Automatisering Førde

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Automasjon
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieform
      Heiltid, Deltid
    • Startsemester
      2023 Haust

Automatisering Førde

Om studiet

Utdanninga skal tilby fagleg opplæring som er tilpassa dagens krav, og skal stimulere studentane sine leiarferdigheiter med vekt på åtferd og haldningar. Prosjektarbeid skal trene studentane til god kommunikasjon med framtidige medarbeidarar, og digitale verktøy skal kunne brukast effektivt.

Automatisering som disiplin har eit sterkt tverrfagleg preg og stiller krav til innsikt på mange fagområde. Automatisering er høgteknologi i praksis, og eit fagområde i rask utvikling. Ein yrkesutøvar må difor ha både solid praksis og til ei kvar tid oppdatert teoretisk utdanning for å kunne vurdere og løyse automatiseringsoppgåver innanfor sitt arbeidsområde. Fagområde kan vere prosessanlegg, offshore, industriell automatisert produksjon, byggautomatisering og andre industrielle område, spesielt innan modernisering for å oppnå lønsemd og miljøgevinst. Som ferdig student innan automatisering, kan du leie og vere ansvarleg for planlegging og gjennomføring av arbeid i automatiserte anlegg. Utdanninga skal gi eit godt fundament for å kunne forstå dei forhold som må ivaretakast av ein fagleg ansvarleg. For å få eit automatisert anlegg til å fungere, krevst ei brei heilskapstenking som omfattar teoretiske kunnskapar, kreativitet og praktiske ferdigheiter.

Læringsutbyte

Kunnskapsdepartementet har fastsett «Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring» (NKR). Ei toårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.2 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne-LUB.

Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.

Kunnskap

Studenten:

·     har kunnskap om elektrotekniske omgrep, teoriar, beregningsmodellar, styrings- og reguleringsprinsipp, prosesser, komponentar og verktøy brukt i automatiserte anlegg og systemer

·     har kunnskap om måle-, analyse- og beregningsverktøy for automatiserte og elektriske systemer og elektroniske kommunikasjonssystem

·     har kunnskap elektrotekniske komponenter til bruk i automatiserte produksjonslinjer og prosessanlegg

·     har kunnskap om drift og vedlikehald av automatiserte anlegg, system og utstyr

·     har kunnskap om økonomistyring, organisasjon, HR-funksjon og leiing med vekt på fagleg leiing.

·     har kunnskap om prosjekt- og kvalitetsstyring

·     har kunnskap om generelle prinsipp innen logistikk og produksjonsflyt knytt til eige fagområde

·     kan vurdere eige arbeid i henhold til normer, standarder, lover og forskrifter som gjeld ved automatiserte anlegg

·     har kunnskap om automatiseringsbransjen og kjennskap til yrkesfelt innanfor denne industrien

·     kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap innanfor automatisering med faglitteratur og relevante fora innanfor bransjen, slik at en kan holde seg faglege oppdatert og kan omstille seg og heve sin kompetanse i takt med den teknologiske utvikling

·     kjenner til automatiseringsbransjen si historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet lokalt, nasjonalt og internasjonalt

·     har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter innan automatisering

Ferdigheter

Studenten:

·     kan gjere greie for sine faglege val av løysingar innan prosessar, komponentar og verktøy som blir nytta i automatiserte anlegg

·     kan gjere greie for val av vedlikehaldsstrategi

·     kan gjere greie for val av metodar og prinsipp innan prosjektplanlegging, prosjektstyring, logistikk og produksjonsflyt innanfor eige fagområde

·     kan reflektere over eiga fagleg utøving innan automatisering og justere denne ved behov for optimalisering av automatiserte anlegg

·     kan finne og vise til informasjon og fagstoff knytt til automatisering og vurdere relevansen for automatiserings- og elektrofaglege problemstillingar

·     kan kartlegge ein situasjon i automatiserte produksjonslinjer og prosessanlegg og identifisere avvik og kartlegge behov for iverksetting av tiltak

·     kan vurdere den økonomiske situasjonen til bedrifta, marknadsutfordringar, utfordringar i leiing, og treffe gode og velgrunna val

Generell kompetanse

Studenten:

