65TE01N E6 PLS/DDC mikroprosessor

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Automasjon
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Automatisering Førde
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

Mikroprosessorsytem

PLS/DDC (direct digital control)

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      har kunnskap om ulike programmeringsspråk og kan bruke minst eitt av desse
  •      har kunnskap om industri 4.0 og korleis dette påverkar den faglege utføringa
  •      har kunnskap om kva forskrifter og normer som gjeld for ulike automatiserte installasjonar
  •      kan vurdere eige arbeid innanfor automasjonssystemet og programmering
  •      kan vurdere korleis forskrifter og normer påverkar utføringa av ulike automatiserte installasjonar
  •      kjenner til korleis automatiseringsfaget har utvikla seg gjennom ulike industrielle transformasjonar, og kva framtida sine behov for automatisering krev av installasjonar
  •      har innsikt i kva for moglegheiter som finst innanfor automatisering av prosessar, bygg og intelligente system

Ferdigheter

Studenten:

  •      kan gjere greie for val av komponentar, måleutstyr, signaloverføring og struktur i anlegget
  •      klarer å få struktur i program og viser god programmeringsskikk
  •      kan reflektere over eiga utføring av arbeidsoppgåver innfor automasjonsfaget
  •      kan søke etter, finne og vurdere informasjon relatert til eigne prosjekt

Generell kompetanse

Studenten:

  •      kan planlegge og gjennomføre et sjølvstendig arbeid innanfor automasjonsfaget som styrer en reguleringsprosess
  •      kan utveksle informasjon og diskutere fagleg med andre innanfor automasjonsfaget og grunngje faglege tilbakemeldingar til medstudentar
  •      kan dokumentere eigen arbeidsprosess og samhandle med fagpersonar innanfor automasjonsfaget

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

• Obligatoriske læringsnotat og evt. blogg, som tel inntil 20 %.

• Utdelt og eige valt case, som samla tel omlag 80 %.

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av vurderingsmappa.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
190 Time(r)
Sjølvstudium
93 Time(r)

Arbeidskrav

·     Fire læringsnotat med omfang 1000–1500 ord pr. notat.

·     Innlevering av utdelt case-oppgåve med tilhøyrande dokumentasjon.

·     Innlevering av planlegging av eige valt case.

·     Innlevering av dokumentasjon av eiga case-delinnelvering og komplett innlevering.

·     Presentasjon av eige arbeid i samband med case-oppgåve.

·     Arbeidsblogg. (Avklarast med den einskilde læraren.)

Studentane skal gi medstudentar tilbakemelding på minst tre innleveringar frå medstudentar i blogg for kvart tema. (Avklarast med den einskilde læraren.) Omfang minst 50 ord pr. innlegg.

Fagressursar

E6 PLS/DDC mikroprosessor

PROGRAMMERBARE LOGISKE STYRINGER, 4. utgåve, av Dag Håkon Hanssen

Tilgjengelege ressursar på læringsplattforma.

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Automatisering Førde

Emneansvarlig

Lasse Stenseth
Stig Svendsen Savland