Automatisering Førde

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Automasjon
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieform
      Deltid
    • Startsemester
      2024 Haust

Automatisering Førde

Om studiet

Utdanninga skal tilby fagleg opplæring som er tilpassa dagens krav, og skal stimulere studentane sine leiarferdigheiter med vekt på åtferd og haldningar. Prosjektarbeid skal trene studentane til god kommunikasjon med framtidige medarbeidarar, og digitale verktøy skal kunne brukast effektivt.

Automatisering som disiplin har eit sterkt tverrfagleg preg og stiller krav til innsikt på mange fagområde. Automatisering er høgteknologi i praksis, og eit fagområde i rask utvikling. Ein yrkesutøvar må difor ha både solid praksis og til ei kvar tid oppdatert teoretisk utdanning for å kunne vurdere og løyse automatiseringsoppgåver innanfor sitt arbeidsområde. Fagområde kan vere prosessanlegg, offshore, industriell automatisert produksjon, byggautomatisering og andre industrielle område, spesielt innan modernisering for å oppnå lønsemd og miljøgevinst. Som ferdig student innan automatisering, kan du leie og vere ansvarleg for planlegging og gjennomføring av arbeid i automatiserte anlegg. Utdanninga skal gi eit godt fundament for å kunne forstå dei forhold som må ivaretakast av ein fagleg ansvarleg. For å få eit automatisert anlegg til å fungere, krevst ei brei heilskapstenking som omfattar teoretiske kunnskapar, kreativitet og praktiske ferdigheiter.

Læringsutbyte

Kunnskapsdepartementet har fastsett «Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring» (NKR). Ei toårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.2 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne-LUB.

Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om elektrotekniske omgrep, teoriar, beregningsmodellar, styrings- og reguleringsprinsipp, prosesser, komponentar og verktøy brukt i automatiserte anlegg og systemer
  • har kunnskap om måle-, analyse- og beregningsverktøy for automatiserte og elektriske systemer og elektroniske kommunikasjonssystem
  • har kunnskap elektrotekniske komponenter til bruk i automatiserte produksjonslinjer og prosessanlegg
  • har kunnskap om drift og vedlikehald av automatiserte anlegg, system og utstyr
  • har kunnskap om økonomistyring, organisasjon, HR-funksjon og leiing med vekt på fagleg leiing.
  • har kunnskap om prosjekt- og kvalitetsstyring
  • har kunnskap om generelle prinsipp innen logistikk og produksjonsflyt knytt til eige fagområde
  • har kunnskap om automatiseringsbransjen og kjennskap til yrkesfelt innanfor denne industrien
  • kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap innanfor automatisering med faglitteratur og relevante fora innanfor bransjen, slik at en kan holde seg faglege oppdatert og kan omstille seg og heve sin kompetanse i takt med den teknologiske utvikling
  • kjenner til automatiseringsbransjen si historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter innan automatisering

Ferdigheter

Studenten:

  • kan vurdere eige arbeid i henhold til normer, standarder, lover og forskrifter som gjeld ved automatiserte anlegg
  • kan gjere greie for sine faglege val av løysingar innan prosessar, komponentar og verktøy som blir nytta i automatiserte anlegg
  • kan gjere greie for val av vedlikehaldsstrategi
  • kan gjere greie for val av metodar og prinsipp innan prosjektplanlegging, prosjektstyring, logistikk og produksjonsflyt innanfor eige fagområde
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff knytt til automatisering og vurdere relevansen for automatiserings- og elektrofaglege problemstillingar
  • kan kartlegge ein situasjon i automatiserte produksjonslinjer og prosessanlegg og identifisere avvik og kartlegge behov for iverksetting av tiltak
  • kan vurdere den økonomiske situasjonen til bedrifta, marknadsutfordringar, utfordringar i leiing, og treffe gode og velgrunna val