·     kan planlegge, prosjektere, gjennomføre og kvalitetssikre automatiserte system i industri og bygg, åleine og som deltakar eller leiar i gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer som gjeld for miljø og kvalitet nasjonalt og internasjonalt

·     kan utføre arbeid i samsvar med behova til bedrifta og/eller oppdragsgivaren

·     kan bygge relasjonar med fagfeller innan automatisering og på tvers av fag som elektro, bygg og anlegg, olje- og gassproduksjon, og med eksterne målgrupper som kundar, entreprenørar, styresmakter og kommunale instansar ved å opprette og utvikle team og nettverk

·     kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan automatisering og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis

·     kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følge med på ny teknologi innan automatisering som kan føre til kvalitetsheving, nyskaping og innovasjon

Opptak

Formelle opptakskrav

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

For studium automatisering er relevante fagbrev/sveinebrev frå utdanningsprogrammet elektrofag.

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Utdanninga har to gjennomføringsmodellar:

  • To-årig utdanning som heiltidsstudium
  • To-årig utdanning fordelt over tre år som nettbasert studium med samling

Utdanninga er bygd opp av emne. Emna består av fleire tema. Kvart emne vert tildelt studiepoeng etter den relative vektinga det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte i utdanninga. Det vert gitt 60 studiepoeng for læringsutbytte oppnådd på bakgrunn av eitt års bestått fagskuleutdanning på heiltid og 40 studiepoeng for læringsutbytte oppnådd på bakgrunn av eitt års bestått nettstudium med samling. Ved gjennomført heiltidsstudium og nettbasert studium med samling vert det totalt 120 studiepoeng.

Dei tre første emna og emne 6 har ein definert som reiskapsemne. Resten er tekniske emne, og til slutt eit prosjektemne.

Timebelastninga for eit studium på heiltid er 1700 timar per studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane.

Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.

Arbeidsmengde i Automatisering Førde, nettbasert studium

EmnebeskrivelseEgenstyrt
aktivitet
Timeplanfesta
timer
UndervisningSjølvstudiumSum
65TX00A E1 Realfagleg reiskap00286190476
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon00152131283
65TE01L E3A Kvalitetsleiing og prosjektleiing1231700140
65TE01M E3B Berekraft, økonomi og innkjøp1231700140
65TE00A E4 Elektriske system00380187567
65TE00B E5 Elektroniske systemer00152131283
65TE01N E6 PLS/DDC mikroprosessor0019093283
65TE01P E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)0019093283
65TE01O E7 Feltbuss og skybaserte løysingar0019093283
65TE01Q E9 Valemne00380187567
65TX00D E10 Hovudprosjekt2801000290
Sum52644192011053595
Automatisering Førde, nettbasert studium

Automatisering Førde, nettbasert studium

Studiemodell

Automatisering Førde, nettbasert studium

Undervisningsformer

Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der lærer føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.

Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.

Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien og det skaper gode diskusjonar i klassen. Vi bygger på denne måten opp det som er særprega ved fagskuleutdanninga.

Vurdering

Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet.

For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrav som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende.

Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent.

 

Sluttvurdering

Studentane får èin karakter for kvart emne. Emnekarakter gir utrykk for kompetanse som er oppnådd i ulike vurderingssituasjonar i emnet.

Sluttvurdering

I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten etter læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte studieplanen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.

Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma i emnet er ein eksamen, vert det i tillegg oppnemnde ein medsensor.

Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på emnekarakter.

Eksamen

Eksamen kan brukast som vurderingsform inn mot ein emnekarakter. Studentane skal sikrast ei upartisk vurdering av kunnskapar og ferdigheiter. Eksterne fagkyndige personar vert oppnemnde som sensorar.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-4 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på eksamensvurdering.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om vurdering og eksamen.

Sluttdokumentasjon

Studentane som fullfører og består fagskuleutdanning, får eit vitnemål som dokumentasjon. På vitnemålet står utdanning, eventuell fordjuping og tittel på hovudprosjektet. Vitnemålet inneheld dei emna som inngår i utdanninga. To-årig utdanning på heiltid og tre-årig nettutdanning med samling utgjer 120 studiepoeng. I kvart emne står det omfang i form av studiepoeng og oppnådd karakter.

For at det skal kunne skrivast ut vitnemål, må heile studiumet vere fullført, og eksamen vere avlagt og bestått.

