Maskinteknikk Førde

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Maskinteknikk
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieform
      Deltid
    • Startsemester
      2024 Haust

Maskinteknikk Førde

Om studiet

Industri- og energiprosessar utviklar seg stadig i takt med forsking og nyvinningar. For å følgje denne utviklinga vert fagretninga teknologi og industriell produksjon stadig meir omfattande og kompleks. Utdanninga må vere tverrfagleg for å møte krava frå industrien. Det stiller store krav til studentane som tek utdanninga. Utdanninga skal gi studentane kunnskap om alt frå store, tunge roterande maskiner til avanserte styringssystem, anten desse er basert på hydraulikk eller elektronikk. For å kunne lykkast i bransjen må ein kunne kombinere teknologisk kompetanse med marknadsinnsikt og kundebehandling.

Fagskuleutdanninga i maskinteknikk tek sikte på å gi studentane nettopp denne kombinasjonen. Studentane skal ha kunnskap om ulike bransjestandardar, og ha innsikt i internasjonale standardar og prosedyrar. Studentane skal òg ha innsikt i bedrifta sin plass i samfunnet, og skal med kunnskapen sin om kvalitetssikring, økonomi og administrasjon kunne vere med og utvikle bedrifta vidare i ei positiv retning.

Utdanninga skal til ei kvar tid vere i tråd med krav frå styresmaktene når det gild vurdering av lovpålagde krav som arbeidsmiljølov og helse, miljø og tryggleik (HMT)-forskrifter. Studenten skal etter fullført utdanning vere i stand til å lage, følgje og forbetre kvalitetssikringssystemet i bedrifta. Studenten skal kunne utarbeide gode og trygge prosedyrar for arbeidsoppgåver i bedrifta.

Utdanninga skal tilby ei oppdatert fagleg opplæring med innsikt i prinsipp som vert brukt for å oppnå effektiv og sikker produksjon. Det vert lagt vekt på bransjekunnskap, prosjektforståing og prosjektleiing. Utdanninga skal sikre at studenten kan kommunisere med medarbeidarar med eit fagleg og presist språk. Studenten skal òg kunne kommunisere tydeleg med bedrifta sin omgivnad, og studenten skal kunne bruke digitale verktøy.

Ein fagteknikar skal vere i stand til å utføre oppgåvene innanfor gildande krav og spesifikasjonar, og rettleie andre dersom arbeidet ikkje er slik at det vert tilfredsstillande utført.

Studenten skal kunne vere med på å utvikle nye produkt med betre materialeigenskapar, og kjenne bransjen si utvikling innan materialomforming og energiprosessar. For å kunne bidra i denne utviklinga må ein fagteknikar ha solid praksis og oppdatert teoretisk utdanning for å kunne løyse oppgåver innanfor fleire teknologiar som stadig er i utvikling.

Utdanninga skal gi rom for at studenten får utvikle seg. Gjennom emna får studenten eit godt fundament i prosjekt- og kvalitetsstyring, tilverknads- og konstruksjonsteknikk, verkstadteknisk automatisering og dataassistert konstruksjon. Gjennom prosjektarbeid og hovudprosjekt vert det lagt vekt på å utvikle evnene til å kombinere teoretiske og praktiske ferdigheiter. Målet er at ein kan følgje ein konstruksjon frå idé til ferdig produkt.

Læringsutbyte

Kunnskapsdepartementet har fastsett "Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR). Ei toårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.2 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne LUB.

Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om vedlikehaldsrutinar, konstruksjon, berekning, termodynamikk og automasjonsprosessar innanfor maskinteknikk
  • kan vurdere eige arbeid i høve til gjeldande normer, standardar og krav innan maskinteknikk
  • har kunnskap om materialomforming og energi- og produksjonsprosessar generelt og kan dermed arbeide i ei rekkje ulike bransjar
  • kan oppdatere dei yrkesfaglege kunnskapane sine innan maskinteknikk
  • kjenner til teknikk og industriell produksjon si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheter

Studenten:

  • kan gjere greie for sine faglege val innanfor gjeldande standardar, direktiv, normer og føreskrifter
  • kan konstruere, visualisere og utarbeide produksjonsunderlag tilpassa ulikt produksjonsutstyr
  • kan planlegge og utføre arbeidet etter bransje- og myndigheitskrav, kvalitetssikringssystem/HMT og slik ivareta eigen og andre sin tryggleik
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid enten det gjeld planlegging, produksjon eller dokumentasjon, og kan justere dette under rettleiing
  • kan finne, vise til og vurdere informasjon og fagstoff med maskinteknisk relevans
  • kan kartlegge og identifisere problemstillingar, og sette i verk tiltak i eit maskinteknisk system

