Anlegg Førde
Studiefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng120
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieformHeiltid, Nett
- Startsemester2023 Haust
Anlegg Førde
Om studiet
Bygg- og anleggsbransjen er ein stor og viktig bransje. Det er stort behov for fagteknikarar som kan berekne, planlegge og koordinere produksjon, innkjøp og person- og maskinressursar innan bygg- og anleggsprosjekt. Det gjeld både nye prosjekt, omlegging/ombygging av eksisterande bygg og anlegg og restaurering.
Fagskulen er ei sjølvstendig to-årig utdanning som byggjer på studentane sin relevante kompetanse, enten realkompetanse eller fagbrev. Utdanninga er for deg som har yrkesfagleg utdanning innan bygg og anlegg, eller har arbeidd innanfor bransjen, og som no ønskjer meir formell kompetanse eller har leiarambisjonar.
Mange nyutdanna fagteknikarar går rett inn i mellomleiarstillingar eller ingeniørstillingar. Det skjer mykje på grunn av kombinasjonen av den praktiske bakgrunnen og den teoretiske utdanninga fagskulestudentane gjennomfører. Dei kan såleis gå inn i stillingar etter utdanning utan ein større opplæringsperiode som ingeniørstudentar utan praktisk bakgrunn ofte må ha. Personar med fagskuleutdanning er særleg ettertrakta i entreprenørverksemder. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å møte utfordringar ein som fagleg ansvarleg står overfor i sitt arbeid. Arbeidsgivarane legg vekt på kombinasjonen av kunnskap om leiing, økonomi, helse, miljø og tryggleik (HMT) i tillegg til kunnskap om bygg- og anleggsteknikk.
Fagretninga bygg og anlegg på fagskulenivå er ei utdanning for handtverkarar innan bygg- og anleggsbransjen. Dei viktigaste arbeidsområda for ein fagskuleutdanna innan bygg og anlegg er entreprenørverksemd, kommune og eigne bedrifter. Utdanninga kvalifiserer til stillingar i privat og offentleg sektor. Utdanninga tilfredsstiller krava som gjeld teori, for å søkje om meisterbrev.
Læringsutbyte
Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om omgrep og teori som vert brukt i bygge- og anleggsbransjen innan berekningsfag, leiing, økonomistyring, marknadsføring, planlegging, geomatikk og HMT
- har kunnskap om digitale og analoge verktøy som blir nytta i bygge- og anleggsbransjen ved prosjektering og utføring, som teikneprogram, planleggingsverktøy og landmålingsutstyr
- har kunnskap om dei ulike prosessane som går føre seg i eit anleggsprosjekt og korleis ein ved god planlegging kan effektivisere eit prosjekt
- har kunnskap til å vurdere eige arbeid i høve til gjeldande Norsk Standard, lover og regelverk i anleggsbransjen
- har kunnskap om anleggsbransjen og kva yrket inneber, og kan med bakgrunn i dette leie og følgje opp eit anleggsprosjekt når det gjeld planlegging, utføring, økonomi og HMT
- har kunnskap om dei ulike byggjemateriala sine eigenskapar, og kan dimensjonere enkle stål- og betongkonstruksjonar
- kan oppdatere sin kunnskap når det gjeld endringar og nyvinningar innan anleggsfaget
- har kunnskap om metodar og løysingar for anleggsarbeid i fjell og jord, som til dømes planlegging og bygging av undergrunns- og fjellanlegg, vegar, vatn og avløp
- har innsikt i utviklinga innan bygge- og anleggsfaget
- har kjennskap til relaterte bransjar
Ferdigheter
Studenten:
· kan gjere greie for val av materiale og metodar for utføring etter gjeldande lover og forskrifter i bygge- og anleggsbransjen
· kan reflektere over eigen fagleg utøving når det gjeld prosjektering, utføring og kontroll, og kan justere denne under rettleiing
· har ferdigheiter i å reflektere over eiga fagleg utøving for å oppnå eit godt arbeidsmiljø i bygge- og anleggsbransjen der HMT og kvalitetssikring har ein naturleg og viktig plass
· kan gjere greie for faglege val av materiale og utføringsmetodar som sikrar trygge, varige og sunne bygg og anlegg
· har ferdigheiter i å finne og syne til informasjon og fagstoff, og kan vurdere relevansen det har for faget
· har ferdigheiter i å kartlegge bygge- eller anleggsplassen og identifisere faglege problemstillingar og vurdere behov for å setje i verk tiltak.
