65TB01U E11 BIM
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramBygg Førde
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Modellering
Samarbeidsteknologi
BIM i byggeprosessen
BIM som dokumentasjon
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· har kunnskap om kva tyding ordet informasjon har i BIM
· kjenner til utfordringar med BIM
· har innsikt i kva fordelar og moglegheiter som ligg i BIM
· har kunnskap om kva innverknad BIM har på byggeprosessen
· har innsikt i kva konsekvens BIM har for aktørane i byggeprosessen
· har kunnskap om kva vurderingar som bør takast før ein implementerer BIM i ei bedrift eller organisasjon
· har kunnskap om bruken av BIM som dokumentasjon og kommunikasjonsverktøy i byggeprosessen
· kjenner til administrering av BIM
· kjenner til standardar og etablerte arbeidsprosessar som vert nytta i BIM
Ferdigheter
Studenten:
· kan modellere den tredimensjonale geometrien til enkle og komplekse bygg
· kan generere tredimensjonale modellar på bakgrunn av to-dimensjonale plan og snitteikningar
· kan generere modell av terreng på bakgrunn av kartdata i ulike filformat
· kan bruke importerte filer som underlag
· kan samarbeide tverrfagleg mot ein felles BIM-modell
· kan koordinatfeste BIM-modellen
· kan integrere VVS og elektriske installasjonar i BIM-modellen
· kan hente ut naudsynt dokumentasjon i form av teikningar, skjema, og mengdelister til bruk i søknadsprosess og kalkylar
· kan opprette mal-filer
· kan bruke og opprette bibliotek-filer
Generell kompetanse
Studenten:
· kan anvende BIM som eit verktøy for kommunikasjon og samhandling i alle fasar av byggeprosessen.
· har evne til å fordjupe seg i BIM innan eige fagfelt
· kan generere og administrere virtuelle bygningar
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld to innleveringar.
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 152 Time(r) | |
Sjølvstudium | 131 |
Arbeidskrav
To innleveringar.
Fagressursar
Lærebøker E11 BIM
Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com
BygningsInformasjonsModellering (BIM) for byggfag – Fundamentering og bygningsstrukturer BIM for mekaniske fag og bygg –Kalkulasjon og Beregninger
BIM for mekaniske fag og bygg – Planlegging og oppfølging av BIM prosjekter
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no