65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Anlegg
    • Studiepoeng
      8
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Anlegg Førde
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

  • Mekanikk
  • Materialkunnskap

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      har kunnskapar om bygningsmateriale og deira konstruksjonsmessige, bygningsfysiske og branntekniske eigenskapar
  •     kjenner til byggjematerialar sin miljøprofil og innverknad på inneklima
  •     har kjennskap til ordningar for merking, sertifisering og godkjenning av bygningsmaterial
  •     har kunnskap om konstruksjonskomponentar og bæresystem, inkludert bjelkar, søyler, fagverk

Ferdigheter

Studenten:

  •      kan vurdere eigna byggjemateriale for aktuell brukssituasjon, og etter offentlege krav
  •      kan tilrå ein kunde kva byggjemateriale han bør velje i høve til ønskjer og krav
  •      til ferdig bygg eller anlegg

Generell kompetanse

Studenten:

  • veit korleis ein på best muleg måte set saman ein byggje- eller anleggskonstruksjon med tanke på funksjon, bruk, miljø og offentlege krav

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar med meir.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

  •      ei prøve i mekanikk på fem timar etter at temaet er avslutta.
  •      ei prøve og ei innlevering i materialkunnskap.

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
29 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
198 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

  • Fire innleveringar i mekanikk.
  • Ei innlevering i materialkunnskap.

Fagressursar

Lærebøker E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

Lærebok i materialkunnskap vert opplyst om ved studiestart.

Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Anlegg Førde
  • Bygg Førde
  • Bygningssakkyndig
  • KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde

Emneansvarlig

Sebastian Espeland