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver på maskinteknisk anlegg, åleine eller i team/gruppe, innanfor gjeldande føreskrifter og normer, i tråd med etiske krav og retningslinjer, og ut frå eit miljøperspektiv
  • kan arbeide i team som har ansvar for dokumentasjon, tryggleik, kvalitet, økonomi og teknikk i fleire fag
  • kan bygge relasjonar med fagfolk frå andre bransjar og andre eksterne grupper
  • kan utveksle synspunkt med andre som har maskinteknisk bakgrunn og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis og leiing
  • kan bidra til utvikling av organisasjonen saman med under- og overordna personale, og med samarbeidande bransjar

Opptak

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

For studium maskinteknikk kvalifiserer følgjande fagbrev til opptak:

  • Anleggsrørleggerfaget
  • Automatiseringsfaget
  • Bokbinderfaget
  • Boreopratørfaget
  • Brønnfaget, elektrisk kabeloperasjoner
  • Brønnfaget, havbunnsinstallasjoner
  • Brønnfaget, kveilerøroperasjoner
  • Brønnfaget, mekaniske kabeloperasjoner
  • Brønnfaget, sementering
  • Fjernstyrte undervannsoperasjoner
  • Matrosfaget
  • Røyrleggerfaget
  • Smedfaget
  • Ventailasjon- og blekkslagarfaget
  • Gjørtlarfaget
  • Gjenvinningsfaget
  • Grafisk produksjonsteknikk
  • Industrisømfaget
  • Industrisnekkerfaget
  • Kjemiprosessfaget
  • Laboratoriefaget
  • Modellbyggjarfaget
  • Truck- og liftmekanikerfagbrev
  • Aluminiumskonstruksjonsfagbrevet
  • Anleggsmaskinmekanikerfagbrevet
  • Bilfag, lett kjøretøy
  • Bilfag, tungt kjøretøy
  • Billakkerarfaget
  • Bilskadefaget
  • Chassispåbyggjarfaget
  • CNC-maskineringsfaget
  • Dimensjonsjonskontollfaget
  • Finmekanikarfaget
  • Hjulutrustningsfaget
  • Industriell overflatebehandling
  • Industrimekanikerfaget
  • Industrimontørfaget
  • Industrioppmålingsfaget
  • Industrirøyleggjarfaget
  • Komposittbåtbyggjarfaget
  • Kran og – løfteoprasjonsfaget
  • Landbruksmaskinmekanikerfaget
  • Låsesmedfaget
  • Maritim innredning
  • Motormannfaget
  • Motormekanikerfaget
  • Motorsykkelfaget
  • NDT-kontrollørfaget
  • Plastmekanikerfaget
  • Platearbeiderfaget
  • Polymerkomposittfaget
  • Produksjonsteknikkfaget
  • Reservedelsfaget
  • Støyperifaget
  • Sveiserfaget
  • Termoplastfaget
  • Verktøymakarfaget

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Utdanninga vert gjennomført over tre år som eit nettbasert studium med samling og gjer 120 studiepoeng. 120 studiepoeng tilsvarar ein toårig utdanning på heiltid.

Utdanninga er bygd opp av emne. Emna består av fleire tema. Kvart emne vert tildelt studiepoeng etter den relative vektinga det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte i utdanninga. 

Timebelastninga for eit studium på heiltid er 1700 timar per studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane.

Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.

Arbeidsmengde i Maskinteknikk Førde, nettbasert studium

EmnebeskrivelseEgenstyrt
aktivitet
Timeplanfesta
timer
Sum
65TX00A E1 Realfagleg reiskap44234476
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon25528283
65TT04K E5 Prosessteknikk29541336
65TT04J E4 Prosjekt- og kvalitetsleiing36357420
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)24934283
65TT04L E6 Mekanikk og dokumentasjon24634280
65TT04M E7 Automatisering og produksjon43767504
65TT04R E9 DAK og design28848336
65TT04Q E8 Konstruksjonsteknikk og berekning30060360
65TX00D E10 Hovudprosjekt28010290
Sum31554133568

Maskinteknikk Førde, nettbasert studium

Læringsformer

Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der lærer føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.

Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.

Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien og det skaper gode diskusjonar i klassen. Vi bygger på denne måten opp det som er særprega ved fagskuleutdanninga.

I vårt arbeid som læringsleiar vil mange undervisningsformer og læringsaktivitetar verte brukte. Prinsippet om variasjon i undervisninga gjer at vi nyttar mange læringsaktivitetar. Studentane får høve til å medverke når læringsaktivitetane vert bestemt. Det faglege innhaldet i undervisninga vil i mange høve styre læringsaktiviteten.

