65TE00A E4 Elektriske system
Emnefakta
- FagområdeElkraft
- Studiepoeng20
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramElkraft Førde
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Kretsteknikk i like- og vekselstraumskretsar
Magnetisme og statisk elektrisitet
Måleteknikk og laboratoriearbeid
Teikne- og simuleringsverktøy
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· har kunnskap om Ohms lov, Kirchhoffs lover og Thévenins teorem
· har kunnskap om å rekne ut faseforskyving, aktiv, reaktiv og tilsynelatande effekt i induktive, kapasitive og resistive kretsar
· har kunnskap om fasekompensering
· har kunnskap om samanhengen mellom ulike storleikar som fluks, feltstyrke, reluktans og straum i magnetkretsar
· har kunnskap om induksjon
· har kunnskap om regelverk som omhandlar el-sikkerheit
· har kunnskap om samanhengen mellom ulike storleikar som spenning, ladning og kapasitans i kapasitive kretsar
· har kunnskapar om inn- og utkoplingsforløp for spolar og kondensatorar
Ferdigheter
Studenten:
· kan teikne skjema for elektriske kretsar, både med likestraum og vekselstraum, og rekne ut aktuelle verdiar, som straum, spenning og effekt, som er knytte til desse kretsane.
· kan kople opp og måle dei utrekna verdiane for desse kretsane i laboratoriet
· kan simulere koplingane på PC
· kan utføre, rapportere og dokumentere laboratorieøvingar i emnet
Generell kompetanse
Studenten:
· forstår verknadane til magnetfelt og elektriske felt i samspelet mellom ulike elektriske leidningar og apparat
· har elektroteknisk kompetanse og grunnlag for forståing av fordjupingsemna
· kan bidra til at HMT for elektriske system blir ivaretatt
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· arbeidskrav, som tel inntil 20 %
· ei emneprøve på fem timar etter at emnet er avslutta, som tel omlag 80 %
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av vurderingsmappa.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 380 Time(r) | |
Sjølvstudium | 187 Time(r) |
Arbeidskrav
Åtte arbeidskrav som består av oppgåver.
Fagressursar
Lærebøker Emne 4 Elektriske system
Pelt T.van & Knol E.H. (1989) EL-lære 1 LIKESTRAUM. Oslo, NKI forlaget.
Pelt T.van & Knol E.H. (1989) OPPGÅVESAMLING EL-lære 1 LIKESTRAUM. Oslo, NKI forlaget.
Pelt T.van & Knol E.H. (1989) EL-lære 2a VEKSELSTRAUM. Oslo, NKI forlaget.
Pelt T.van & Knol E.H. (1989) OPPGÅVESAMLING EL-lære 2a VEKSELSTRAUM. Oslo, NKI forlaget.
Programvare
Circuit-Maker
Nettressursar
www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Automatisering Førde
- Elkraft Førde