65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)
Emnefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAnlegg Førde
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Organisasjon og leiing
Økonomistyring
Marknadsføring
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om sentrale omgrep og samanhengar knytt til økonomistyring, organisasjon/leiing og marknadsføringsleiing
- har kunnskap om planleggingsprosessar knytt til styring av verksemda
- kjenner til viktige lover i emnet
Ferdigheter
Studenten kan:
- gjere greie for bedrifta si økonomiske stilling ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke det i analyser og kalkylar
- vurdere likviditeten og kapitalbehovet til bedrifta
- utarbeide budsjett, foreta budsjettkontroll og analysere eventuelle avvik
- gjennomføre ei investeringsanalyse
- bruke rekneark i arbeidet med rekneskap og budsjett m.m.
- foreta ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
- vurdere organisasjonsstruktur og -kultur samt arbeidsmiljø for å vidareutvikle verksemda
- kommunisere, motivere og leie personalet på måtar som fremmar effektivitet og trivsel
- kartlegge, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
- lage prosedyre for å gjennomføre gode rekrutteringsprosessar
- kartlegge eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalyser
- gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kjøpsåtferda
- segmentere ulike marknader og velje målgrupper
- utarbeide marknadsstrategiar for verksemda med omsyn til produktval, prisfastsetjing, distribusjon og marknadskommunikasjon
Generell kompetanse
Studenten kan:
- innan gitte tidsfristar, aleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekter
- medverke til å etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremmar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
- nytte digitale verktøy til å innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke den kritisk, hensiktsmessig og etterretteleg
- kommunisere internt og eksternt ved bruk av digitale verktøy
- utarbeide relevante faglege dokument
- reflektere over samfunnsutvikling og relatere dette til næringslivet
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar med meir.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Ei avsluttande emneprøve.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 34 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 249 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
Eit arbeidskrav i organisasjon og leiing. Kan bestå av fleire delar.
Eit arbeidskrav i marknadsføringsleiing. Kan bestå av fleire delar.
Eit arbeidskrav i økonomistyring. Kan bestå av fleire delar.
Fagressursar
Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018.
ISBN: 9788245024609
Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018.
ISBN: 9788245024678
Økonomi-illustrator, modul Entreprenør, utgitt av Learning by doing AS: Boka blir delt ut av faglærar, og rekning vil bli sendt frå Fagskulen Vestland.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Anlegg Førde
- Bygg Førde
- Bygningssakkyndig
- Elkraft Førde
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Maskinteknikk Førde