65PS10D Prosjektoppgåve

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Grøne og gastronomiske utdanningar
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Mo
    • Studieprogram
      Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi, Mo
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

Prosjektbeskriving:

Studentane kan sjølv velje kva prosjekt/hovudtema/problemstilling det skal skrivast om.

Prosjektet skal vere godkjent av prosjektansvarleg før ein kan ta til på forprosjektrapport.

Problemstillinga skal ta utgangspunkt i eit eller fleire tema som studiet har berørt.

Forprosjektrapport

Forprosjektrapport inneheld disposisjon, struktur og beskrivelse av arbeidsmetode.

Forprosjektrapport må vere godkjent av prosjektansvarleg før ein kan ta til på hovudrapport.

Hovudrapport:

Hovudrapport skal ha ein oversiktleg disposisjon og struktur. Referansar skal brukast rett. Språket må vere godt forståeleg. Det faglege nivået skal liggje på same nivå med fagskulestudiet elles.

 

 

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane:

-        har kunnskap om sjølvvalt fordjupningstema innan mjølkeproduksjon i robotfjøs

-        kan med basis i studiet, planleggje, gjennomføre og dokumentere fagrelatert prosjekt etter eige ønskjer eller i samarbeid med ein oppdragsgjevar

-        kjenner til styrings- og leiing utfordringane knytt til eit prosjektarbeid

-        har kunnskap om prosjektjobbing som metodikk

-        har kunnskap om omgrep og prosesser innan valt fagområde

-        kan knytte teori opp imot prosjektoppgåvas mål

Ferdigheter

Studentane:

-        kan ta i bruk og anvende kunnskap samt kartlegge og identifisere problemstillingar og behov

-        kan anvende aktuell kartleggings – og planleggingsverkty for utvikling av moderne mjølkeproduksjon

-        kan nytte teori og praktisk erfaring og sjå samanhengane mellom desse to

Generell kompetanse

Studentane:

-        har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og kan utvikle arbeidsmetodar og varer som er relevante for studentens val av fordjupningstema

-        kan planlegge og gjennomføre tverrfagleg prosjekt

Undervisningsformer og aktivitet

Studenten skal kunne lage ein fullstendig drifts – eller prosjektplan for ein aktuell problemstilling innanfor mjølkeproduksjon.

Studentane skriv ei oppgåve utifrå eit valfritt tema med utgangspunkt i emne som studentane har vore igjennom.

Oppgåva skal leverast skriftleg. Oppgåva skal ligge til grunn for eit munnleg forsvar av oppgåva. Det blir til slutt gitt ein samla karakter.

Vurdering

Det blir gitt ein karakter på skriftleg arbeid. Studentane skal forsvare oppgåva munnleg.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
38 Time(r)
Sjølvstudium
245 Time(r)

Arbeidskrav

Problemstilling skal godkjennast undervegs i oppstarten av arbeidet.

Fagressursar

Prosjektoppgåve

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi, Mo

Emneansvarlig

Ole Johnny Solberg