Etter avbroten utdanning eller ikkje bestått utdanning vert det skrive ut ei karakterutskrift som dokumentasjon på kva enkeltemne som er bestått.

Vitnemålet vert merka med Vocational Diploma VC, med tanke på internasjonalt bruk. Vitnemålet vil i tillegg innehalde overordna læringsutbyttebeskriving.

Pensumliste

Automatisering Førde, nettbasert studium

EmnebeskrivelsePensumliste
65TX00A E1 Realfagleg reiskap

Lærebøker E1 Realfagleg reiskap

Ekern, T. & Guldahl, Ø. & Holst, E. (2008) Matematikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2009) Fysikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Tabellar

Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabeller. Oslo, Gyl- dendal.

Tilrådd litteratur

Ekern, T., Guldahl, Ø. & Holst, E. (2016) Matematikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2018) Fysikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon

Fagbøker E2 Yrkesretta kommunikasjon

Norsk

Federl, Marion og Arve Hoel (2020): Norsk for fagskolen, 3. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Hellevik, Alf m. fl., 2012: Nynorsk ordliste. Oslo: Samlaget.

Hjulstad, Håvard og Sødal, Lars, 2008: Bokmålsordliste. Oslo: Samlaget.

 

Engelsk

Ytterdal, Marianne Roald (2020): Crossover – Practical and Technical English, 4. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Haslerud, Vibecke og Henriksen, Petter (red.), 2007: Engelsk blå ordbok. Engelsk - norsk / norsk engelsk.

Oslo: Kunnskapsforlaget.

65TE01L E3A Kvalitetsleiing og prosjektleiing

E3A Kvalitetsleiing og prosjektleiing

Det vert opplyst om lærebøker ved oppstart.

65TE01M E3B Berekraft, økonomi og innkjøp

Det vert opplyst om lærebøker ved oppstart.

65TE00A E4 Elektriske system

Lærebøker Emne 4 Elektriske system

Pelt T.van & Knol E.H. (1989) EL-lære 1 LIKESTRAUM. Oslo, NKI forlaget.

Pelt T.van & Knol E.H. (1989) OPPGÅVESAMLING EL-lære 1 LIKESTRAUM. Oslo, NKI forlaget.

Pelt T.van & Knol E.H. (1989) EL-lære 2a VEKSELSTRAUM. Oslo, NKI forlaget.

Pelt T.van & Knol E.H. (1989) OPPGÅVESAMLING EL-lære 2a VEKSELSTRAUM. Oslo, NKI forlaget.

 

Programvare

Circuit-Maker

 

Nettressursar

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar

65TE00B E5 Elektroniske systemer

Lærebøker Emne 5 Elektroniske system

Haug, Rolf (2013) Elektroniske systemer for teknisk fagskule. Oslo, Yrkeslitteratur AS.

Klefstad, Bjørn m/fleire (2015) Innføring i datakommunikasjon. Oslo, Gyldendal Akademisk.

Gundersen, Trygve (2017) Elektroteknisk formelsamling. Elforlaget.

 

Nettressursar

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar

65TE01N E6 PLS/DDC mikroprosessor

E6 PLS/DDC mikroprosessor

PROGRAMMERBARE LOGISKE STYRINGER, 4. utgåve, av Dag Håkon Hanssen

Tilgjengelege ressursar på læringsplattforma.

65TE01P E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)

Lærebøker E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)

Aunan, E., Sandvik, H & Ramleth, K.J. (2002) EMC-håndboka. Oslo, Elforlaget.

Norsk Elektroteknisk Komite NK25/205/215 (2016) NEK 700 (NEK 701, NEK 702 & NEK 703). Oslo, Elforlaget.

Norsk Elektroteknisk Komite NK301 (2018) NEK 399. Oslo, Elforlaget.

Nettressursar

www.nkom.no

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar www.ren.no

65TE01O E7 Feltbuss og skybaserte løysingar

E7 Feltbuss og skybaserte løysingar

Tilgjengelege ressursar på læringsplattforma.

65TE01Q E9 Valemne

Lærebøker E9 Valemne

sjå eiga skildring av aktuelt fordjupingsemne.

65TX00D E10 Hovudprosjekt