Energieffektivisering og automasjon i bygg - 2026 Haust

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      40
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Nettbasert studium
    • Studieform
      Deltid
    • Startsemester
      2026 Haust

Energieffektivisering og automasjon i bygg

Om studiet

Bygg står for ein stor del av den samla energibruken i Noreg. Difor spelar bygg ei nøkkelrolle i arbeidet med å redusere energibruken og bidra til berekraftige løysingar. For å nå målsetjingar om lågare energibruk i bygg, krev det at framtidas bygg blir planlagde, drifta og optimaliserte med god kompetanse på energibruk, energiflyt og tekniske løysingar. 

Dagens bygg er i aukande grad utstyrte med komplekse tekniske anlegg og avanserte styringssystem. Dette krev fagfolk som forstår korleis systema er bygd opp og verkar, har kunnskap om energibruk og energiflyt, og som ser korleis dei tekniske installasjonane heng saman og kan styrast for å redusere energibruken utan å svekke inneklimaet. Behovet for slik kompetanse aukar, ettersom energibruk og klimavenlege løysingar får stadig større merksemd i tråd med nasjonale og internasjonale føringar for berekraftig utvikling. 

Studiet Energieffektivisering og automasjon i bygg er ei sjølvstendig eittårig utdanning som byggjer på studentane sin relevante kompetanse, anten realkompetanse, fagbrev, tidlegare fagskuleutdanning eller høgare utdanning innan tekniske fag. Studiet er utvikla i samarbeid med næringslivet gjennom samarbeidsavtalar og deltaking i fagråd. Det har og vore ein studentrepresentant med i fagrådet.

Målet med studiet er å styrke kompetansen til studentane innan energibruk, energiflyt og energieffektivisering, samtidig som dei får innsikt i korleis automatisering i bygg er bygd opp og verkar. Studiet legg vekt på korleis god bruk av automatisering og optimal drift av tekniske anlegg kan redusere energibruken og sikre eit stabilt og godt inneklima. Studiet skal gi bransjen fagfolk som kan bidra til redusert energibruk og samtidig sikre godt og stabilt inneklima i bygg.

Læringsutbyte

Kunnskapsdepartementet har fastsett "Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR).  Ei eittårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.1 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne LUB.  

Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning. 

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om prinsipp for energi, varme og varmetap, og korleis desse verkar inn på energiflyten i bygningar
  • har kunnskap om energibehov og berekraftige konsept for energieffektive bygg, inkludert gjeldande forskrifter, standardar, støtteordningar og samanhengen mellom energibruk og klimagassutslepp
  • har kunnskap om prinsipp og oppbygging av vassborne varme- og kjølesystem, og korleis desse påverkar energibruk og inneklima i bygg
  • har kunnskap om prinsipp og metodar for energivurdering av tekniske anlegg, og for korleis energioppfølging og ENØK-tiltak kan nyttast til å optimalisere drift og redusere energibruk i bygg
  • har kunnskap om oppbygging, funksjon og bruk av sentral driftskontroll (SD-anlegg), og korleis dette styrer tekniske anlegg i bygg
  • har innsikt i grunnleggande reguleringsteknikk, bussystem og grensesnitt mellom feltutstyr, automasjonsnivå og toppsystem for automatiserte anlegg i bygg
  • har kunnskap om korleis dei ulike tekniske anlegga i bygg samhandlar og påverkar kvarandre
  • har kunnskap om prinsipp, metodar og standardar for tilstandsanalyse av bygg, og korleis resultat frå undersøkingar kan nyttast til prioritering og planlegging av vedlikehald
  • har innsikt i korleis LCC, digitalisering og bruk av digitale tvillingar kan støtte dokumentasjon, overvaking og berekraftig vedlikehaldsplanlegging av bygg

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke faglege verktøy og modellar for å analysere energibruk i bygg samt identifisere tiltak for energieffektivisering
  • kan bruke styringsstrategiar for tekniske anlegg som reduserer energibruk og samtidig opprettheld godt inneklima
  • kan bruke relevante digitale verktøy for energiberekning, simulering og dokumentasjon
  • kan planleggje og gjennomføre tilstandsanalyse av bygg etter gjeldande standardar, og utarbeide vedlikehaldsplanar
  • kan kartlegge og identifisere problemstillingar knytt til energibruk og automatiserte anlegg i bygg for å sjå om det er nadsynt å setje i verk tiltak

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan delta i tverrfagleg samarbeid for å optimalisere energibruk og automasjonsløysingar i tekniske anlegg i bygg
  • kan kommunisere faglege vurderingar og bidra til god praksis innanfor energirådgjeving, bygningsautomatisering og teknisk forvaltning
  • kan utvikle arbeidsmetodar som legg til rette for å skape heilskaplege løysingar med fokus på energieffektivisering og bruk av automasjon for å oppnå berekraftige løysingar for energibruk, drift og vedlikehald av bygg

Opptak

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev. 