I nettstudie med samling nyttar vi dei pedagogiske prinsippa vi har skissert over. Vi nyttar digital kommunikasjon for å gjennomføre læringsaktivitetane i periodane utanom samling. Det vert lagt vekt på rettleiing og oppfølging gjennom dialog.

Undervisningsformer

Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. Arbeidskrav inngår i den formative delen av læreprosessen.

Arbeidskrav kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, refleksjonsnotat og medstudentvurdering av refleksjonsnotat.

Faglærar vurderer arbeidskrava. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrav som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende.

Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent. Studentane har høve til å kontakte lærar før innleveringsfristen. Lærar kan i slike tilfelle lage avtalar med studentane. Til vanleg vert det gitt fleire oppgåver enn det som er arbeidskrav. På denne måten kan studenten oppnå det tal arbeidskrav som vert kravd i emnet.

Hovudprosjekt er ein sentral del av studiet. Studentane vil møte prosjekt som arbeidsform når dei skal ut i arbeidslivet. Hovudprosjektet vil difor bli god trening og eit nyttig reiskap.

Sjølv om hovudprosjektet skal vere sjølvvalt, ønskjer Fagskulen at studentane i størst mogleg grad samarbeider med næringslivet. Det skaper større realisme og gjer prosjektet meir relevant.

Prosjektoppgåva skal uansett knytast mot aktuelle tema i næringslivet.

Rettleiing

Prosjektgruppene er sjølv ansvarlege for gjennomføring av prosjektet. Dei har høve til å få rettleiing av lærar i hovudprosjekt-emnet og i noko grad av faglærarane i øvrige emne.

Lærarane har rolle som rettleiarar. Kvar enkelt student må ta sjølvstendige avgjersle til beste for gruppa. Eksterne personar i næringslivet kan nyttast ved behov.

Vurdering

Vurdering ved Fagskulen Vestland har fleire mål. Vurderinga skal kunne måle kompetansen til studentane og fremje læring.

Når vurderinga skal måle kompetanse vert omgrepet sluttvurdering nytta. Sluttvurderinga skal måle kompetansen på slutten av undervisning av eit emne. For å måle kompetanse nyttar vi mellom anna eksamen (skriftleg og munnleg), heildagsprøve, vurderingsmappe, prosjektoppgåver, gruppeoppgåver, innleveringar og liknande.

Når vurdering vert nytta som reiskap for at studentane skal lære meir er det ei formativ vurdering eller ei undervegsvurdering. Denne vurderinga skal vere slik at studentane kan nytte vurderingane til å oppdatere seg og arbeide med dei områda der dei har manglande kompetanse. Vurderinga skal vere retta mot kva studenten kan gjere betre. På denne måten vert vurdering ei rettleiing for studentane. Denne forma for vurdering vert nytta mellom anna i vurderingssituasjonar som tradisjonelle prøver, oppgåver, prosjektarbeid, gruppeoppgåver, innleveringar, fagsamtalar, framføringar, læringsnotat og refleksjonsnotat. Vurderinga kan vere både skriftleg og munnleg. I mange samanhengar gir det godt utbytte for studenten at det vert nytta skriftleg tilbakemelding som vert følgt opp munnleg.

Når vurdering skal vere ein læringsmetode vert omgrepet «vurdering som læring» nytta. Typisk for denne vurderinga er at studentane vurderer sitt eige arbeid eller medstudentar sitt arbeid. Noko av dei mest effektive læringsmetodane er når studentar skal sette seg inn i andre studentar sitt arbeid og gi vurdering av dette arbeidet. Når studenten skal forklare medstudentane sitt arbeid oppstår det ofte gode drøftingar og refleksjonar.

Ved å nytte vurdering som metode ønskjer vi at studentane skal kunne lære like mykje av kvarandre som av læraren. Vi ønskjer med dette å fremme ein aktivitet som gjer studenten medviten om sin eigen kompetanse. På denne måten vert læringa meir effektiv.

Sluttvurdering

Studentane får èin karakter for kvart emne. Emnekarakter gir utrykk for kompetanse som er oppnådd i ulike vurderingssituasjonar i emnet.

I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten etter læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte studieplanen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.

Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma i emnet er ein eksamen, vert det i tillegg oppnemnde ein medsensor.

Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.

Eksamen kan brukast som vurderingsform inn mot ein emnekarakter. Studentane skal sikrast ei upartisk vurdering av kunnskapar og ferdigheiter. Ein fagkyndig person vert oppnemnd som medsensor.

Vurdering vert gjennomført slik at fagskulen kan vurdere på eit sikkert grunnlag om studenten har nådd læringsutbyttet i studieplanen for utdanninga, jf. fagskoleloven § 21 første ledd.

Det skal nyttast bokstavkaraktar frå A til F. Karakteren A er beste karakter, og F inneber at emnet eller eksamen ikkje er bestått.

