65TE13A E6 Installasjonssystemer og automatiserte anlegg

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Elkraft
    • Studiepoeng
      13
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Elkraft Førde
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

  • Fagleg leiing (integrert)
  • Risikovurdering
  • Elektriske anlegg og utstyr
  • Styrings- og reguleringssystem
  • Tavler og koblingsutstyr
  • Byggautomatisering og energibruk
  • Elektronisk kommunikasjon
  • Dimensjonering og måleteknikk
  • Drifts- og feiltilstandsanalyser
  • Dokumentasjon

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om dokumentasjon for installasjonssystem og automatiserte system etter gjeldande normer og forskrifter
  • har kunnskap om el-tilsynslova
  • har kunnskap om PoE (Power over Ethernet), reguleringstekniske prinsipp, byggautomatisering, energikretsar og styrestrømskretsar med programerbare styringar
  • har kunnskap om analoge og digitale signal og anvendelse av desse ved styring og regulering
  • har kunnskap om risikovurderingar og tryggleiksfilosofi ved installasjonssystem og automatiserte anlegg med vekt på elektrisk sjokk, induserte spenninger, overbelastning og kortslutning
  • har kunnskap om varmepumper, vannbårne energisystem, ventilasjonsystem og bruken av desse i bustadar og industri, med vekt på enøk, tryggleik, klima og kvalitet
  • har kunnskap om korleis eigenskapane til elektriske og automatiserte installasjonar vert påverka av aldring og ytre påkjenninger som t.d. korrosjon, temperatur og fukt
  • har kunnskap om EMC og EMI i elektriske og automatiserte system
  • har kunnskap om overspenningar i elektriske og automatiserte anlegg
  • har kunnskap om anvendt styrings- og reguleringsteknikk
  • kan vurdere utføring av installasjonssystem og automatiserte system i høve til gjeldande forskrifter og normer
  • kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap innan installasjonssystem og automatiserte system
  • har innsikt i eigne utviklingsmulegheit innan installasjonssystem og automatiserte system
  • har kjennskap til yrkesfeltet installasjonssystem og automatiserte system

Ferdigheter

Studenten:

  • kan anvende berkninger
  • kan gjere greie for bruk av elektroniske verktøy ved prosjektering, kontrahering og framstilling av dokumentasjon av instalasjonssystem og automatiserte system
  • kan gjere greie for val av installasjonssystem og automatiserte system som vert brukt til lavenergiløysingar og byggautomatisering
  • kan gjere greie for berekningar og dokumentasjon av vernetiltak i elektriske anlegg og automatiserte system
  • kan finne og vise til lover, forskrifter, normer, datablad og faglitteratur og vurdere relevansen for installasjonssystem og automatiserte anlegg
  • kan kartlegge og feilsøke installerte installasjonssystem og automatiserte anlegg og vurdere behov for iverksetting av tiltak
  • kan bruke metodar og verktøy som vert brukt ved risikovurdering, planlegging og dokumentasjon av installasjonssystem og automatiserte system
  • kan gjere greie for val av løysingar som oppfyller krava til tryggleik, klima, miljø og kvalitet

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan planlegge og dokumentere installasjonssystem og automatiserte system åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav, retningslinjer, tryggleik og relevante lover og forskrifter
  • kan utføre arbeid på installasjonssystem og automatiserte system
  • kan utveksle synspunkt med medarbeidarar som arbeider med installasjonssystem og automatiserte anlegg, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis for gjennomføring av prosjekt

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsforma er mappevurdering.

Mappa inneheld:

  • fire læringsnotat som samla tel 20 %: to for installasjon og to for automasjon. Kvart læringsnotat tel like mykje (5 %).
  • éi prosjektoppgåve for installasjon og éi for automasjon som samla tel 80 %. Vektinga mellom dei vil vere etter ei heilskapleg vurdering. Av tryggleiksomsyn vil installasjonsoppgåva sitt samsvar med gjeldande regelverk vege tyngst.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
60 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
304 Time(r)
Deltid

Fagressursar

Lærebøker emne 6 Installasjonssystemer og automatiserte anlegg

Hanssen, D.H.(siste utgåve pt. 2018) Progammerbare logiske styringer. 4. utgåve. Bergen, Fagbokforlaget.

Øvrebekk, S. & Olsen, P.-A (siste utgåve pt. 2016) Prosjektering av elektriske anlegg. Bergen, Fagbokforlaget.

Ormbostad, J. E. (siste utgåve pt. 2018) Montørhåndboka NEK 400. Oslo, Elforlaget.

Ormbostad, J. E. (siste utgåve pt. 2018) Installasjonsguiden (tidl. Normguiden), NEK 400. Oslo, Elforlaget.

 

Nettressursar

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar
som t.d. NEK 399, NEK 400 og NEK 439. www.standard.no krev (student-)abonnement

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Elkraft Førde

Emneansvarlig

Pål Ståvi
Lasse Stenseth