65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar - 2023 Haust
Emnefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng8
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAnlegg Førde
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Mekanikk
Materialkunnskap
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskapar om bygningsmateriale og deira konstruksjonsmessige, bygningsfysiske og branntekniske eigenskapar
- kjenner til byggjematerialar sin miljøprofil og innverknad på inneklima
- har kjennskap til ordningar for merking, sertifisering og godkjenning av bygningsmaterial
- har kunnskap om konstruksjonskomponentar og bæresystem, inkludert bjelkar, søyler, fagverk,
- stive skiver/dekker og bogekonstruksjonar
Ferdigheiter
Studenten:
- kan vurdere eigna byggjemateriale for aktuell brukssituasjon, og etter offentlege krav
- kan tilrå ein kunde kva byggjemateriale han bør velje i høve til ønskjer og krav
- til ferdig bygg eller anlegg
Generell kompetanse
Studenten:
- veit korleis ein på best muleg måte set saman ein byggje- eller anleggskonstruksjon med tanke på funksjon, bruk, miljø og offentlege krav
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· ei prøve i mekanikk på fem timar etter at temaet er avslutta.
· ei prøve og ei innlevering i materialkunnskap.
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
---|---|---|---|---|
Undervisning | 198 Tima(r) | |||
Sjølvstudium | 29 Tima(r) |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Fire innleveringar i mekanikk.
Ei innlevering i materialkunnskap.
Litteratur- og utstyrsliste
Lærebøker E5 Bygg og anleggskonstruksjonar
Lærebok i materialkunnskap vert opplyst om ved studiestart.
Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget.
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
Emneansvarleg
Sebastian Espeland