65TE01P E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Automasjon
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Automatisering Førde
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

Ekom-regelverk

Risikovurdering

Planlegging

Prosjektering

Utføring

El-tryggleik/EMC

Infrastruktur

Kundenett

HMT

Kvalifikasjonar

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      har kunnskap om oppbygging og verkemåte for analoge og digitale elektroniske kommunikasjonsnett (ekom-nett, brannalarm, innbrot, overfall, fellesantenne, lyd- og bildedistribusjon, styringssystem etc.)
  •      kan vurdere eige arbeid i høve til ekom-lova, relevante forskrifter og normer
  •      kan vurdere alle aspekt ved installasjon i høve til gjeldande normer og krav for tryggleik og kvalitet
  •      har kunnskap om EMC og EMI i ekom-nett
  •      har kunnskap om transmisjonslinjer, infrastruktur og teknologi i ekom-nett
  •      har kunnskap om risikovurdering, planlegging og prosjektering av ekom-nett
  •      kjenner til ekom si utvikling og plass i samfunnet
  •      ha kunnskap om behov for og krav til reservekraft

Ferdigheter

Studenten:

  •      kan gjere greie for val av materiell og utstyr for installasjon og vedlikehald, ut frå teknisk dokumentasjon, og ta omsyn til støypåvirkning og EMC i grensesnitt mot brukarutstyr og andre nett
  •      kan bruke og gjere greie for val av programvare og verktøy for berekning, planlegging, kvalitetskontroll og dokumentasjon av ekom-nett
  •      kan gjere greie for val i prosjektering av ekom-nett
  •      kan bruke og gjere greie for bruk av test- og måleinstrument og kan vurdere resultatet av målingar, testar og analyser
  •      kan reflektere over eigen fagleg utøving ved å måle, teste og analysere elektroniske kommunikasjonssystem, tolke resultat og justere under rettleiing

Generell kompetanse

Studenten:

  •      kan planlegge, prosjektere og velje rett materiell for å installere, drifte og vedlikehalde ekom-nett ålene og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og gjeldande regelverk
  •      kan utføre arbeid etter spesifikajonar, behov og krav frå kundar, leverandørar og spesialistar
  •      kan bygge relasjonar med fagfeller innan ekom, på tvers av fag, og eksterne målgrupper som leverandørar og spesialistar
  •      kan utveksle kunnskap og erfaring med andre med bakgrunn i ekom og delta i diskusjonar om utvikling av nye løysingar, effektivt vedlikehald og god praksis
  •      kan bidra til å utvikle ein sunn bedriftskultur basert på dei verdiane som samfunnet ønsker og som vil gi bedrifta eit godt omdømme
  •      kan utøve fagleg leiing

Vurdering

Vurdering av emnekarakter består av ei mappe som tel inntil 30 % og ein eksamen som tel om lag 70 %. Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappe og eksamen. Begge må vere bestått for å få karakter i emnet.

Mappe:

   Arbeidskrav.

Eksamen:

   Dag 1 og 2: Produksjonsdel.

   Dag 3: Dokumentasjonsdel. Fem timar skriftleg eksamen.

Hjelpemiddel alle deler: alle hjelpemiddel tillete.

Eksamen er samarbeid mellom fleire skular.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
190 Time(r)
Sjølvstudium
93 Time(r)

Arbeidskrav

Det skal leverast inn minimum fire arbeidskrav som kan bestå av prosjektoppgåver, gruppeoppgåver, læringsnotat og liknande.

Fagressursar

Lærebøker E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)

Aunan, E., Sandvik, H & Ramleth, K.J. (2002) EMC-håndboka. Oslo, Elforlaget.

Norsk Elektroteknisk Komite NK25/205/215 (2016) NEK 700 (NEK 701, NEK 702 & NEK 703). Oslo, Elforlaget.

Norsk Elektroteknisk Komite NK301 (2018) NEK 399. Oslo, Elforlaget.

Nettressursar

www.nkom.no

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar www.ren.no

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Automatisering Førde

Emneansvarlig

Lasse Stenseth
Stig Svendsen Savland