65TE01O E7 Feltbuss og skybaserte løysingar
Emnefakta
- FagområdeAutomasjon
- Studiepoeng8
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAutomatisering Førde
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
- Feltbuss
- Protokoller
- Skybaserte løysningar
- Digital tvilling
- IoT (internet of things)
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om ulike feltbusstypar og korleis dette kan implementerast i ulike anlegg
- har kunnskap om struktur i skybaserte system og korleis dette kan implementerast i ulike anlegg
- har kunnskap om industri 4.0 og digitale tvillingar, samt korleis dette påverkar den faglege utføringa
- har kunnskap om kva forskrifter og normer som gjeld for feltbussinstallasjonar og skybaserte løysingar
- kan vurdere eige arbeid innanfor feltbuss og skybaserte løysingar
- kan vurdere korleis forskrifter og normer påverkar utføringa av ulike automatiserte installasjonar
- kjenner til korleis feltbuss og sentrale styringssystem har utvikla seg gjennom ulike industrielle transformasjonar, og kva behov for smarte løysingar vi vil ha i framtida når det gjeld feltbussinstallasjonar og skybaserte løysingar
- har innsikt i kva for moglegheiter som finst innanfor smarte prosessar innanfor bygg, byar, transport, infrastruktur og industri
Ferdigheter
Studenten:
- kan gjere greie for val av komponentar, måleutstyr, signaloverføring og struktur i anlegget
- kan søke etter, finne og vurdere informasjon relatert til eigne prosjekt
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planleggje og gjennomføre et sjølvstendig arbeid innanfor feltbuss og skybaserte løysingar som kommuniserer med kvarandre
- kan reflektere over eiga utføring av arbeidsoppgåver innanfor feltbuss og skybaserte løysingar
- kan utveksle informasjon og diskutere fagleg med andre som arbeider med intelligente system og grunngi faglege tilbakemeldingar til medstudentar
- kan bidra til utvikling av eigen arbeidsplass med omsyn til intelligente styringssystem
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsforma er mappevurdering.
Mappa inneheld:
- Fire læringsnotat. Omfang: 1000–1500 ord pr. notat.
- Innlevering av dokumentasjon frå laboppgåve.
- Innlevering av planlegging av eige valt case.
- Innlevering av dokumentasjon av eige valt case.
- Presentasjon av eige arbeid i forbindelse med case-oppgåve.
Læringsnotata og dokumentasjon frå laboppgåve tel til saman 50 %.
Eige valt case tel 50 %.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 46 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 234 Time(r) | Deltid |
Fagressursar
- Arduino Starter Kit (UNO + elektronikksett).
- Minst eitt (helst to) ekstra Arduino UNO med WiFi- og/eller Ethernet shield e.l., avhengig av kva type nettverk studenten har tilgong til.
- Minst to (helst tre) CAN-buss-modular basert på MCP2515.
- Minst eitt (helst to) ekstra koplingsbrett (breadboard), str. half-size (ca. 5,5 x 8,5 cm).
Kan verte endra grunna tilgang og teknologisk utvikling.
- Tilgjengelege ressursar på læringsplattforma.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Automatisering Førde
Emneansvarlig
Lasse Stenseth
Pål Ståvi