytta i bygge- og anleggsbransjen ved prosjektering og utføring, som teikneprogram, planleggingsverktøy og landmålingsutstyr
  • har kunnskap om dei ulike prosessane som går føre seg i eit anleggsprosjekt og korleis ein ved god planlegging kan effektivisere eit prosjekt
  • har kunnskap til å vurdere eige arbeid i høve til gjeldande Norsk Standard, lover og regelverk i anleggsbransjen
  • har kunnskap om anleggsbransjen og kva yrket inneber, og kan med bakgrunn i dette leie og følgje opp eit anleggsprosjekt når det gjeld planlegging, utføring, økonomi og HMT
  • har kunnskap om dei ulike byggjemateriala sine eigenskapar, og kan dimensjonere enkle stål- og betongkonstruksjonar
  • kan oppdatere sin kunnskap når det gjeld endringar og nyvinningar innan anleggsfaget
  • har kunnskap om metodar og løysingar for anleggsarbeid i fjell og jord, som til dømes planlegging og bygging av undergrunns- og fjellanlegg, vegar, vatn og avløp
  • har innsikt i utviklinga innan bygge- og anleggsfaget
  • har kjennskap til relaterte bransjar

Ferdigheter

Studenten:

  • kan gjere greie for val av materiale og metodar for utføring etter gjeldande lover og forskrifter i bygge- og anleggsbransjen
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving når det gjeld prosjektering, utføring og kontroll, og kan justere denne under rettleiing
  • har ferdigheiter i å reflektere over eiga fagleg utøving for å oppnå eit godt arbeidsmiljø i bygge- og anleggsbransjen der HMT og          kvalitetssikring har ein naturleg og viktig plassgjere greie for faglege val av materiale og utføringsmetodar som sikrar trygge, varige og sunne bygg og anlegg
  • har ferdigheiter i å finne og syne til informasjon og fagstoff, og kan vurdere relevansen det har for faget
  • har ferdigheiter i å kartlegge bygge- eller anleggsplassen og identifisere faglege problemstillingar og vurdere behov for å setje i verk       tiltak.
  • har ferdigheiter i å administrere ein bygge- eller anleggsprosess gjennom planlegging, økonomistyring, personalleiing,                            kontraktsoppfølgjing og HMT

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan prosjektere og utføre bygge- og anleggsprosjekt og oppgåver innan faget som ansvarleg leiar og som deltakar i gruppe i tråd             med etiske krav og retningslinjer til riktig utført arbeid, og etter gjeldande lover,  regelverk og standardar
  • kan komme med bidrag til diskusjonar som gjeld utvikling av organisasjonen saman med under- og overordna personale, og med           samarbeidande bransjar
  • kan utveksle synspunkt med andre innan bransjen, eller relaterte bransjar og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis i                   oppføring av varige og fungerande bygg og anlegg
  • kan bidra til å utvikle organisasjonen saman med kollegaer i bedrifta og i samarbeidande bransjar

Opptak

Formelle opptakskrav

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

Fagbrev som kvalifiserer til opptak er:

  • Anleggsmaskinførarfaget
  • Asfaltfaget
  • Banemontørfaget
  • Betongfaget
  • Byggdriftarfaget
  • Feiarfaget
  • Fjell- og bergverksfaget
  • Industrimålarfaget
  • Isolatørfaget
  • Limtreproduksjonsfaget
  • Målarfaget
  • Murarfaget
  • Røyrleggjarfaget
  • Steinfaget
  • Stillasbyggjarfaget
  • Tak- og membrantekkjarfaget
  • Trelastfaget
  • Trevare- og bygginnreiingsfaget
  • Tømrarfaget
  • Veg- og anleggsfaget
  • Ventilasjons- og blekkslagarfaget

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Utdanninga er på 120 studiepoeng, noko som svarar til ein toårig heiltidsutdanning. Utdanninga vert på gjennomført på deltid over tre år og er eit nettbasert studium med samling.

Arbeidsmengde

Timebelastninga for eit studium på heiltid er 1700 timar per studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane.

Læringsplattform

Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.

Arbeidsmengde i Anlegg Førde, nettbasert med samling

EmnebeskrivelseEgenstyrt
aktivitet
Timeplanfesta
timer
Sum
65TX00A E1 Realfagleg reiskap44234476
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon25528283
65TB00D E4 Byggeprosess29644340
65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar19829227
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)24934283
65TB00E E6 Byggesaken24736283
65TB02O E8 Anleggsdrift m/fagleg leiing44862510
65TB02N E7 Konstruksjon anlegg m/fagleg leiing31553368
65TB02P E9 Anlegg og kommunalteknikk46276538
65TX00D E10 Hovudprosjekt28010290
Sum31924063598

Anlegg Førde, nettbasert med samling

Læringsformer

I vårt arbeid som læringsleiar vil mange undervisningsformer og læringsaktivitetar verte brukte. Prinsippet om variasjon i undervisninga gjer at vi nyttar mange læringsaktivitetar. Studentane får høve til å medverke når læringsaktivitetane vert bestemt. Det faglege innhaldet i undervisninga vil i mange høve styre læringsaktiviteten.

