65TE01O E7 Feltbuss og skybaserte løysingar
Emnefakta
- FagområdeAutomasjon
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAutomatisering Førde
- Startsemester2025 Haust
Om emnet
Feltbuss
Protokoller
Skybaserte løysningar
Digital tvilling
IoT
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om ulike feltbusstypar og korleis dette kan implementerast i ulike anlegg
- har kunnskap om struktur i skybaserte system og korleis dette kan implementerast i ulike anlegg
- har kunnskap om industri 4.0 og digitale tvillingar, samt korleis dette påverkar den faglege utføringa
- har kunnskap om kva forskrifter og normer som gjeld for feltbussinstallasjonar og skybaserte løysingar
- kan vurdere eige arbeid innanfor feltbuss og skybaserte løysingar
- kan vurdere korleis forskrifter og normer påverkar utføringa av ulike automatiserte installasjonar
- kjenner til korleis feltbuss og sentrale styringssystem har utvikla seg gjennom ulike industrielle transformasjonar, og kva behov for smarte løysingar vi vil ha i framtida når det gjeld feltbussinstallasjonar og skybaserte løysingar
- har innsikt i kva for moglegheiter som finst innanfor smarte prosessar innanfor bygg, byar, transport, infrastruktur og industri
Ferdigheter
Studenten:
- kan gjere greie for val av komponentar, måleutstyr, signaloverføring og struktur i anlegget
- kan reflektere over eiga utføring av arbeidsoppgåver innanfor feltbuss og skybaserte løysingar
- kan søke etter, finne og vurdere informasjon relatert til eigne prosjekt
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planleggje og gjennomføre et sjølvstendig arbeid innanfor feltbuss og skybaserte løysingar som kommuniserer med kvarandre
- kan utveksle informasjon og diskutere fagleg med andre som arbeider med intelligente system og grunngi faglege tilbakemeldingar til medstudentar
- kan bidra til utvikling av eigen arbeidsplass med omsyn til intelligente styringssystem
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
• Obligatoriske læringsnotat, evt. arbeidsblogg og attendemeldingar på minst tre innleveringar, som tel inntil 50 %.
• Eige valt case, som tel omlag 50 %.
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av vurderingsmappa.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 190 Time(r) | |
Sjølvstudium | 93 Time(r) |
Arbeidskrav
Fire læringsnotat. Omfang: 1000–1500 ord pr. notat. Innlevering av dokumentasjon frå lab-oppgåve.
Innlevering av planlegging av eige valt case.
Innlevering av dokumentasjon av eiga case-delinnelvering og komplett innlevering. Presentasjon av eige arbeid i forbindelse med case-oppgåve.
Arbeidsblogg. (Avklarast med den einskilde læraren.)
Studentane skal gje medstudentar tilbakemelding på minst tre innleveringar frå medstudentar i blogg i ulike tema. (Avklarast med den einskilde læraren.) Omfang: minst 50 ord pr. innlegg.
Fagressursar
E7 Feltbuss og skybaserte løysingar
Tilgjengelege ressursar på læringsplattforma.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Automatisering Førde