65TB00E E6 Byggesaken - 2023 Haust
Emnefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAnlegg Førde
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Søknadsprosedyrer
Anbod og kontrakter
Kvalitetsstyring og HMS
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har innsikt i plan- og bygningslova, SAK10 og TEK17
- har kunnskap i bruken av dei ulike Norsk Standard som vert brukt i byggje- og anleggsbransjen
- kjenner til søknadsprosedyren ein må følgje i ei byggje- eller anleggssak
- har kunnskap om kommuneplanar, regulerings- og utbyggingsplanar og detaljplanar med tilhøyrande vedtekter
- kjenner gangen i ein typisk byggeprosess, kven aktørane er og kva rolle dei har
- har kunnskap om dei ulike entrepriseformene
- kan sette opp eit anbodsgrunnlag etter dei ulike entrepriseformene
- kan fylle ut anbodspapir i dei ulike entrepriseformene
- har kunnskap om kontraheringsprosessen
- har kunnskap om byggjelånsoppfølging
- har kunnskap om byggjebudsjett
- har kunnskap om innhenting og vurdering av dokumentasjon
- kjenner til byggherreforskrifta, arbeidsmiljølova, ISO 9001 og andre gjeldande lover og normer innan HMS
- har innsikt i fysiske, organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, og korleis handtere konfliktar og andre HMS-relaterte problem på ein arbeidsplass
- kjenner til kva som trengs for å lage eit godt kvalitetssikringssystem, ein HMS-plan, SHA-plan og SJA
Ferdigheiter
Studenten:
- kan bruke plan- og bygningslova, SAK10 og anna lovverk og normer som er naudsynt for å kunne planlegge og utarbeide søknad om byggjeløyve for aktuelle tiltaksklassar
- kan bruke og ta omsyn til aktuelle planar og vedtekter som til ei kvar tid gjeld ved eit byggje eller anleggsprosjekt
- kan bruke TEK17 og Norsk Standard ved utfylling av anbodsgrunnlag og anbodspapir
- kan bruke ISO 9001 og regelverket for å lage kvalitetssikringssystem, HMT-planar, SHA-planar og SJA
- kan gjennomføre uavhengig kontroll av våtrom og lufttettleik innanfor tiltaksklasse 1
- kan bruke sjekklister for KS-system og dokumenteregjennomført uavhengig kontroll
- kan gjennomføre ei byggjelånsoppfølging
- kan kontrollere dokument og vurdere dokumentasjon
Generell kompetanse
Studenten:
- kan fylle ut naudsynte søknadspapir i eit byggje- eller anleggsprosjekt
- kan utforme eit anbodsgrunnlag, og kan gje eit komplett anbod i eit anleggsprosjekt
- skal kunne forstå, utvikle og tilpasse eit kvalitetssikringssystem, HMS-planar, SHA- planar og SJA
- skal kunne lage sjekkliste og relevante prosedyrer for uavhengig kontroll av våtrom samt lufttettleik i eit bygg
- kjenner til krav som gjeld for utarbeiding av avviksmeldingar
- kjenner til innmelding til offentleg myndigheit der avvik ikkje lukkast
- kan skrive rapport etter byggjelånsoppfølging
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· ei innlevering og ei prøve i søknadsprosedyrer
· ei innlevering og ei prøve i anbod og kontrakter
· ei innlevering og ei prøve i kvalitetsstyring og HMS
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
---|---|---|---|---|
Sjølvstudium | 131 Tima(r) | |||
Undervisning | 152 Tima(r) |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Ei innlevering i kvalitetsstyring og HMS. Ei innlevering i søknadsprosedyre.
Ei innlevering i anbod og kontraktar
Litteratur- og utstyrsliste
Lærebøker E6 Byggesaken
Bua K., Digernes, A. & Hansen, V. M. (2019) Byggesaken. 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget AS.
Thune, T.E. (2020) Kvalitetsstyring og HMS i bygg og anlegg. Oslo, Byggenæringens forlag AS.
Tryti, H.A., (2021) Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. www.byggesaken.no
Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no