65TB00E E6 Byggesaken

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Anlegg
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Anlegg Førde
    • Startsemester
      2025 Haust

Om emnet

  • Søknadsprosedyrer
  • Anbod og kontrakter
  • Kvalitetsstyring og HMS

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •     Har innsikt i plan- og bygningslova, gjeldande byggesaks- og byggeteknisk forskrift 
  •     Har kunnskap i bruken av dei ulike Norsk Standard som vert brukt i byggje- og anleggsbransjen
  •     Kjenner til søknadsprosedyren ein må følgje i ei byggje- eller anleggssak
  •     Har kunnskap om kommuneplanar, regulerings- og utbyggingsplanar og detaljplanar med tilhøyrande vedtekter
  •     Kjenner gangen i ein typisk byggeprosess, kven aktørane er og kva rolle dei har
  •     Har kunnskap om dei ulike entrepriseformene
  •     Kan sette opp eit anbodsgrunnlag etter dei ulike entrepriseformene
  •     Kan fylle ut anbodspapir i dei ulike entrepriseformene
  •     Har kunnskap om kontraheringsprosessen
  •     Har kunnskap om byggjebudsjett
  •     Har kunnskap om innhenting og vurdering av dokumentasjon
  •     Kjenner til byggherreforskrifta, arbeidsmiljølova, relevant ISO sertifisering og andre gjeldande lover og normer innan HMS
  •     Har innsikt i fysiske, organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, og korleis handtere konfliktar og andre HMS-relaterte problem på ein arbeidsplass
  •     Kjenner til kva som trengs for å lage eit godt kvalitetssikringssystem, ein HMS-plan, SHA-plan og SJA
  •     Har kunnskap om uavhengig kontroll av våtrom og lufttettleik innanfor tiltaksklasse 1

Ferdigheter

Studenten:

  •     Kan bruke plan- og bygningslova, byggesaksforskrifta og anna lovverk og normer som er naudsynt for å kunne planlegge og utarbeide søknad om byggjeløyve for aktuelle tiltaksklassar
  •     Kan bruke og ta omsyn til aktuelle planar og vedtekter som til ei kvar tid gjeld ved eit byggje eller anleggsprosjekt
  •     Kan bruke byggteknisk forskrift og Norsk Standard ved utfylling av anbodsgrunnlag og anbodspapir
  •     Kan bruke relevant ISO sertifisering og regelverket for å lage kvalitetssikringssystem, HMT-planar, SHA-planar og SJA
  •     Kan bruke sjekklister for KS-system og dokumentere gjennomført uavhengig kontroll
  •     Kan kontrollere dokument og vurdere dokumentasjon
  •     Kan produsere nødvendige søknadspapirer og tegninger til søknadsprosess for aktuell tiltaksklasse

Generell kompetanse

  •    Kan fylle ut naudsynte søknadspapir i eit byggje- eller anleggsprosjekt
  •    Kan utforme eit anbodsgrunnlag, og kan gje eit komplett anbod i eit anleggsprosjekt
  •    Skal kunne forstå, utvikle og tilpasse eit kvalitetssikringssystem, HMS-planar, SHA- planar og SJA
  •    Kan utarbeide og følge opp en KS/SHA-plan etter godkjennings-, sertifiserings- og kontrollordninger
  •    Kan lage sjekkliste og relevante prosedyrer for uavhengig kontroll av våtrom samt lufttettleik i eit bygg  
  •    Kjenner til krav som gjeld for utarbeiding av avviksmeldingar
  •    Kjenner til innmelding til offentleg myndigheit der avvik ikkje lukkast

 

 

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar mm.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

  •      ei innlevering og ei prøve i søknadsprosedyrer
  •      ei innlevering og ei prøve i anbod og kontrakter
  •      ei innlevering og ei prøve i kvalitetsstyring og HMS

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
36 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
247 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

  • Ei innlevering i kvalitetsstyring og HMS.
  • Ei innlevering i søknadsprosedyre.
  • Ei innlevering i anbod og kontraktar

Fagressursar

Lærebøker E6 Byggesaken

Bua K., Digernes, A. & Hansen, V. M. (2019) Byggesaken. 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget AS.

Thune, T.E. (2020) Kvalitetsstyring og HMS i bygg og anlegg. Oslo, Byggenæringens forlag AS.

J.Karlsen (2023)Byggesaksboka for ansvarlig søker og byggsakstudenter .www.byggesaken.no

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no
 

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Anlegg Førde
  • Bygg Førde
  • Bygningssakkyndig
  • KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde

Emneansvarlig

Paul Djurhuus