Bygg Førde

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieform
      Deltid
    • Startsemester
      2024 Haust

Bygg Førde

Om studiet

Bygg- og anleggsbransjen er ein stor og viktig bransje. Det er stort behov for fagteknikarar som kan berekne, planlegge og koordinere produksjon, innkjøp og person- og maskinressursar innan bygg- og anleggsprosjekt. Det gjeld både nye prosjekt, omlegging/ombygging av eksisterande bygg og anlegg og restaurering.

Fagskulen er ei sjølvstendig to-årig utdanning som byggjer på studentane sin relevante kompetanse, enten realkompetanse eller fagbrev. Utdanninga er for deg som har yrkesfagleg utdanning innan bygg og anlegg, eller har arbeidd innanfor bransjen, og som no ønskjer meir formell kompetanse eller har leiarambisjonar.

Mange nyutdanna fagteknikarar går rett inn i mellomleiarstillingar eller ingeniørstillingar. Det skjer mykje på grunn av kombinasjonen av den praktiske bakgrunnen og den teoretiske utdanninga fagskulestudentane gjennomfører. Dei kan såleis gå inn i stillingar etter utdanning utan ein større opplæringsperiode som ingeniørstudentar utan praktisk bakgrunn ofte må ha. Personar med fagskuleutdanning er særleg ettertrakta i entreprenørverksemder. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å møte utfordringar ein som fagleg ansvarleg står overfor i sitt arbeid. Arbeidsgivarane legg vekt på kombinasjonen av kunnskap om leiing, økonomi, helse, miljø og tryggleik (HMT) i tillegg til kunnskap om bygg- og anleggsteknikk.

Fagretninga bygg og anlegg på fagskulenivå er ei utdanning for handtverkarar innan bygg- og anleggsbransjen. Dei viktigaste arbeidsområda for ein fagskuleutdanna innan bygg og anlegg er entreprenørverksemd, kommune og eigne bedrifter. Utdanninga kvalifiserer til stillingar i privat og offentleg sektor. Utdanninga tilfredsstiller krava som gjeld teori, for å søkje om meisterbrev.

Læringsutbyte

Kunnskapsdepartementet har fastsett "Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR). Ei toårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.2 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne LUB.

Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.

 

Kunnskap

Studenten:

  •  har kunnskap om omgrep og teoriar som vert brukt i bygge- og anleggsbransjen innan berekningsfag, leiing, økonomistyring, marknadsføring, planlegging, geomatikk og HMT
  • har kunnskap om digitale og analoge verktøy som vert nytta i bygge- og anleggsbransjen ved prosjektering og utføring, som teikneprogram, planleggingsverktøy og landmålingsutstyr
  • har kunnskap om dei ulike prosessane som går føre seg i eit bygge- eller anleggsprosjekt og grensesjikt til andre bransjar som elektro og vvs
  •  har kunnskap om korleis ein ved god planlegging kan effektivisere eit prosjekt
  • har kunnskap til å vurdere eige arbeid i høve til lover, forskrifter og regelverk i bygge- og anleggsbransjen
  •  har kunnskap om bygge- og anleggsbransjen og kva yrket inneber, og kan med denne bakgrunn leie og følgje opp eit bygge- eller anleggsprosjekt når det gjeld planlegging, utføring, økonomi og HMT
  • har kunnskap om ulike bygningsmateriale sine eigenskapar, og kan utføre berekningar på konstruksjonar av tre, stål og betong
  • kan oppdatere kunnskap når det gjeld endringar og nyvinningar innan bygg og anlegg ved å delta på aktuelle kurs og å følgje med i fagmiljøet og fagtidskrifter
  • har kunnskap om bygge- og anleggsbransjens historie og tradisjonelle byggemetodar, verktøy og materiale, som er naudsynt ved arbeid på eller ved verneverdige bygg eller anlegg
  • har innsikt i moglegheiter for fagleg utvikling innan bygge- og anleggsfaget

Ferdigheter

Studenten:

  •  kan gjere greie for val av materialer og metodar for utføring etter gjeldande lover, forskrifter og regelverk i bygge- og anleggsbransjen
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving når det gjeld prosjektering, utføring og kontroll av bygningskonstruksjonar, og kan justere eige arbeid under rettleiing
  • kan reflektere over HMT, kvalitetssikring og eiga fagleg utøving for å oppnå eit godt arbeidsmiljø i bygge- og anleggsbransjen
  •  kan gjere greie for faglege val av materiale og utføringsmetodar som sikrar trygge, varige og sunne bygg og anlegg
  • kan finne og syne til informasjon og fagstoff, og kan vurdere relevansen det har for byggeprosjekt
  • kan kartlegge ein bygge- eller anleggsplass og identifisere faglege problemstillingar og vurdere behov for å setje i verk tiltak
  • kan administrere ein bygge- eller anleggsprosess gjennom planlegging, økonomistyring, personalleiing, kontraktsoppfølging og HMT

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan prosjektere og utføre byggeprosjekt både som ansvarleg leiar og som deltakar i gruppe i tråd med gjeldande lover, forskrifter, regelverk og etiske krav i byggebransjen
  • kan utveksle synspunkt med andre innan bransjen, eller samarbeidande bransjar, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis i oppføring av varige og velfungerande bygg og anlegg
  • kan bidra til å utvikle prosedyrer og kvalitetssystem for ein bedrift innan byggenæringa
  • kan brukast som mellomledd mellom leiarar og arbeidarar ved å bruke praktisk bakgrunn og sine teoretiske kunnskapar i byggeprosjekt
  • kan bygge relasjonar med fagfeller i byggebransjen, med samarbeidande bransjar, og med byggherrar og styresmakter for å utvide eigen kunnskap
  • kan prosjektere og leie utføringa av større og mindre byggeprosjekt etter kundebehov
  •  kan planlegge og leie gjennomføringa av vedlikehaldsarbeid i samarbeid med eigarar og bygningsstyresmakter

Opptak

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

For studium bygg kvalifiserer følgjande fagbrev til opptak:

  • Anleggsmaskinførarfaget
  • Asfaltfaget
  • Banemontørfaget
  • Betongfaget
  • Byggdriftarfaget
  • Feiarfaget
  • Fjell- og bergverksfaget
  • Forskalingssnekkar
  • Glasfaget
  • Industrimålarfaget
  • Isolatørfaget
  • Limtreproduksjonsfaget
  • Målarfaget
  • Murarfaget
  • Røyrleggjarfaget
  • Steinfaget
  • Stillasbyggjarfaget
  • Tak- og membrantekkjarfaget
  • Trelastfaget
  • Trevare- og bygginnreiingsfaget
  • Tømrarfaget
  • Veg- og anleggsfaget
  • Ventilasjons- og blekkslagarfaget

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Utdanninga har ei gjennomføringsmodell

 

  • Utdanninga er på 120 studiepoeng som svarar til ein toårig heiltidsutdanning. Ho vært gjennomført over tre år som nettbasert studieum med samling.

Utdanninga er bygd opp av emne. Emna består av fleire tema. 

Dei tre første emna har ein definert som reiskapsemne. Resten er tekniske emne, og til slutt eit prosjektemne. Strukturen i emna på utdanninga følgjer den nasjonale standarden som Nasjonalt utvalg for teknisk fagskoleutdanning (NUTF) har utarbeidd.

Timebelastninga for eit studium på heiltid er 1700 timar per studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane.

Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.

Arbeidsmengde i Bygg Førde, nettbasert studium med samling

EmnebeskrivelseEgenstyrt
aktivitet
Timeplanfesta
timer
Sum
65TX00A E1 Realfagleg reiskap44234476
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon25528283
65TB00D E4 Byggeprosess29644340
65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar19829227
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)24934283
65TB00E E6 Byggesaken24736283
65TB01S E8 Drift/produksjon bygg m/fagleg leiing44862510
65TB01R E7 Konstruksjon bygg m/fagleg leiing32048368
65TB01T E9 Bygningsfysikk24241283
65TX00D E10 Hovudprosjekt28010290
65TB01U E11 BIM24241283
Sum32194073626

Bygg Førde, nettbasert studium med samling

Læringsformer

I vårt arbeid som læringsleiar vil mange undervisningsformer og læringsaktivitetar verte brukte. Prinsippet om variasjon i undervisninga gjer at vi nyttar mange læringsaktivitetar. Studentane får høve til å medverke når læringsaktivitetane vert bestemt. Det faglege innhaldet i undervisninga vil i mange høve styre læringsaktiviteten.

