65PS10D Prosjektoppgåve
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadMo
- StudieprogramMjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi, Mo
- Startsemester2025 Haust
Om emnet
Prosjektbeskriving:
Studentane kan sjølv velje kva prosjekt/hovudtema/problemstilling det skal skrivast om.
Prosjektet skal vere godkjent av prosjektansvarleg før ein kan ta til på forprosjektrapport.
Problemstillinga skal ta utgangspunkt i eit eller fleire tema som studiet har berørt.
Forprosjektrapport
Forprosjektrapport inneheld disposisjon, struktur og beskrivelse av arbeidsmetode.
Forprosjektrapport må vere godkjent av prosjektansvarleg før ein kan ta til på hovudrapport.
Hovudrapport:
Hovudrapport skal ha ein oversiktleg disposisjon og struktur. Referansar skal brukast etter gjeldande stil. Språket må vere godt forståeleg. Det faglege nivået skal liggje på same nivå med fagskulestudiet elles.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentane:
- har kunnskap om sjølvvalt fordjupningstema innan mjølkeproduksjon i robotfjøs
- kan med basis i studiet, planleggje, gjennomføre og dokumentere fagrelatert prosjekt etter eige ønskjer eller i samarbeid med ein oppdragsgjevar
- kjenner til styrings- og leiing utfordringane knytt til eit prosjektarbeid
- har kunnskap om prosjektjobbing som metodikk
- har kunnskap om omgrep og prosesser innan valt fagområde
- kan knytte teori opp imot prosjektoppgåvas mål
Ferdigheter
Studentane:
- kan ta i bruk og anvende kunnskap samt kartlegge og identifisere problemstillingar og behov
- kan anvende aktuell kartleggings – og planleggingsverkty for utvikling av moderne mjølkeproduksjon
- kan nytte teori og praktisk erfaring og sjå samanhengane mellom desse to
Generell kompetanse
Studentane:
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og kan utvikle arbeidsmetodar og varer som er relevante for studentens val av fordjupningstema
- kan planlegge og gjennomføre tverrfagleg prosjekt
Undervisningsformer og aktivitet
Studenten skal kunne lage ein fullstendig drifts – eller prosjektplan for ein aktuell problemstilling innanfor mjølkeproduksjon.
Studentane skriv ei oppgåve utifrå eit valfritt tema med utgangspunkt i emne som studentane har vore igjennom.
Oppgåva skal leverast skriftleg. Oppgåva skal ligge til grunn for eit munnleg forsvar av oppgåva. Det blir til slutt gitt ein samla karakter.
1 | Prosjektbeskriving | Skriv korleis gruppa er sett saman og kva prosjekt gruppa kan tenke seg som tema. | Arbeidskrav: Må vere godkjent av prosjekt-ansvarleg før ein kan ta til på forprosjektrapport |
2 | Forprosjektrapport | Kriterium for evaluering:
| Arbeidskrav: Må vere godkjent av prosjekt-ansvarleg før ein kan ta til på hovudrapport |
3 | Hovudrapport | Kriterium for evaluering:
| Arbeidskrav: Gruppa skal jamnleg ha statusframføring for heile klassen i løpet av prosjektperioden. |
4 | Presentasjon | Kriterium for evaluering:
|
|
5 | Munnleg høyring om prosjektarbeidet | Munnleg utspørjing med bakgrunn i hovudrapport og arbeidsmetodikk. |
|
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar og framføring av hovudprosjekt.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir
Vurdering
Studenten får ei samla sluttvurdering som vert sett på bakgrunn av ei heilskapsvurdering av punkt 3, 4 og 5 under gjennomføring.
Det vil deretter bli gjennomført ei munnleg utspørjing med bakgrunn i hovudrapport.
Denne munnlege utspørjinga kan vere med og påverke den endelege individuelle karakteren i emnet.
Sluttvurderinga vert ført som emnekarakter på vitnemålet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 42 Time(r) | |
Egenstyrt aktivitet | 191 Time(r) |
Arbeidskrav
Prosjektbeskriving og forprosjektrapport skal vere levert og godkjent innan fastsett frist.
Studentane skal ha minst fire statusframføringar i løpet av prosjektperioden.