65TB02P E9 Anlegg og kommunalteknikk
Emnefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng19
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAnlegg Førde
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Kommunalteknikk
Geoteknikk
Anleggsgeomatikk
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· kan dimensjonering og berekning av leidningar for vatn og avløp
· har kunnskap om reinsing av drikke- og avløpsvatn
· kjenner til aktuelle lover og forskrifter som gjeld drikkevatn og avløpsanlegg
· har kunnskap om geologi med vekt på kontinuerlege geologiske prosessar som legg grunnlaget for landskapsformer og lausmassedekke
· kan dei ulike lausmassane si samansetjing og klassifisering
· har kunnskap om geotekniske tilhøve. Vurdere fare for ras og setningar
· kjenner til grunnvasstraum i lausmassar og berg
· kjenner til utstyr og metodar for utføring av grunnundersøkingar og laboratoriearbeid
· har forståing for omgrep og regelverk i høve konstruksjonsfag og geotekniske berekningar
· har kunnskap om pumpeutstyr for VA-system
· kjenner til problem i samband med vasstrøyming i lausmassar, og har innsikt i fundamentering og spunting
· har kunnskap om krav til komprimering etter Norsk Standard 3458 og tiltak for å unngå setningar
· kjenner konsekvensane av å fundamentere på grunn med varierande bereevne
· kjenner overordna mål i avfallspolitikken for hushaldningsavfall, næringsavfall, byggje- og anleggsavfall
· har kunnskap om behandling av avfall ved gjenvinning, deponering, kompostering, forbrenning og framtidsretta avfallshandtering
· har kunnskap om grøntanlegg, uteområde og landskap med forskjellig belegningsstein, heller, dekker for vegar, plassar og uteområde
· kjenne til konsekvensar av heving eller senking av grunnvatn, og drenering rundt hus
· skal kunne erstatte telefarlege masser med tele-ufarlege masser ved bygging av veg
· har kunnskap om skråningsstabilitet, jordtrykk og dei ulike fundamenteringsmetodane
· har forståing for arbeidsutføring med tanke på tryggleik i byggegroper, grøfter og sjakter
· kjenner til settingsproblematikk i samband med fundamentering på grunn med varierande bereevne, og i samband med heving eller senking av grunnvatn. I tillegg ha kunnskap om komprimering for å unngå settingar
· har kunnskap om tele i grunnen og kjenner til sikringsmetodar rundt teleproblematikk
· kjenner til geosyntetar, geotekstilar, armering av jord, fyllingar, skråningar, støttemurar og fundament
· har kunnskap om planlegging, utføring og etterarbeid i samband med oppmåling og utstikking av vegar, byggegrop, tunellar og andre tiltak
Ferdigheter
·
Studenten:
· er i stand til å dimensjonere leidningssystem og pumpesystem for VA
· kan gjennomføre jordartsberekningar basert på resultat frå rutineundersøkingar frå geoteknisk laboratorium
· kan gjennomføre enkle grunnvassberekningar
kan gjere seg nytte av maskinstyrt geomatikk
kan bruke ulik programvare til geomatikk
· kan bruke geomatikkutstyr
· kan dimensjonering av avløpsleidningar og overvassleidningar
· kan rekne på prøver frå laboratorieundersøkingar
· kan berekne forventa vassmengde i brønn
· kan velje og dimensjonere markisolasjon under og ved sidan av bygningar etter tabellar og vegvesenet sine handbøker
· kan gjennomføre enkle berereevneberekningar av ein direktefundamentert konstruksjon
· kan gjennomføre overslagsberekningar for skråningsstabilitet (lamelle- og direktemetoden)
· kan gjennomføre berekningar på spenningsforhold i jorda med totale og effektive spenningar, drenerte og udrenerte spenningsendringar i grunn med variert lagdeling. I tillegg gjere greie for resultantkraft og kvar den angrip
Generell kompetanse
Studenten:
- kan utføre kommunaltekniske berekningar
- har god forståing for kva ein grunn kan innehalde og kva dei forskjellige eigenskapane dei ulike lausmassane kan ha. I tillegg vere klar over korleis ein gjennomfører grunnundersøkingar og reknar på jordas kvalitet med resultat frå geoteknisk laboratorium
- kan prosjektere enkle anleggsoppdrag
- har god forståing for alle konsekvensar ved å tilføre last på grunnen med tanke på settingsproblematikk, skråningsstabilitet og jordtrykk. I tillegg kunne foreslå aktuelle sikringstiltak ved ulike byggesituasjonar
- kan vurdere fare for utrasing og setningar
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· ei individuell innlevering og munnleg utspørjing i anleggsgeomatikk
· to prøver i kommunalteknikk
· to prøver i geoteknikk
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Sjølvstudium | 250 Time(r) | |
Undervisning | 289 Time(r) |
Arbeidskrav
To innleveringar i kommunalteknikk.
To innleveringar i geoteknikk.
Ei samla innlevering i anleggsgeomatikk.
Fagressursar
Lærebøker E9 Anlegg og kommunalteknikk
Skogset, T, Norberg, D. (2021) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.
J. Karlsen Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. www.byggesaken.no. (2014). Geoteknikkboka : innføring i geotekniske arbeidsområder. www.byggesaken.no.
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no