65TB01R E7 Konstruksjon bygg m/fagleg leiing

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      12
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygg Førde
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

  • Konstruksjonslære
  • Betongkonstruksjonar
  • Trekonstruksjonar
  • Stålkonstruksjonar

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      har kunnskap om armeringsstål, kvifor ein armerar ein bestemt bygningsdel i betong, plater, bjelkar eller søyler, og kvar armeringa skal plasserast i betongkonstruksjonen
  •      har kunnskap om fastheitsklassar og kvalitetsklassar for konstruksjonsmateriale
  •      har kunnskap om korrosjonsvern
  •      har kunnskap om konstruksjonsmaterial sine eigenskapar ved brann og ulike metodar for brannvern
  •      har kunnskap om dei ulike tverrsnittsklassane i stål
  •      har kunnskap om dei ulike sveisemetodane og sveisetypane for stål, og brannfare ved sveisearbeid
  •      har kunnskap om fastheitsklassar til skruar

Ferdigheter

Studenten:

  •      kan bestemme mengde betong og armering
  •      kan berekne moment-, skjær- og aksialkrefter i brotgrensetilstanden for enkle statisk bestemte konstruksjonar
  •      kan kontrollere spenningane etter reglane i gjeldande standardar som NS-EN 1993-1-1, NS-EN 1995-1- 1 og NS-EN 1992-1-1
  •      kan vurdere knekklengder og utføre knekkingskontroll for aksialbelasta stålsøyler etter reglane i NS-EN 1993-1-1
  •      kan berekne kilesveisar for stål etter reglane i NS-EN 1993-1-8
  •      kan kontrollere skruforbinding for avskjering og holkanttrykk i stål etter reglane i NS-EN 1993-1-8
  •      kan berekne laster i bruksgrensetilstanden og kunne utføre berekningar av forskyvingar for fritt opplagt bjelke med jamnt fordelt last eller punktlaster
  •      kan vurdere fare for vipping i stålkonstruksjonar
  •      kan skilje mellom dei ulike spenningstypane i tre
  •      kan vurdere lastvarigheit og klimaklassar i trekonstruksjonar
  •      kan kontrollere flatetrykk og innsnitt i trebjelkar etter reglane i NS-EN-1995-1-1
  •      kan vurdere fare for vipping i trekonstruksjonar
  •      kan vurdere knekklengder og utføre knekkingskontroll for aksialbelasta søyle av limtre eller trekonstruksjonsvirke. NS-EN-1995-1-1
  •      kan berekne laster i bruksgrensetilstanden og kunne utføre utrekningar av vertikale forskyvingar for fritt opplagt bjelke av limtre eller trekonstruksjonsvirke med jamnt fordelt last eller punktlaster, NS- EN-1995-1-1
  •      kan vurdere og velje fornuftig fastheitsklassar i ein trekonstruksjon

Generell kompetanse

Studenten:

  •      kan fastsette skjer- og momentkrefter for å rekne ut mengde armering og betong
  •      kan vurdere og forstå verkemåten til enkle, men samansette konstruksjonar
  •      kan ta ut enkeltelement av ein konstruksjon og analysere desse
  •      forstår samanhengen mellom val av tverrsnitt, spennlengder og materialkvalitet ut frå resultat i berekningane
  •      kan delta i byggemøte og prosjekt der stål-, betong- og trekonstruksjonar inngår
  •      kan vurdere økonomiske konsekvensar for val av materiale
  •      kan planlegge og utføre enkle konstruksjonar på byggeplass, og vurdere tryggleik under utføring
  •      kan prise enkle konstruksjonar

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar med meir.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

  •      ei avsluttande prøve på fem timar i betongkonstruksjonar, etter at temaet er avslutta
  •      ei avsluttande prøve på fire timar i trekonstruksjonar, etter at temaet er avslutta
  •      ei avsluttande prøve på fire timar i stålkonstruksjonar, etter at temaet er avslutta

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
48 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
320 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

To innleveringar i betongkonstruksjonar. To innleveringar i trekonstruksjonar.

Ei innlevering i stålkonstruksjonar.

Fagressursar

J. Eie (2012). Trekonstruksjoner : beregning og dimensjonering. 3 utg. NKI forlag, Bekkestua.

J. Eie (2010). Stålkonstruksjoner. 2 utg. NKI forlag. Bekkestua.

J. Eie (2018). Konstruksjonslære - grunnlag for dimensjonering - Last og sikkerheit. 3 utg. NKI forlag, Oslo

S.I. Sørensen (2020). Betongkonstruksjoner for teknisk fagskole. 1 utg. Fagbokorlaget. Bergen. Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget.

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Bygg Førde

Emneansvarlig

Sebastian Espeland