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve. 

For studiet Energieffektivisering og automasjon i bygg gjeld relevante fagbrev/sveinebrev frå utdanningsprogrammet Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi samt Teknologi og industrifag. For oversikt fagbrev, sjå www.samordnaopptak.no

Formelle opptakskrav

Sjå aktuelle fagbrev på www.fagskulen.no og i www.samordnaopptak.no

Fagbrev som kvalifiserer til opptak

  • Bygg- og anleggsteknikk

    • Anleggsrøyrleggjarfaget
    • Betongfaget
    • Brannførebyggar
    • Byggdriftarfaget
    • Byggmontasjefaget
    • Industrimålarfaget
    • Isolatørfaget
    • Murar- og flisleggjarfaget
    • Målar- og overflateteknikkfaget
    • Røyrleggjarfaget
    • Snikkarfaget
    • Tak- og membrantekkjarfaget
    • Trelast- og limtreproduksjonsfaget
    • Tømrarfaget
    • Ventilasjons- og blekkslagarfaget
    • Feiarfaget
    • Isolatørfaget
    • Limtreproduksjonsfaget
    • Murarfaget
    • Målarfaget
    • Reinhaldsoperatørfaget
    • Stillasbyggjarfaget
    • Trelastfaget
    • Trevare- og bygginnreiingsfaget
  • Elektro og datateknologi

    • Automatiseringsfaget
    • Elektrikarfaget
    • Energimontørfaget
    • Heismontørfaget
    • Kulde- og varmepumpeteknikkfaget
    • Låsesmedfaget
    • Tavlemontørfaget
    • Ventilasjonsteknikkfaget
    • Viklarfaget
    • Kulde- og varmepumpemontørfaget
    • Viklar- og transformatormontørfaget
  • Naturbruk

    • Anleggsgartnarfaget
  • Service og samferdsel

    • IKT-driftsteknikerfaget
    • IKT-servicefaget
    • IKT-tjenesteutviklerfaget
  • Teknologi- og industrifag

    • Bilfaget, lette kjøretøy
    • Bilfaget, tunge kjøretøy
    • Industrimekanikarfaget
    • Industrimontørfaget
    • Industrirøyrleggjarfaget
    • Industrisnikkarfaget
    • Kjemiprosessfaget
    • Landbruksmaskinmekanikarfaget
    • Motormekanikarfaget
    • Chassispåbyggjarfaget
    • Gjenvinningsfaget
    • Grafisk emballasjefaget

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. 

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.  

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak. 

Organisering av studiet

Utdanninga er eit nettbasert studium med samlingar, den er på 40 studiepoeng og går over eitt og eit halvt år.  

Samlingane er digitale, og er på dagtid. Det er ni samlingar første år og fire samlingar siste halvåret. 

Utdanninga er bygd opp av emne. Emna består av fleire tema. Kvart emne vert tildelt studiepoeng etter den relative vektinga det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte i utdanninga. 

Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar i programmet Wiseflow.

Studentane får oppgåver dei skal arbeide med mellom samlingane, både individuelt og i gruppe. Lærarane er tilgjengelege på Teams mellom samlingane og studentane oppfordrast til å ta kontakt når dei treng hjelp. Mellom samlingane kan det avtalast veiledningsøktar på kveldstid.

Fagskulen Vestland har eit velfungerande studentdemokrati som ivaretar studentanes medvirkning, deira rettar og velferd, jf. fagskolelova §15.

For utdanninga er utdanningsleiar for byggavdelinga ved studiestad Førde utdanningsansvarleg, fagkoordinator for utdanninga er fagleg ansvarleg. Sjå dokumentasjon levert med søknad om akkreditering.