· har ferdigheiter i å administrere ein bygge- eller anleggsprosess gjennom planlegging, økonomistyring, personalleiing, kontraktsoppfølgjing og HMT
Generell kompetanse
Studenten:
· kan prosjektere og utføre bygge- og anleggsprosjekt og oppgåver innan faget som ansvarleg leiar og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningslinjer til riktig utført arbeid, og etter gjeldande lover, regelverk og standardar
· kan komme med bidrag til diskusjonar som gjeld utvikling av organisasjonen saman med under- og overordna personale, og med samarbeidande bransjar
· kan utveksle synspunkt med andre innan bransjen, eller relaterte bransjar og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis i oppføring av varige og fungerande bygg og anlegg
kan bidra til å utvikle organisasjonen saman med kollegaer i bedrifta og i samarbeidande bransjar
Opptak
Formelle opptakskrav
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
For studium anlegg er relevante fagbrev/sveinebrev frå utdanningsprogrammet bygg- og anleggsteknikk.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Organisering av studiet
- To-årig utdanning som heiltidsstudium
- To-årig utdanning fordelt over tre år som nettbasert studium med samling
Det vert gitt 60 studiepoeng for læringsutbytte oppnådd på bakgrunn av eitt års bestått fagskuleutdanning på heiltid og 40 studiepoeng for læringsutbytte oppnådd på bakgrunn av eitt års bestått nettstudium med samling. Ved gjennomført heiltidsstudium og nettbasert studium med samling vert det totalt 120 studiepoeng.
Arbeidsmengde
Timebelastninga for eit studium på heiltid er 1700 timar per studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane, sjå tabell 3, 4 og 5 i kap. 9.
Læringsplattform
Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.
Arbeidsmengde i Anlegg Førde, heltid
Emnebeskrivelse | Egenstyrt aktivitet | Timeplanfesta timer | Undervisning | Sjølvstudium | Sum |
---|---|---|---|---|---|
65TX00A E1 Realfagleg reiskap | 0 | 0 | 286 | 190 | 476 |
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon | 0 | 0 | 152 | 131 | 283 |
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM) | 0 | 0 | 190 | 93 | 283 |
65TB00D E4 Byggeprosess | 0 | 0 | 182 | 158 | 340 |
65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar | 0 | 0 | 198 | 29 | 227 |
65TB00E E6 Byggesaken | 0 | 0 | 152 | 131 | 283 |
65TB02N E7 Konstruksjon anlegg m/fagleg leiing | 315 | 53 | 0 | 0 | 368 |
65TB02O E8 Anleggsdrift m/fagleg leiing | 448 | 62 | 0 | 0 | 510 |
65TB02P E9 Anlegg og kommunalteknikk | 462 | 76 | 0 | 0 | 538 |
65TX00D E10 Hovudprosjekt | 280 | 10 | 0 | 0 | 290 |
Sum | 1505 | 201 | 1160 | 732 | 3598 |
Læringsformer
I vårt arbeid som læringsleiar vil mange undervisningsformer og læringsaktivitetar verte brukte. Prinsippet om variasjon i undervisninga gjer at vi nyttar mange læringsaktivitetar. Studentane får høve til å medverke når læringsaktivitetane vert bestemt. Det faglege innhaldet i undervisninga vil i mange høve styre læringsaktiviteten.
I nettstudie med samling nyttar vi dei pedagogiske prinsippa vi har skissert over. Vi nyttar digital kommunikasjon for å gjennomføre læringsaktivitetane i periodane utanom samling. Det vert lagt vekt på rettleiing og oppfølging gjennom dialog.
Vurdering
Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. Arbeidskrav inngår i den formative delen av læreprosessen.
Arbeidskrav kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, refleksjonsnotat og medstudentvurdering av refleksjonsnotat.
Faglærar vurderer arbeidskrava. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrav som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende.
Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent.
Sluttvurdering
Studentane får èin karakter for kvart emne. Emnekarakter gir utrykk for kompetanse som er oppnådd i ulike vurderingssituasjonar i emnet.
I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten etter læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte studieplanen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.
Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga.
Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.
Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på emnekarakter.
Eksamen kan brukast som vurderingsform inn mot ein emnekarakter. Studentane skal sikrast ei upartisk vurdering av kunnskapar og ferdigheiter. Ein fagkyndig person vert oppnemnd som medsensor.
Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-4 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på eksamensvurdering.
Vurdering vert gjennomført slik at fagskulen kan vurdere på eit sikkert grunnlag om studenten har nådd læringsutbyttet i studieplanen for utdanninga, jf. fagskoleloven § 21 første ledd.
Det skal nyttast bokstavkaraktar frå A til F. Karakteren A er beste karakter, og F inneber at emnet eller eksamen ikkje er bestått.
Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om vurdering og eksamen.
Sluttdokumentasjon
Studentane som fullfører og består fagskuleutdanning, får eit vitnemål som dokumentasjon.
På vitnemålet står utdanning, eventuell fordjuping og tittel på hovudprosjektet. Vitnemålet inneheld dei emna som inngår i utdanninga. To-årig utdanning på heiltid og tre-årig nettutdanning med samling utgjer 120 studiepoeng. I kvart emne står det omfang i form av studiepoeng og oppnådd karakter. For at det skal kunne skrivast ut vitnemål, må heile studiumet vere fullført, og eksamen vere avlagt og bestått.
Etter avbroten utdanning eller ikkje bestått utdanning vert det skrive ut ei karakterutskrift som dokumentasjon på kva enkeltemne som er bestått.