I nettstudie med samling nyttar vi dei pedagogiske prinsippa vi har skissert over. Vi nyttar digital kommunikasjon for å gjennomføre læringsaktivitetane i periodane utanom samling. Det vert lagt vekt på rettleiing og oppfølging gjennom dialog.

Undervisningsformer

Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der lærer føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.

Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.

Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien og det skaper gode diskusjonar i klassen. Vi bygger på denne måten opp det som er særprega ved fagskuleutdanninga.

Vurdering

Vurdering ved Fagskulen Vestland har fleire mål. Vurderinga skal kunne måle kompetansen til studentane og fremje læring.

Når vurderinga skal måle kompetanse vert omgrepet sluttvurdering nytta. Sluttvurderinga skal måle kompetansen på slutten av undervisning av eit emne. For å måle kompetanse nyttar vi mellom anna eksamen (skriftleg og munnleg), heildagsprøve, vurderingsmappe, prosjektoppgåver, gruppeoppgåver, innleveringar og liknande.

Når vurdering vert nytta som reiskap for at studentane skal lære meir er det ei formativ vurdering eller ei undervegsvurdering. Denne vurderinga skal vere slik at studentane kan nytte vurderingane til å oppdatere seg og arbeide med dei områda der dei har manglande kompetanse. Vurderinga skal vere retta mot kva studenten kan gjere betre. På denne måten vert vurdering ei rettleiing for studentane. Denne forma for vurdering vert nytta mellom anna i vurderingssituasjonar som tradisjonelle prøver, oppgåver, prosjektarbeid, gruppeoppgåver, innleveringar, fagsamtalar, framføringar, læringsnotat og refleksjonsnotat. Vurderinga kan vere både skriftleg og munnleg. I mange samanhengar gir det godt utbytte for studenten at det vert nytta skriftleg tilbakemelding som vert følgt opp munnleg.

Når vurdering skal vere ein læringsmetode vert omgrepet «vurdering som læring» nytta. Typisk for denne vurderinga er at studentane vurderer sitt eige arbeid eller medstudentar sitt arbeid. Noko av dei mest effektive læringsmetodane er når studentar skal sette seg inn i andre studentar sitt arbeid og gi vurdering av dette arbeidet. Når studenten skal forklare medstudentane sitt arbeid oppstår det ofte gode drøftingar og refleksjonar.

Ved å nytte vurdering som metode ønskjer vi at studentane skal kunne lære like mykje av kvarandre som av læraren. Vi ønskjer med dette å fremme ein aktivitet som gjer studenten medviten om sin eigen kompetanse. På denne måten vert læringa meir effektiv.

Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. Arbeidskrav inngår i den formative delen av læreprosessen.

Arbeidskrav kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, refleksjonsnotat og medstudentvurdering av refleksjonsnotat.

Faglærar vurderer arbeidskrava. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrav som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende.

Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent. Studentane har høve til å kontakte lærar før innleveringsfristen. Lærar kan i slike tilfelle lage avtalar med studentane. Til vanleg vert det gitt fleire oppgåver enn det som er arbeidskrav. På denne måten kan studenten oppnå det tal arbeidskrav som vert kravd i emnet.

Hovudprosjekt er ein sentral del av studiet. Studentane vil møte prosjekt som arbeidsform når dei skal ut i arbeidslivet. Hovudprosjektet vil difor bli god trening og eit nyttig reiskap.

Sjølv om hovudprosjektet skal vere sjølvvalt, ønskjer Fagskulen at studentane i størst mogleg grad samarbeider med næringslivet. Det skaper større realisme og gjer prosjektet meir relevant.

Prosjektoppgåva skal uansett knytast mot aktuelle tema i næringslivet.

Rettleiing

Prosjektgruppene er sjølv ansvarlege for gjennomføring av prosjektet. Dei har høve til å få rettleiing av lærar i hovudprosjekt-emnet og i noko grad av faglærarane i øvrige emne. I tillegg får studentane utlevert ei rettleiande prosjekthandbok.

Lærarane har rolle som rettleiarar. Kvar enkelt student må ta sjølvstendige avgjersle til beste for gruppa. Eksterne personar i næringslivet kan nyttast ved behov.

 

Sluttvurdering

I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten etter læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte emnebeskrivelsen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.

Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma i emnet er ein eksamen, vert det i tillegg oppnemnde ein medsensor.

Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.