 

Sluttdokumentasjon

Fullført og bestått fagskuleutdanning på 120 stp gir vitnemål og ein høgare fagskulegrad.

Vitnemålet skal innehalda:

  • Emne som inngår i utdanninga.
  • Omfang av emne og oppnådd karakter.
  • Overordna læringsutbytte.
  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
  • Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
  • Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.

Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.

 Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.

Pensumliste

Maskinteknikk Førde, nettbasert studium

EmnebeskrivelsePensumliste
65TX00A E1 Realfagleg reiskap

Ekern, T. & Guldahl, Ø. & Holst, E. (2008) Matematikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2009) Fysikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Kalkulator

Casio FX-9860GIII

Tabellar

Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabeller. Oslo, Gyl- dendal.

Tilrådd litteratur

Ekern, T., Guldahl, Ø. & Holst, E. (2016) Matematikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2018) Fysikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon

Norsk

Federl, Marion og Arve Hoel (2020): Norsk for fagskolen, 3. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Hellevik, Alf m. fl., 2012: Nynorsk ordliste. Oslo: Samlaget.

Hjulstad, Håvard og Sødal, Lars, 2008: Bokmålsordliste. Oslo: Samlaget.

 

Engelsk

Ytterdal, Marianne Roald (2020): Crossover – Practical and Technical English, 4. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Haslerud, Vibecke og Henriksen, Petter (red.), 2007: Engelsk blå ordbok. Engelsk - norsk / norsk engelsk.

Oslo: Kunnskapsforlaget.

65TT04K E5 Prosessteknikk

Lærebøker
Johannessen, K. (2014) Teknisk termodynamikk med strømningslære. 1.utg. Bergen, Fagbokforlaget.
Boye, A. C. (2009) Kjemi og miljølære. 4. utg. Oslo, Gyldendal.
Grøndalen, Ø. (2002) Materiallære. 1. utg. Oslo, Fagbokforlaget. (heile boka).

Tabellar
Hartvigsen, H. & Lorentsen, R. & Michelsen, K. & Seljevoll, S. (2006) Verkstedhandboken. 6. utg. Oslo, Gyldendal.
Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabellar. 7. utg. Oslo, Gyldendal.

65TT04J E4 Prosjekt- og kvalitetsleiing

Brustad, R. & Jarle, I. (2001) Prosjektstyring. 1. utg. Oslo, Gyldendal.
Pedersen, P. Å. (2010) Kvalitetssikring - et ledd i verdiskapingen. 3. utg. Oslo, NKI Forlaget.
Helbostad, A. G. (2014) HMS Innføring i systematisk helse-, miljø - og sikkerhetsarbeid. 3. utg. Drammen, Vett & Viten AS.

65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024609

Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024678

 

65TT04L E6 Mekanikk og dokumentasjon

Lærebøker
Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget. Kolstad, O. AutoCad siste utgåve. Oslo, Gyldendal.
Kolstad, O. AutoCad siste utgåve. Oslo, Gyldendal.

Tabellar
Hartvigsen, H. & Lorentsen, R. & Michelsen, K. & Seljevoll, S. (2006) Verkstedhandboken. 6. utg. Oslo, Gyldendal.
Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabellar. 7. utg. Oslo, Gyldendal.

65TT04M E7 Automatisering og produksjon

Lærebøker
Corneliussen, R. G. (2000) Tilvirkingsteknikk. 1. utg. Oslo, Fagbokforlaget.
Lund, A. & Rolfsnes, N. A. (2001) Termodynamikk for maskinfag. 1. utg. Oslo, Fagbokforlaget.

Oppslagsverk
Hanssen, D. H. (2010) Programmerbare Logiske Styringer - basert på IEC 61131-3. 3. utg. Oslo, Tapir Akademisk Forlag.
BOSCH Automasjon (1999) Hydraulikk i teori og praksis. 1. utg. Oslo, Yrkesopplæring ans.

Tabellar
Hartvigsen, H. & Lorentsen, R. & Michelsen, K. & Seljevoll, S. (2006) Verkstedhandboken. 6. utg. Oslo, Gyldendal.
Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabellar. 7. utg. Oslo, Gyldendal.

65TT04R E9 DAK og design

Lærebok
Hansen, J. mfl. (2010) Tegning og dokumentasjon med AutoCAD Inventor. 1. utg. Oslo, Gyldendal.

65TT04Q E8 Konstruksjonsteknikk og berekning

Utdelte kompendium.

Tabellar
Hartvigsen, H. & Lorentsen, R. & Michelsen, K. & Seljevoll, S. (2006) Verkstedhandboken. siste utg. Oslo, Gyldendal.
Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabellar. 7. utg. Oslo, Gyldendal.

65TX00D E10 Hovudprosjekt