Vitnemålet vert merka med Vocational Diploma VC, med tanke på internasjonalt bruk. Vitnemålet vil i tillegg innehalde overordna læringsutbyttebeskriving.
Emneinnhold i Anlegg Førde, heltid
Emnebeskrivelse | Innhold | Studiepoeng |
---|---|---|
65TX00A E1 Realfagleg reiskap | Matematikk (6 sp) Fysikk (4 sp) | 10 |
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon | Norsk (7 sp) Engelsk (3 sp) | 10 |
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM) | Organisasjon og leiing Økonomistyring Marknadsføring | 10 |
65TB00D E4 Byggeprosess | Energi- og miljøeffektive bygg og anlegg Tekniske installasjonar Grunnleggande BIM Geomatikk 1 | 12 |
65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar | Mekanikk Materialkunnskap | 8 |
65TB00E E6 Byggesaken | Søknadsprosedyrer Anbod og kontrakter Kvalitetsstyring og HMS | 10 |
65TB02N E7 Konstruksjon anlegg m/fagleg leiing |
| 13 |
65TB02O E8 Anleggsdrift m/fagleg leiing |
| 18 |
65TB02P E9 Anlegg og kommunalteknikk |
| 19 |
65TX00D E10 Hovudprosjekt | 10 | |
Sum | 120 |
Pensumliste
Anlegg Førde, heltid
Emnebeskrivelse | Pensumliste |
---|---|
65TX00A E1 Realfagleg reiskap | Lærebøker E1 Realfagleg reiskap Ekern, T. & Guldahl, Ø. & Holst, E. (2008) Matematikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget. Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2009) Fysikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget. Tabellar Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabeller. Oslo, Gyl- dendal. Tilrådd litteratur Ekern, T., Guldahl, Ø. & Holst, E. (2016) Matematikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget. Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2018) Fysikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget. |
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon | Fagbøker E2 Yrkesretta kommunikasjon Norsk Federl, Marion og Arve Hoel (2020): Norsk for fagskolen, 3. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen. Hellevik, Alf m. fl., 2012: Nynorsk ordliste. Oslo: Samlaget. Hjulstad, Håvard og Sødal, Lars, 2008: Bokmålsordliste. Oslo: Samlaget.
Engelsk Ytterdal, Marianne Roald (2020): Crossover – Practical and Technical English, 4. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen. Haslerud, Vibecke og Henriksen, Petter (red.), 2007: Engelsk blå ordbok. Engelsk - norsk / norsk engelsk. Oslo: Kunnskapsforlaget. |
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM) | Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018. ISBN: 9788245024609 Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018. ISBN: 9788245024678 Økonomi-illustrator, modul Entreprenør, utgitt av Learning by doing AS: Boka blir delt ut av faglærar, og rekning vil bli sendt frå Fagskulen Vestland. |
65TB00D E4 Byggeprosess | Lærebøker E4 Byggeprosess Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo. Espedal, K. J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm. Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no |
65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar | Lærebøker E5 Bygg og anleggskonstruksjonar Lærebok i materialkunnskap vert opplyst om ved studiestart. Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget. Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no |
65TB00E E6 Byggesaken | Lærebøker E6 Byggesaken Bua K., Digernes, A. & Hansen, V. M. (2019) Byggesaken. 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget AS. Thune, T.E. (2020) Kvalitetsstyring og HMS i bygg og anlegg. Oslo, Byggenæringens forlag AS. Tryti, H.A., (2021) Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. www.byggesaken.no Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no |
65TB02N E7 Konstruksjon anlegg m/fagleg leiing | Lærebøker E7 Konstruksjon anlegg m/fagleg leiing J. Eie (2010). Stålkonstruksjoner. 2 utg. NKI forlag. Bekkestua. J. Eie (2018). Konstruksjonslære - grunnlag for dimensjonering - Last og sikkerheit: 3 utg. NKI forlag, Oslo. S.I. Sørensen (2020). Betongkonstruksjoner for teknisk fagskole. 1 utg. Fagbokorlaget. Bergen. J. Karlsen Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. Kan bestillas på internett www.byggesaken.no.
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no |
65TB02O E8 Anleggsdrift m/fagleg leiing | Fagressursar Lærebøker E8 Anleggsdrift m/fagleg leiing Karlsen, J. (2021) Byggeprosessboka. Oslo, Byggesaken.no. Bestillast på internett www.byggesaken.no Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo. Tryti, H.A., (2021) Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. Bestillast på internett www.byggesaken.no J. Karlsen Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. Kan bestillas på internett www.byggesaken.no. Bua, K. og Digernes A. (2019) Byggesaken, 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget, Skagerrak forlag AS. Trond Eeg Vatne.(2021) Prosjektering og utførelse av sprengningsarbeider. 1.utgave. Fagbokforlaget.
|
65TB02P E9 Anlegg og kommunalteknikk | Skogset, T, Norberg, D. (2021) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo. J. Karlsen Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. www.byggesaken.no. (2014). Geoteknikkboka : innføring i geotekniske arbeidsområder. www.byggesaken.no.
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no |
65TX00D E10 Hovudprosjekt |