Arbeidsmengde i Energieffektivisering og automasjon i bygg

EmnebeskrivelseEigenstyrt
aktivitet
Timeplanfesta
timer
Sum
64TB45A Bygningsfysikk med energirådgjeving24241283
64TB45B Energibruk i bygg24040280
64TB45C Elektro og automatisering24040280
64TB45D Tilstandskartlegging og vedlikehaldsplanlegging av bygg12020140
64TB45E Byggautomasjon og integrasjon12020140
Sum9621611123
Energieffektivisering og automasjon i bygg

Energieffektivisering og automasjon i bygg

Læringsformer

I utdanninga vil mange undervisningsformer og læringsaktivitetar verte brukte. Prinsippet om variasjon i undervisninga gjer at vi nyttar mange læringsaktivitetar. Det faglege innhaldet i undervisninga vil i mange høve styre læringsaktiviteten. Vi nyttar digital kommunikasjon i undervising og rettleiing mellom samlingar.

Mellom anna nyttar vi desse undervisingsformane og læringsaktivitetane:  

  • gruppearbeid med refleksjonsnotat  

  • prosjektarbeid med tverrfagleg fokus  

  • førelesing  

  • praksisorientert undervising  

  • rettleiing  

  • individuelle arbeidsoppgåver  

  • presentasjonar 

Med utgangspunkt i studieplanen er det utarbeida obligatoriske læringsaktivitetar. Sjå emneplanane for meir informasjon.

Undervisningsformer

Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. 

Det er timeplanfesta timar med lærar i alle emne. Timeplan finn ein i Visma in School. 

I tillegg til timeplanfesta tid er det aktivitetar med og utan lærar mellom samlingane.

I omgrepet «Lærarstyrte aktivitetar mellom samlingar» legg vi både synkron og asynkron aktivitet. Dette kan vere gruppearbeid, diskusjonsforum i læringsplattformene, rettleiing både til enkeltstudentar, grupper og for klassen. Dei lærarstyrte aktivitetane bør støtte opp under kommunikasjon og dialog mellom lærar og studentar. 

Synkron aktivitet er aktivitet som går føre seg i nåtid, mens asynkron aktivitet er aktivitet som ikkje krev direkte samhandling, kor ein for eksempel ser eit opptak av ein forelesning, kommuniserer digitalt med lærar og studentar o.l.

Vurdering

Utganspunktet for all vurdering er læringsutbytteskildringane, både på overordna nivå og på emnenivå.  

Vurderingsform kjem an på formålet med vurderinga og variere mellom ulike emne. Sjå emneplan for meir informasjon.

Vurderingsuttrykket A til F vert nytta. 

I emna er det fastsett ulike obligatoriske læringsaktivitetar som studenten må gjennomføre for å kunne få sluttvurdering. 

Kva type vurdering og kva obligatoriske læringsaktivitetar som vert nytta i dei einskilde emna kjem fram av emneoversikta. 

Fagskulen Vestlands rutinar for vurdering følgjer Fagskolelova §2-5.

Sluttvurdering

Studentane får éin karakter for kvart emne. Emnekarakter gir utrykk for kompetanse som er oppnådd i ulike vurderingssituasjonar i emnet. 

Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i emneplanane. Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga.

Sluttdokumentasjon

Fullført og bestått fagskuleutdanning på 40 studiepoeng gir vitnemål.  

Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som viser fullførte og beståtte emne. 

Vitnemålet skal innehalda: 

  • Emne som inngår i utdanninga. 

  • Omfang av emne og oppnådd karakter. 

  • Overordna læringsutbytte. 

  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.1 og kvalifikasjon som vart oppnådd. 

  • Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng. 

  • Namn på utdanning. 

Omgrepet Vocational Diploma (VD) blir brukt på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt. 

Litteratur- og utstyrsliste

Energieffektivisering og automasjon i bygg

EmnebeskrivelseLitteratur- og utstyrsliste
64TB45A Bygningsfysikk med energirådgjeving

Espedal, K.J. (2022) Bygningsfysikk 7.utgåve , Fagbokforlaget.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

64TB45B Energibruk i bygg

NTNU og SINTEF. (u.d.). ENØK I BYGNINGER Effektiv energibruk. Gyldendal Undervisning.

SINTEF. (u.d.). Byggforskserien. Hentet fra https://www.byggforsk.no/byggforskserien

Zijdemans, D. (2014). Vannbaserte oppvarmings- og kjølesystemer. Skarland Press.

64TB45C Elektro og automatisering

NORSK VVS Energi- og Miljøteknisk Forening. (u.d.). Styring og regulering av tekniske anlegg i bygg. Skarland Press.

64TB45D Tilstandskartlegging og vedlikehaldsplanlegging av bygg

Oppdatert litteratur- og utstyrsliste publiserast her seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

64TB45E Byggautomasjon og integrasjon

Oppdatert litteratur- og utstyrsliste publiserast her seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.