65TB01U E11 BIM

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygg Førde
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

  • Modellering
  • Samarbeidsteknologi
  • BIM i byggeprosessen
  • BIM som dokumentasjon

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      har kunnskap om kva tyding ordet informasjon har i BIM
  •      kjenner til utfordringar med BIM
  •      har innsikt i kva fordelar og moglegheiter som ligg i BIM
  •      har kunnskap om kva innverknad BIM har på byggeprosessen
  •      har innsikt i kva konsekvens BIM har for aktørane i byggeprosessen
  •      har kunnskap om kva vurderingar som bør takast før ein implementerer BIM i ei bedrift eller organisasjon
  •      har kunnskap om bruken av BIM som dokumentasjon og kommunikasjonsverktøy i byggeprosessen
  •      kjenner til administrering av BIM
  •      kjenner til standardar og etablerte arbeidsprosessar som vert nytta i BIM

Ferdigheter

Studenten:

  •      kan modellere den tredimensjonale geometrien til enkle og komplekse bygg
  •      kan generere tredimensjonale modellar på bakgrunn av to-dimensjonale plan og snitteikningar
  •      kan generere modell av terreng på bakgrunn av kartdata i ulike filformat
  •      kan bruke importerte filer som underlag
  •      kan samarbeide tverrfagleg mot ein felles BIM-modell
  •      kan integrere strukturelle elementer i BIM-modellen
  •      kjenner til integrering av VVS og elektriske installasjonar i BIM-modellen
  •      kan hente ut naudsynt dokumentasjon i form av teikningar, skjema, og mengdelister til bruk i søknadsprosess og kalkylar
  •      kan opprette mal-filer
  •      kan bruke og opprette bibliotek-filer

Generell kompetanse

Studenten:

  •      kan anvende BIM som eit verktøy for kommunikasjon og samhandling i alle fasar av byggeprosessen.
  •      har evne til å fordjupe seg i BIM innan eige fagfelt
  •      kan generere og administrere virtuelle bygningar

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i Visma.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld to innleveringar.

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av emnet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
41 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
242 Time(r)
Deltid

Fagressursar

Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com

BygningsInformasjonsModellering (BIM) for byggfag – Fundamentering, bygningsstrukturer og infrastruktur

Planlegging, administrasjon og oppfølging av BIM prosjekter

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Bygg Førde

Emneansvarlig

Johnny Aase