65TB00D E4 Byggeprosess
Emnefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng12
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAnlegg Førde
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Energi- og miljøeffektive bygg og anlegg
Tekniske installasjonar
Grunnleggande BIM
Geomatikk 1
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- kjenner til byggjematerialar sin miljøprofil og innverknad på inneklima
- har innsikt i sentrale krav til dokumentasjon og kontroll av bygningsmaterial
- har kunnskapar om kartografi, fotogrammetri, geodesi og GIS
- kan hovudtrekka i utrekninga av energi- og effektbehov i ein bygning
- har kjennskap til energitiltak og energiramme som dokumentasjonsmetode
- har kunnskap om klimatilpassing av bygningar
- har kunnskap om dei viktigaste komponentane i eit ventilasjonsanlegg og korleis eit ventilasjonsanlegg blir regulert og styrt
- kjenner til grunnlaget for dimensjonering av friskluftmengder i bygg
- kjenner til kva som ligg i begrepet reint, tørt bygg.
- har kunnskap omkontroll av våtrom og tettleik av klimaskjern i samsvar med krav i føresegner
- har kunnskap om 2D og 3D teikningar
- har kunnskap om røyrsystem og røyrtypar som vert nytta i bygg
- forstår i kva tilfelle ein kan bruke forenkla dimensjonering, og når ein må gjere trykktapsberekningar
- har kunnskap om krav og retningslinjer for røyrforing
- har kjennskap til lovverk, forskrifter og standardar som gjev rammene for røyrinstallasjonar i bygg
Ferdigheter
Studenten:
- kan innhente kartdata og gjere seg nytte av GIS
- kan bruke relevant IT-verktøy i prosessane og utarbeide enkle bransjerelaterte teikningar ved hjelp av eit relevant BIM-verktøy
- kan rekne ut R-verdi og U-verdi for ein homogen konstruksjon
- kan bruke berekningsprogrammet "Simien"
- kan finne temperaturprofil for ein skiljekonstruksjon
- kan bruke Mollierdiagram
- kan vurdere faren for kuldebruer og foreslå tiltak for å redusere kuldebrueffekten
- kan bruke TEK 17 og NS 3031 som grunnlag for inneklima og miljø
- kan rekne ut effektbehovet for eit ventilasjonsanlegg
- kan dimensjonere vass- og avlaupsleidningar ved bruk av forenkla dimensjoneringsmetode
- kan dimensjonere røyr for varme- og kjøleanlegg
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke BIM i byggeprosessen
- veit korleis ein på best mogleg måte set saman ein byggje- eller annleggskonstruksjon med tanke på funksjon, bruk, miljø og offentlege krav.
- kan gjere seg nytte av GIS, koordinatbestemme punkt i kart og terreng, og utføre nødvendige enkle landmålingstekniske berekningar
- kan vurdere dei bygningsfysiske eigenskapane til eit bygg og kunne foreslå eventuelle energi og klimatiltak
- kunne vurdere og kontrollere om planlagde bygg, og bygg under oppføring, tilfredsstiller relevante forskrifter og standardar
- gjeldande utgåve av Rørhåndboka Rørentreprenørene Norge
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
- ei prøve i energi- og miljøeffektive bygg og anlegg
- ei prøve i tekniske installasjonar
- ei innlevering i grunnleggande BIM
- to prøver i geomatikk 1
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 44 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 296 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- Ei innlevering i energi- og miljøeffektive bygg og anlegg.
- Ei innlevering i tekniske installasjonar.
- Ei innlevering i grunnleggande BIM.
- Tre innleveringar i geomatikk 1.
Fagressursar
Lærebøker E4 Byggeprosess
Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.
Espedal, K. J. (2022) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.
Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Anlegg Førde
- Bygg Førde
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde