65TE00A E4 Elektriske system
Emnefakta
- FagområdeElkraft
- Studiepoeng20
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramElkraft Førde
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Kretsteknikk i like- og vekselstraumskretsar
Magnetisme og statisk elektrisitet
Måleteknikk og laboratoriearbeid
Teikne- og simuleringsverktøy
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om Ohms lov, Kirchhoffs lover og Thévenins teorem
- har kunnskap om å rekne ut faseforskyving, aktiv, reaktiv og tilsynelatande effekt i induktive, kapasitive og resistive kretsar
- har kunnskap om fasekompensering
- har kunnskap om samanhengen mellom ulike storleikar som fluks, feltstyrke, reluktans og straum i magnetkretsar
- har kunnskap om induksjon
- har kunnskap om regelverk som omhandlar el-sikkerheit
- har kunnskap om samanhengen mellom ulike storleikar som spenning, ladning og kapasitans i kapasitive kretsar
- har kunnskapar om inn- og utkoplingsforløp for spolar og kondensatorar
Ferdigheter
Studenten:
- kan teikne skjema for elektriske kretsar, både med likestraum og vekselstraum, og rekne ut aktuelle verdiar, som straum, spenning og effekt, som er knytte til desse kretsane.
- kan kople opp og måle dei utrekna verdiane for desse kretsane i laboratoriet
- kan simulere koplingane på PC
- kan utføre, rapportere og dokumentere laboratorieøvingar i emnet
Generell kompetanse
Studenten:
- forstår verknadane til magnetfelt og elektriske felt i samspelet mellom ulike elektriske leidningar og apparat
- har elektroteknisk kompetanse og grunnlag for forståing av fordjupingsemna
- kan bidra til at HMT for elektriske system blir ivaretatt
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Ei emneprøve på fem timar etter at emnet er avslutta.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 68 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 492 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
Åtte arbeidskrav som består av oppgåver.
Fagressursar
Lærebøker Emne 4 Elektriske system
Pelt T.van & Knol E.H. (1989) EL-lære 1 LIKESTRAUM. Oslo, NKI forlaget.
Pelt T.van & Knol E.H. (1989) OPPGÅVESAMLING EL-lære 1 LIKESTRAUM. Oslo, NKI forlaget.
Pelt T.van & Knol E.H. (1989) EL-lære 2a VEKSELSTRAUM. Oslo, NKI forlaget.
Pelt T.van & Knol E.H. (1989) OPPGÅVESAMLING EL-lære 2a VEKSELSTRAUM. Oslo, NKI forlaget.
Programvare
Circuit-Maker
Nettressursar
www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar
www.elsiden.no → elektroteknikk/elektrisitetslære
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Automatisering Førde
- Elkraft Førde