65TB02P E9 Anlegg og kommunalteknikk
Emnefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng19
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAnlegg Førde
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
- Kommunalteknikk
- Geoteknikk
- Anleggsgeomatikk
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- kan dimensjonering og berekning av leidningar for vatn og avløp
- har kunnskap om reinsing av drikke- og avløpsvatn
- kjenner til aktuelle lover og forskrifter som gjeld drikkevatn og avløpsanlegg
- har kunnskap om geologi med vekt på kontinuerlege geologiske prosessar som legg grunnlaget for landskapsformer og lausmassedekke
- kan dei ulike lausmassane si samansetjing og klassifisering
- har kunnskap om geotekniske tilhøve. Vurdere fare for ras og setningar
- kjenner til grunnvasstraum i lausmassar og berg
- kjenner til utstyr og metodar for utføring av grunnundersøkingar og laboratoriearbeid
- har forståing for omgrep og regelverk i høve konstruksjonsfag og geotekniske berekningar
- har kunnskap om pumpeutstyr for VA-system
- kjenner til problem i samband med vasstrøyming i lausmassar, og har innsikt i fundamentering og spunting
- har kunnskap om krav til komprimering etter Norsk Standard 3458 og tiltak for å unngå setningar
- kjenner konsekvensane av å fundamentere på grunn med varierande bereevne
- kjenner overordna mål i avfallspolitikken for hushaldningsavfall, næringsavfall, byggje- og anleggsavfall
- har kunnskap om behandling av avfall ved gjenvinning, deponering, kompostering, forbrenning og framtidsretta avfallshandtering
- har kunnskap om grøntanlegg, uteområde og landskap med forskjellig belegningsstein, heller, dekker for vegar, plassar og uteområde
- kjenne til konsekvensar av heving eller senking av grunnvatn, og drenering rundt hus
- skal kunne erstatte telefarlege masser med tele-ufarlege masser ved bygging av veg
- har kunnskap om skråningsstabilitet, jordtrykk og dei ulike fundamenteringsmetodane
- har forståing for arbeidsutføring med tanke på tryggleik i byggegroper, grøfter og sjakter
- kjenner til settingsproblematikk i samband med fundamentering på grunn med varierande bereevne, og i samband med heving eller senking av grunnvatn. I tillegg ha kunnskap om komprimering for å unngå settingar
- har kunnskap om tele i grunnen og kjenner til sikringsmetodar rundt teleproblematikk
- kjenner til geosyntetar, geotekstilar, armering av jord, fyllingar, skråningar, støttemurar og fundament
- har kunnskap om planlegging, utføring og etterarbeid i samband med oppmåling og utstikking av vegar, byggegrop, tunellar og andre tiltak
Ferdigheter
Studenten:
- er i stand til å dimensjonere leidningssystem og pumpesystem for VA
- kan gjennomføre jordartsberekningar basert på resultat frå rutineundersøkingar frå geoteknisk laboratorium
- kan gjennomføre enkle grunnvassberekningar
- kan gjere seg nytte av maskinstyrt geomatikk
- kan bruke ulik programvare til geomatikk
- kan bruke geomatikkutstyr
- kan dimensjonering av avløpsleidningar og overvassleidningar
- kan rekne på prøver frå laboratorieundersøkingar
- kan berekne forventa vassmengde i brønn
- kan velje og dimensjonere markisolasjon under og ved sidan av bygningar etter tabellar og vegvesenet sine handbøker
- kan gjennomføre enkle berereevneberekningar av ein direktefundamentert konstruksjon
- kan gjennomføre overslagsberekningar for skråningsstabilitet (lamelle- og direktemetoden)
- kan gjennomføre berekningar på spenningsforhold i jorda med totale og effektive spenningar, drenerte og udrenerte spenningsendringar i grunn med variert lagdeling. I tillegg gjere greie for resultantkraft og kvar den angrip
Generell kompetanse
Studenten:
- kan utføre kommunaltekniske berekningar
- har god forståing for kva ein grunn kan innehalde og kva dei forskjellige eigenskapane dei ulike lausmassane kan ha. I tillegg vere klar over korleis ein gjennomfører grunnundersøkingar og reknar på jordas kvalitet med resultat frå geoteknisk laboratorium
- kan prosjektere enkle anleggsoppdrag
- har god forståing for alle konsekvensar ved å tilføre last på grunnen med tanke på settingsproblematikk, skråningsstabilitet og jordtrykk. I tillegg kunne foreslå aktuelle sikringstiltak ved ulike byggesituasjonar
- kan vurdere fare for utrasing og setningar
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
- ei individuell innlevering og munnleg utspørjing i anleggsgeomatikk
- to prøver i kommunalteknikk
- to prøver i geoteknikk
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Egenstyrt aktivitet | 462 Time(r) | Deltid |
Timeplanfesta timer | 76 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- To innleveringar i kommunalteknikk.
- To innleveringar i geoteknikk.
- Ei samla innlevering i anleggsgeomatikk.
Fagressursar
Skogset, T, Norberg, D. (2021) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.
J. Karlsen Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. www.byggesaken.no. (2014). Geoteknikkboka : innføring i geotekniske arbeidsområder. www.byggesaken.no.
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Anlegg Førde