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan planlegge, prosjektere, gjennomføre og kvalitetssikre automatiserte system i industri og bygg, åleine og som deltakar eller leiar i gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer som gjeld for miljø og kvalitet nasjonalt og internasjonalt
  • kan utføre arbeid i samsvar med behova til bedrifta og/eller oppdragsgivaren
  • kan bygge relasjonar med fagfeller innan automatisering og på tvers av fag som elektro, bygg og anlegg, olje- og gassproduksjon, og med eksterne målgrupper som kundar, entreprenørar, styresmakter og kommunale instansar ved å opprette og utvikle team og nettverk
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving innan automatisering og justere denne ved behov for optimalisering av automatiserte anlegg
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan automatisering og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følge med på ny teknologi innan automatisering som kan føre til kvalitetsheving, nyskaping og innovasjon

Opptak

Formelle opptakskrav

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

For studium automatisering er følgjande fagbrev relevant:

  • Automatiseringsfaget
  • Avionikarfaget
  • Dataelektronikarfaget
  • Elektrikarfaget
  • Elektroreparatørfaget
  • Energimontørfaget
  • Energioperatørfaget
  • Fjernstyrte undervasssoperasjonar
  • Flymotormekanikarfaget
  • Flystrukturmekanikarfaget
  • Flysystemmekanikarfaget
  • Heismontørfaget
  • Kulde- og varmepumpemontørfaget
  • Maritim elektrikarfaget Vg4
  • Produksjonselektronikarfaget
  • Signalmontørfaget
  • Tavlemontørfaget
  • Telekommunikasjonsmontørfaget
  • Togelektrikarfaget
  • Viklar- og transformatormontørfaget
  • Viklarfaget

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Utdanninga har følgjande gjennomføringsmodell:

  • 120 studiepoeng over tre år som nettbasert studium med samling. Dette tilsvarer ei toårig heiltidsutdanning.

Utdanninga er bygd opp av emne. Emna består av fleire tema.

Timebelastninga for eit studium på heiltid er 1700 timar per studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane.

Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.

Arbeidsmengde i Automatisering Førde, nettbasert studium

EmnebeskrivelseEgenstyrt
aktivitet
Timeplanfesta
timer
Sum
65TX00A E1 Realfagleg reiskap44234476
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon25528283
65TE00A E4 Elektriske system49268560
65TE01L E3A Kvalitetsleiing og prosjektleiing12317140
65TE01M E3B Berekraft, økonomi og innkjøp12317140
65TE00B E5 Elektroniske systemer24634280
65TE01N E6 PLS/DDC, mikrokontroller og koding24634280
65TE01P E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)24634280
65TE01O E7 Feltbuss og skybaserte løysingar23446280
65TE01Q E9 Valemne46793560
65TX00D E10 Hovudprosjekt28010290
Sum31544153569

Automatisering Førde, nettbasert studium

Undervisningsformer

Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der lærer føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.

Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.

Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien og det skaper gode diskusjonar i klassen. Vi bygger på denne måten opp det som er særprega ved fagskuleutdanninga.

Vurdering

Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet.

For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrav som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende.

Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent.

 

Sluttvurdering

Studentane får èin karakter for kvart emne. Emnekarakter gir utrykk for kompetanse som er oppnådd i ulike vurderingssituasjonar i emnet.

Sluttvurdering

I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten etter læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte studieplanen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.

Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma i emnet er ein eksamen, vert det i tillegg oppnemnde ein medsensor.

Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.

Eksamen

Eksamen kan brukast som vurderingsform inn mot ein emnekarakter. Studentane skal sikrast ei upartisk vurdering av kunnskapar og ferdigheiter. Eksterne fagkyndige personar vert oppnemnde som sensorar.

 

Sluttdokumentasjon

Fullført og bestått fagskuleutdanning på 120 stp gir vitnemål og ein høgare fagskulegrad.

Vitnemålet skal innehalda:

  • Emne som inngår i utdanninga.
  • Omfang av emne og oppnådd karakter.
  • Overordna læringsutbytte.
  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
  • Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
  • Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.

Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.

 Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.