65TB00D E4 Byggeprosess
Emnefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng12
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAnlegg Førde
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Energi- og miljøeffektive bygg og anlegg
Tekniske installasjonar
Grunnleggande BIM
Geomatikk 1
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- kjenner til byggjematerialar sin miljøprofil og innverknad på inneklima
- har innsikt i sentrale krav til dokumentasjon og kontroll av bygningsmaterial
- har kunnskapar om kartografi, fotogrammetri, geodesi og GIS
- kan hovudtrekka i utrekninga av energi- og effektbehov i ein bygning
- har kjennskap til energitiltak og energiramme som dokumentasjonsmetode
- har kunnskap om klimatilpassing av bygningar
- har kunnskap om dei viktigaste komponentane i eit ventilasjonsanlegg og korleis eit ventilasjonsanlegg blir regulert og styrt
- kjenner til grunnlaget for dimensjonering av friskluftmengder i bygg
- kjenner til kva materialtekniske eigenskapar som ligg til grunn
- kjenner til kva som ligg i begrepet reint, tørt bygg.
- har kjennskap til måling av lufttettleik
- har kunnskap omkontroll av våtrom og tettleik av klimaskjern i samsvar med krav i føresegner
Ferdigheter
Studenten:
- kan innhente kartdata og gjere seg nytte av GIS
- kan bruke relevant IT-verktøy i prosessane og utarbeide enkle bransjerelaterte teikningar ved hjelp av eit relevant BIM-verktøy
- kan rekne ut U-verdi og dampmotstand
- kan finne temperatur og damptrykkprofil for ein skiljekonstruksjon
- kan bruke Mollierdiagram
- kan vurdere faren for kuldebruer og foreslå tiltak for å redusere kuldebrueffekten
- kan vurdere faren for kondens og foreslå tiltak som reduserer faren
- kan bruke TEK og rettleiaren til TEK for å fastsette risikoklasse og brannklasse
- kan rekne ut effektbehovet for eit ventilasjonsanlegg
- kan bruke NS 3514 som grunnlag for fuktsikker byggprosess
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke BIM i byggeprosessen
- veit korleis ein på best mogleg måte set saman ein byggje- eller annleggskonstruksjon med tanke på funksjon, bruk, miljø og offentlege krav.
- kan gjere seg nytte av GIS, koordinatbestemme punkt i kart og terreng, og utføre nødvendige enkle landmålingstekniske berekningar
- kan vurdere branntryggleiken i eit bygg
- kan vurdere dei bygningsfysiske eigenskapane til eit bygg og kunne foreslå eventuelle energi og klimatiltak
- kan vurdere kva kunnskap og ferdigheiter som trengs i byggjeprosessen
- kunne vurdere og kontrollere om planlagde bygg, og bygg under oppføring, tilfredsstiller NS 3514, fuktsikker byggeprosess
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· ei prøve i energi- og miljøeffektive bygg og anlegg
· ei prøve i tekniske installasjonar
· ei innlevering i grunnleggande BIM
· to prøver i geomatikk 1
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 182 Time(r) | |
Sjølvstudium | 158 Time(r) |
Arbeidskrav
- Ei innlevering i energi- og miljøeffektive bygg og anlegg.
- Ei innlevering i tekniske installasjonar.
- Ei innlevering i grunnleggande BIM.
- Tre innleveringar i geomatikk 1.
Fagressursar
Lærebøker E4 Byggeprosess
Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.
Espedal, K. J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.
Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Anlegg Førde
- Bygg Førde
- Bygningssakkyndig
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
Emneansvarlig
Trond Arild Austgulen