65TB00E E6 Byggesaken
Emnefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAnlegg Førde
- Startsemester2025 Haust
Om emnet
- Søknadsprosedyrer
- Anbod og kontrakter
- Kvalitetsstyring og HMS
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- Har innsikt i plan- og bygningslova, gjeldande byggesaks- og byggeteknisk forskrift
- Har kunnskap i bruken av dei ulike Norsk Standard som vert brukt i byggje- og anleggsbransjen
- Kjenner til søknadsprosedyren ein må følgje i ei byggje- eller anleggssak
- Har kunnskap om kommuneplanar, regulerings- og utbyggingsplanar og detaljplanar med tilhøyrande vedtekter
- Kjenner gangen i ein typisk byggeprosess, kven aktørane er og kva rolle dei har
- Har kunnskap om dei ulike entrepriseformene
- Kan sette opp eit anbodsgrunnlag etter dei ulike entrepriseformene
- Kan fylle ut anbodspapir i dei ulike entrepriseformene
- Har kunnskap om kontraheringsprosessen
- Har kunnskap om byggjebudsjett
- Har kunnskap om innhenting og vurdering av dokumentasjon
- Kjenner til byggherreforskrifta, arbeidsmiljølova, relevant ISO sertifisering og andre gjeldande lover og normer innan HMS
- Har innsikt i fysiske, organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, og korleis handtere konfliktar og andre HMS-relaterte problem på ein arbeidsplass
- Kjenner til kva som trengs for å lage eit godt kvalitetssikringssystem, ein HMS-plan, SHA-plan og SJA
- Har kunnskap om uavhengig kontroll av våtrom og lufttettleik innanfor tiltaksklasse 1
Ferdigheter
Studenten:
- Kan bruke plan- og bygningslova, byggesaksforskrifta og anna lovverk og normer som er naudsynt for å kunne planlegge og utarbeide søknad om byggjeløyve for aktuelle tiltaksklassar
- Kan bruke og ta omsyn til aktuelle planar og vedtekter som til ei kvar tid gjeld ved eit byggje eller anleggsprosjekt
- Kan bruke byggteknisk forskrift og Norsk Standard ved utfylling av anbodsgrunnlag og anbodspapir
- Kan bruke relevant ISO sertifisering og regelverket for å lage kvalitetssikringssystem, HMT-planar, SHA-planar og SJA
- Kan bruke sjekklister for KS-system og dokumentere gjennomført uavhengig kontroll
- Kan kontrollere dokument og vurdere dokumentasjon
- Kan produsere nødvendige søknadspapirer og tegninger til søknadsprosess for aktuell tiltaksklasse
Generell kompetanse
- Kan fylle ut naudsynte søknadspapir i eit byggje- eller anleggsprosjekt
- Kan utforme eit anbodsgrunnlag, og kan gje eit komplett anbod i eit anleggsprosjekt
- Skal kunne forstå, utvikle og tilpasse eit kvalitetssikringssystem, HMS-planar, SHA- planar og SJA
- Kan utarbeide og følge opp en KS/SHA-plan etter godkjennings-, sertifiserings- og kontrollordninger
- Kan lage sjekkliste og relevante prosedyrer for uavhengig kontroll av våtrom samt lufttettleik i eit bygg
- Kjenner til krav som gjeld for utarbeiding av avviksmeldingar
- Kjenner til innmelding til offentleg myndigheit der avvik ikkje lukkast
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar mm.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
- ei innlevering og ei prøve i søknadsprosedyrer
- ei innlevering og ei prøve i anbod og kontrakter
- ei innlevering og ei prøve i kvalitetsstyring og HMS
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 36 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 247 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- Ei innlevering i kvalitetsstyring og HMS.
- Ei innlevering i søknadsprosedyre.
- Ei innlevering i anbod og kontraktar
Fagressursar
Lærebøker E6 Byggesaken
Bua K., Digernes, A. & Hansen, V. M. (2019) Byggesaken. 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget AS.
Thune, T.E. (2020) Kvalitetsstyring og HMS i bygg og anlegg. Oslo, Byggenæringens forlag AS.
J.Karlsen (2023)Byggesaksboka for ansvarlig søker og byggsakstudenter .www.byggesaken.no
Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Anlegg Førde
- Bygg Førde
- Bygningssakkyndig
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde