65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Anlegg
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Anlegg Førde
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

Organisasjon og leiing

Økonomistyring

Marknadsføring

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om sentrale omgrep og samanhengar knytt til økonomistyring, organisasjon/leiing og marknadsføringsleiing
  • har kunnskap om planleggingsprosessar knytt til styring av verksemda
  • kjenner til viktige lover i emnet

Ferdigheter

Studenten kan:

  • gjere greie for bedrifta si økonomiske stilling ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke det i analyser og kalkylar
  • vurdere likviditeten og kapitalbehovet til bedrifta
  • utarbeide budsjett, foreta budsjettkontroll og analysere eventuelle avvik
  • gjennomføre ei investeringsanalyse
  • bruke rekneark i arbeidet med rekneskap og budsjett m.m.
  • foreta ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
  • vurdere organisasjonsstruktur og -kultur samt arbeidsmiljø for å vidareutvikle verksemda
  • kommunisere, motivere og leie personalet på måtar som fremmar effektivitet og trivsel
  • kartlegge, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
  • lage prosedyre for å gjennomføre gode rekrutteringsprosessar
  • kartlegge eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalyser
  • gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kjøpsåtferda
  • segmentere ulike marknader og velje målgrupper
  • utarbeide marknadsstrategiar for verksemda med omsyn til produktval, prisfastsetjing, distribusjon og marknadskommunikasjon   

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • innan gitte tidsfristar, aleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekter
  • medverke til å etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremmar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
  • nytte digitale verktøy til å innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke den kritisk, hensiktsmessig og etterretteleg
  • kommunisere internt og eksternt ved bruk av digitale verktøy
  • utarbeide relevante faglege dokument
  • reflektere over samfunnsutvikling og relatere dette til næringslivet

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar med meir.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Ei avsluttande emneprøve.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
34 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
249 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

Eit arbeidskrav i organisasjon og leiing. Kan bestå av fleire delar.

Eit arbeidskrav i marknadsføringsleiing. Kan bestå av fleire delar.

Eit arbeidskrav i økonomistyring. Kan bestå av fleire delar.

Fagressursar

Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024609

Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024678

Økonomi-illustrator, modul Entreprenør, utgitt av Learning by doing AS: Boka blir delt ut av faglærar, og rekning vil bli sendt frå Fagskulen Vestland.

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Anlegg Førde
  • Bygg Førde
  • Bygningssakkyndig
  • Elkraft Førde
  • KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
  • Maskinteknikk Førde

Emneansvarlig

Lilli Solvang