65TE13A E6 Installasjonssystemer og automatiserte anlegg
Emnefakta
- FagområdeElkraft
- Studiepoeng13
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramElkraft Førde
- Startsemester2025 Haust
Om emnet
Fagleg leiing (integrert)
Risikovurdering
Elektriske anlegg og utstyr
Styrings- og reguleringssystem
Tavler og koblingsutstyr
Byggautomatisering og energibruk
Elektronisk kommunikasjon
Dimensjonering og måleteknikk
Driftstilstands- og feiltilstandsanalyser
Dokumentasjon
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· har kunnskap om berekningar og dokumentasjon for installasjonssystem og automatiserte system etter gjeldande normer og forskrifter
· har kunnskap om el-tilsynslova
· har kunnskap om PoE (Power over Ethernet), reguleringstekniske prinsipp, byggautomatisering, energikretsar og styrestrømskretsar med programerbare styringar
· har kunnskap om analoge og digitale signal og anvendelse av desse ved styring og regulering
· har kunnskap om risikovurderingar og tryggleiksfilosofi ved installasjonssystem og automatiserte anlegg med vekt på elektrisk sjokk, induserte spenninger, overbelastning og kortslutning
· har kunnskap om varmepumper, vannbårne energisystem, ventilasjonsystem og bruken av desse i bustadar og industri, med vekt på enøk, tryggleik, klima og kvalitet
· har kunnskap om korleis eigenskapane til elektriske og automatiserte installasjonar vert påverka av aldring og ytre påkjenninger som t.d. trykkvariasjonar, temperatur og fukt
· har kunnskap om EMC og EMI i elektriske og automatiserte system
· har kunnskap om overspenningar i elektriske og automatiserte anlegg
· har kunnskap om anvendt styrings- og reguleringsteknikk
· kan vurdere utføring av installasjonssystem og automatiserte system i høve til gjeldande forskrifter og normer
· har kunnskap om funksjon, karakteristikkar og eigenskapar til ulike statiske og roterande maskiner
· kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap innan installasjonssystem og automatiserte system
· har innsikt i eigne utviklingsmulegheit innan installasjonssystem og automatiserte system
· har kjennskap til yrkesfeltet installasjonssystem og automatiserte system
Ferdigheter
Studenten:
· kan gjere greie for bruk av elektroniske verktøy ved prosjektering, kontrahering og framstilling av dokumentasjon av instalasjonssystem og automatiserte system
· kan gjere greie for val av installasjonssystem og automatiserte system som vert brukt til lavenergiløysingar og byggautomatisering
· kan gjere greie for berekningar og dokumentasjon av vernetiltak i elektriske anlegg og automatiserte system
· kan finne og vise til lover, forskrifter, normer, datablad og faglitteratur og vurdere relevansen for installasjonssystem og automatiserte anlegg
· kan kartlegge og feilsøke installerte installasjonssystem og automatiserte anlegg og vurdere behov for iverksetting av tiltak
· kan bruke metodar og verktøy som vert brukt ved risikovurdering, planlegging og dokumentasjon av installasjonssystem og automatiserte system
· kan gjere greie for val av løysingar etter behova til kunden og som oppfyller krava til tryggleik, klima, miljø og kvalitet
Generell kompetanse
Studenten:
· kan planlegge og dokumentere installasjonssystem og automatiserte system åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav, retningslinjer, tryggleik og relevante lover og forskrifter
· kan utføre arbeid på installasjonssystem og automatiserte system etter behova til kunden
· kan bygge relasjonar med fagfeller innan installasjonssystem og automatiserte system på tvers av fag, og med eksterne målgrupper
· kan utveksle synspunkt med medarbeidarar som arbeider med installasjonssystem og automatiserte anlegg, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis for gjennomføring av prosjekt
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· arbeidskrav, som tel inntil 20 %
· prosjektoppgåve som dekkjer både installasjon og automasjon , som tel omlag 80 %
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av vurderingsmappa.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 198 Time(r) | |
Sjølvstudium | 171 Time(r) |
Arbeidskrav
Fem arbeidskrav som består av oppgåver.
Fagressursar
Lærebøker emne 6 Installasjonssystemer og automatiserte anlegg
Hanssen, D.H.(2018) Progammerbare logiske styringer. 4. utgåve. Bergen, Fagbokforlaget.
Øvrebekk, S. & Olsen, P.-A (2016) Prosjektering av elektriske anlegg. Bergen, Fagbokforlaget.
Ormbostad, J. E. (2018) Montørhåndboka NEK 400:2022. Oslo, Elforlaget.
Ormbostad, J. E. (2018) Installasjonsguiden (tidl. Normguiden), NEK 400:2022. Oslo, Elforlaget.
Nettressursar
www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Elkraft Førde