Eksamen kan brukast som vurderingsform inn mot ein emnekarakter. Studentane skal sikrast ei upartisk vurdering av kunnskapar og ferdigheiter. Ein fagkyndig person vert oppnemnd som medsensor.

Vurdering vert gjennomført slik at fagskulen kan vurdere på eit sikkert grunnlag om studenten har nådd læringsutbyttet i studieplanen for utdanninga, jf. fagskoleloven § 21 første ledd.

Det nyttast bokstavkaraktar frå A til F. Karakteren A er beste karakter, og F inneber at emnet eller eksamen ikkje er bestått.

 

Sluttdokumentasjon

Fullført og bestått fagskuleutdanning på 120 stp gir vitnemål og ein høgare fagskulegrad.

Vitnemålet skal innehalda:

  • Emne som inngår i utdanninga.
  • Omfang av emne og oppnådd karakter.
  • Overordna læringsutbytte.
  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
  • Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
  • Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.

Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.

 Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.

 

Pensumliste

Bygg Førde, nettbasert studium med samling

EmnebeskrivelsePensumliste
65TX00A E1 Realfagleg reiskap

Ekern, T. & Guldahl, Ø. & Holst, E. (2008) Matematikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2009) Fysikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Kalkulator

Casio FX-9860GIII

Tabellar

Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabeller. Oslo, Gyl- dendal.

Tilrådd litteratur

Ekern, T., Guldahl, Ø. & Holst, E. (2016) Matematikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2018) Fysikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon

Norsk

Federl, Marion og Arve Hoel (2020): Norsk for fagskolen, 3. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Hellevik, Alf m. fl., 2012: Nynorsk ordliste. Oslo: Samlaget.

Hjulstad, Håvard og Sødal, Lars, 2008: Bokmålsordliste. Oslo: Samlaget.

 

Engelsk

Ytterdal, Marianne Roald (2020): Crossover – Practical and Technical English, 4. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Haslerud, Vibecke og Henriksen, Petter (red.), 2007: Engelsk blå ordbok. Engelsk - norsk / norsk engelsk.

Oslo: Kunnskapsforlaget.

65TB00D E4 Byggeprosess

Lærebøker E4 Byggeprosess

Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.

Espedal, K. J. (2022) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com

 Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

Lærebøker E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

Lærebok i materialkunnskap vert opplyst om ved studiestart.

Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024609

Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024678

 

65TB00E E6 Byggesaken

Lærebøker E6 Byggesaken

Bua K., Digernes, A. & Hansen, V. M. (2019) Byggesaken. 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget AS.

Thune, T.E. (2020) Kvalitetsstyring og HMS i bygg og anlegg. Oslo, Byggenæringens forlag AS.

J.Karlsen (2023)Byggesaksboka for ansvarlig søker og byggsakstudenter .www.byggesaken.no

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no
 

65TB01S E8 Drift/produksjon bygg m/fagleg leiing

Karlsen, J. (2021) Byggeprosessboka. Oslo, Byggesaken.no. Bestillast på internett www.byggesaken.no Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.

Juliebø, E.& Rolfsen, C.N. (2009) Forvaltning, drift, vedlikehold og utvikling av bygg. 4. utg. Oslo, Gyldendal norsk forlag AS.

J. Karlsen. Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. Kan bestillas på internett www.byggesaken.no

Bua, K. og Digernes A. (2019) Byggesaken. 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget, Skagerrak forlag AS.

 

Tryti, H.A., (2021) Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. Bestillast på internett www.byggesaken.no.

 

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB01R E7 Konstruksjon bygg m/fagleg leiing

J. Eie (2012). Trekonstruksjoner : beregning og dimensjonering. 3 utg. NKI forlag, Bekkestua.

J. Eie (2010). Stålkonstruksjoner. 2 utg. NKI forlag. Bekkestua.

J. Eie (2018). Konstruksjonslære - grunnlag for dimensjonering - Last og sikkerheit. 3 utg. NKI forlag, Oslo

S.I. Sørensen (2020). Betongkonstruksjoner for teknisk fagskole. 1 utg. Fagbokorlaget. Bergen. Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget.

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB01T E9 Bygningsfysikk

Espedal, K.J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TX00D E10 Hovudprosjekt
65TB01U E11 BIM

Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com

BygningsInformasjonsModellering (BIM) for byggfag – Fundamentering, bygningsstrukturer og infrastruktur

Planlegging, administrasjon og oppfølging av BIM prosjekter

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no