65TB01R E7 Konstruksjon bygg m/fagleg leiing

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      12
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygg Førde
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Konstruksjonslære

Betongkonstruksjonar

Trekonstruksjonar

Stålkonstruksjonar

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

·     har kunnskap om armeringsstål, kvifor ein armerar ein bestemt bygningsdel i betong, plater, bjelkar eller søyler, og kvar armeringa skal plasserast i betongkonstruksjonen

·     har kunnskap om fastheitsklassar og kvalitetsklassar for konstruksjonsmateriale

·     har kunnskap om korrosjonsvern

·     har kunnskap om konstruksjonsmaterial sine eigenskapar ved brann og ulike metodar for brannvern

·     har kunnskap om dei ulike tverrsnittsklassane i stål

·     har kunnskap om dei ulike sveisemetodane og sveisetypane for stål, og brannfare ved sveisearbeid

·     har kunnskap om fastheitsklassar til skruar

Ferdigheter

Studenten:

·     kan bestemme mengde betong og armering

·     kan berekne moment-, skjær- og aksialkrefter i brotgrensetilstanden for enkle statisk bestemte konstruksjonar

·     kan kontrollere spenningane etter reglane i gjeldande standardar som NS-EN 1993-1-1, NS-EN 1995-1- 1 og NS-EN 1992-1-1

·     kan vurdere knekklengder og utføre knekkingskontroll for aksialbelasta stålsøyler etter reglane i NS-EN 1993-1-1

·     kan berekne kilesveisar for stål etter reglane i NS-EN 1993-1-8

·     kan kontrollere skruforbinding for avskjering og holkanttrykk i stål etter reglane i NS-EN 1993-1-8

·     kan berekne laster i bruksgrensetilstanden og kunne utføre berekningar av forskyvingar for fritt opplagt bjelke med jamnt fordelt last eller punktlaster

·     kan vurdere fare for vipping i stålkonstruksjonar

·     kan skilje mellom dei ulike spenningstypane i tre

·     kan vurdere lastvarigheit og klimaklassar i trekonstruksjonar

·     kan kontrollere flatetrykk og innsnitt i trebjelkar etter reglane i NS-EN-1995-1-1

·     kan vurdere fare for vipping i trekonstruksjonar

·     kan vurdere knekklengder og utføre knekkingskontroll for aksialbelasta søyle av limtre eller trekonstruksjonsvirke. NS-EN-1995-1-1

·     kan berekne laster i bruksgrensetilstanden og kunne utføre utrekningar av vertikale forskyvingar for fritt opplagt bjelke av limtre eller trekonstruksjonsvirke med jamnt fordelt last eller punktlaster, NS- EN-1995-1-1

kan vurdere og velje fornuftig fastheitsklassar i ein trekonstruksjon

Generell kompetanse

Studenten:

·     kan fastsette skjer- og momentkrefter for å rekne ut mengde armering og betong

·     kan vurdere og forstå verkemåten til enkle, men samansette konstruksjonar

·     kan ta ut enkeltelement av ein konstruksjon og analysere desse

·     forstår samanhengen mellom val av tverrsnitt, spennlengder og materialkvalitet ut frå resultat i berekningane

·     kan delta i byggemøte og prosjekt der stål-, betong- og trekonstruksjonar inngår

·     kan vurdere økonomiske konsekvensar for val av materiale

·     kan planlegge og utføre enkle konstruksjonar på byggeplass, og vurdere tryggleik under utføring

kan prise enkle konstruksjonar

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

·     ei avsluttande prøve på fem timar i betongkonstruksjonar, etter at temaet er avslutta

·     ei avsluttande prøve på fire timar i trekonstruksjonar, etter at temaet er avslutta

·     ei avsluttande prøve på fire timar i stålkonstruksjonar, etter at temaet er avslutta

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
182 Time(r)
Sjølvstudium
158 Time(r)

Arbeidskrav

To innleveringar i betongkonstruksjonar. To innleveringar i trekonstruksjonar.

Ei innlevering i stålkonstruksjonar.

Fagressursar

Lærebøker E7 Konstruksjon bygg m/fagleg leiing

J. Eie (2012). Trekonstruksjoner : beregning og dimensjonering. 3 utg. NKI forlag, Bekkestua.

J. Eie (2010). Stålkonstruksjoner. 2 utg. NKI forlag. Bekkestua.

J. Eie (2018). Konstruksjonslære - grunnlag for dimensjonering - Last og sikkerheit. 3 utg. NKI forlag, Oslo

S.I. Sørensen (2020). Betongkonstruksjoner for teknisk fagskole. 1 utg. Fagbokorlaget. Bergen. Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget.

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Emneansvarlig

Sebastian Espeland