I nettstudie med samling nyttar vi dei pedagogiske prinsippa vi har skissert over. Vi nyttar digital kommunikasjon for å gjennomføre læringsaktivitetane i periodane utanom samling. Det vert lagt vekt på rettleiing og oppfølging gjennom dialog.

Vurdering

Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. Arbeidskrav inngår i den formative delen av læreprosessen.

Arbeidskrav kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, refleksjonsnotat og medstudentvurdering av refleksjonsnotat.

Faglærar vurderer arbeidskrava. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrav som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende.

Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent.

 

Sluttvurdering

Studentane får èin karakter for kvart emne. Emnekarakter gir utrykk for kompetanse som er oppnådd i ulike vurderingssituasjonar i emnet.

I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten etter læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte studieplanen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.

Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. 

Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på emnekarakter.

Eksamen kan brukast som vurderingsform inn mot ein emnekarakter. Studentane skal sikrast ei upartisk vurdering av kunnskapar og ferdigheiter. Ein fagkyndig person vert oppnemnd som medsensor.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-4 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på eksamensvurdering.

Vurdering vert gjennomført slik at fagskulen kan vurdere på eit sikkert grunnlag om studenten har nådd læringsutbyttet i studieplanen for utdanninga, jf. fagskoleloven § 21 første ledd.

Det skal nyttast bokstavkaraktar frå A til F. Karakteren A er beste karakter, og F inneber at emnet eller eksamen ikkje er bestått.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om vurdering og eksamen.

 

 

Sluttdokumentasjon

Fullført og bestått fagskuleutdanning på 120 stp gir vitnemål og ein høgare fagskulegrad.

Vitnemålet skal innehalda:

  • Emne som inngår i utdanninga.
  • Omfang av emne og oppnådd karakter.
  • Overordna læringsutbytte.
  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
  • Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
  • Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.

Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.

 Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.

Pensumliste

Anlegg Førde, nettbasert med samling

EmnebeskrivelsePensumliste
65TX00A E1 Realfagleg reiskap

Ekern, T. & Guldahl, Ø. & Holst, E. (2008) Matematikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2009) Fysikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Kalkulator

Casio FX-9860GIII

Tabellar

Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabeller. Oslo, Gyl- dendal.

Tilrådd litteratur

Ekern, T., Guldahl, Ø. & Holst, E. (2016) Matematikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2018) Fysikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon

Norsk

Federl, Marion og Arve Hoel (2020): Norsk for fagskolen, 3. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Hellevik, Alf m. fl., 2012: Nynorsk ordliste. Oslo: Samlaget.

Hjulstad, Håvard og Sødal, Lars, 2008: Bokmålsordliste. Oslo: Samlaget.

 

Engelsk

Ytterdal, Marianne Roald (2020): Crossover – Practical and Technical English, 4. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Haslerud, Vibecke og Henriksen, Petter (red.), 2007: Engelsk blå ordbok. Engelsk - norsk / norsk engelsk.

Oslo: Kunnskapsforlaget.

65TB00D E4 Byggeprosess

Lærebøker E4 Byggeprosess

Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.

Espedal, K. J. (2022) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com

 Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

Lærebøker E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

Lærebok i materialkunnskap vert opplyst om ved studiestart.

Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024609

Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024678

 

65TB00E E6 Byggesaken

Lærebøker E6 Byggesaken

Bua K., Digernes, A. & Hansen, V. M. (2019) Byggesaken. 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget AS.

Thune, T.E. (2020) Kvalitetsstyring og HMS i bygg og anlegg. Oslo, Byggenæringens forlag AS.

J.Karlsen (2023)Byggesaksboka for ansvarlig søker og byggsakstudenter .www.byggesaken.no

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no
 

65TB02O E8 Anleggsdrift m/fagleg leiing

Fagressursar

Lærebøker E8 Anleggsdrift m/fagleg leiing

Karlsen, J. (2021) Byggeprosessboka. Oslo, Byggesaken.no. Bestillast på internett www.byggesaken.no 

Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.

Tryti, H.A., (2021) Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. Bestillast på internett www.byggesaken.no

J. Karlsen Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. Kan bestillas på internett www.byggesaken.no.

Bua, K. og Digernes A. (2019) Byggesaken, 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget, Skagerrak forlag AS. 

Trond Eeg Vatne.(2021) Prosjektering og utførelse av sprengningsarbeider. 1.utgave. Fagbokforlaget.

 

65TB02N E7 Konstruksjon anlegg m/fagleg leiing

Lærebøker E7 Konstruksjon anlegg m/fagleg leiing

J. Eie (2010). Stålkonstruksjoner. 2 utg. NKI forlag. Bekkestua.

J. Eie (2018). Konstruksjonslære - grunnlag for dimensjonering - Last og sikkerheit: 3 utg. NKI forlag, Oslo.

S.I. Sørensen (2020). Betongkonstruksjoner for teknisk fagskole. 1 utg. Fagbokorlaget. Bergen.

J. Karlsen Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. Kan bestillas på internett www.byggesaken.no.

 

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB02P E9 Anlegg og kommunalteknikk

Skogset, T, Norberg, D. (2021) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.

J. Karlsen Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. www.byggesaken.no. (2014). Geoteknikkboka : innføring i geotekniske arbeidsområder. www.byggesaken.no.

 

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TX00D E10 Hovudprosjekt