65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)
Emnefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAnlegg Førde
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Organisasjon og leiing
Økonomistyring
Marknadsføring
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om organisasjonsteori, organisasjonskultur, leiingsteori og motivasjonsteori
- har innsikt i aktuelle lover innan LØM-emnet og forstår kva betyding desse har for bedrifta sine arbeidskrav
- har kunnskap om kjøpsåtferd og marknadsplanlegging
- har kunnskap om sentrale økonomiomgrep, bedriftsetablering, enkle kalkylar, betraktningar av lønsemd, budsjettering og rekneskapsanalyse
- har kunnskap om bransjens økonomiske utvikling og bransjens utfordringar innan leiing
Ferdigheter
Studenten:
- kan forstå og analysere eit rekneskap, og kan bruke denne informasjon for setje i verk tiltak
- kan utarbeide eit budsjett og setje opp enkle kalkylar
- kan utarbeide ein marknadsplan
- kan gjere greie for og vurdere utfordringar for menneske, arbeidsmiljø, etikk og økonomi i lys av lovkrav og bedrifta og bransjen sine behov
- kan kartlegge ei bedrift sine arbeidskrav, identifisere faglege problemstillingar, utarbeide mål og setje i gang grunngitte tiltak
- kan innhente, formidle og presentere fagleg informasjon, idear og løysingar både munnleg og skriftleg
Generell kompetanse
Studenten:
- kan innan gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre planlegge, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt innanfor LØM-emnet
- kan kommunisere på ein tydeleg og forståeleg måte, og kan utveksle faglege synspunkt med medarbeidarar, kundar og andre interessentar
- har kompetanse i effektiv bruk av IT og kan bruke rekneark til å løyse oppgåver innanfor økonomistyring
- kan utarbeide og følgje opp planer
- kan utøve personalleiing og leie medarbeidarar
- kan behandle medarbeidarar, kundar og andre med respekt
- kan utøve samfunnsansvar og bidra til organisasjonsutvikling
Vurdering
Ei avsluttande emneprøve. Kan bestå av fleire delar.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 190 Time(r) | |
Sjølvstudium | 93 Time(r) |
Arbeidskrav
Eit arbeidskrav i organisasjon og leiing. Kan bestå av fleire delar.
Eit arbeidskrav i marknadsføringsleiing. Kan bestå av fleire delar.
Eit arbeidskrav i økonomistyring. Kan bestå av fleire delar.
Fagressursar
Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018. ISBN: 9788245024609
Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018. ISBN: 9788245024678
Økonomi-illustrator, modul Entreprenør, utgitt av Learning by doing AS: Boka blir delt ut av faglærar, og rekning vil bli sendt frå Fagskulen Vestland.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Anlegg Førde
- Bygg Førde
- Elkraft Førde
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Maskinteknikk Førde
Emneansvarlig
Lilli Solvang