65TE01P E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)
Emnefakta
- FagområdeAutomasjon
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAutomatisering Førde
- Startsemester2025 Haust
Om emnet
- Ekom-regelverk
- Risikovurdering
- Planlegging
- Prosjektering
- Utføring
- El-tryggleik/EMC
- Infrastruktur
- Kundenett
- HMT
- Kvalifikasjonar
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om oppbygging og verkemåte for analoge og digitale elektroniske kommunikasjonsnett (ekom-nett, brannalarm, innbrot, overfall, fellesantenne, lyd- og bildedistribusjon, styringssystem etc.)
- kan vurdere eige arbeid i høve til ekom-lova, relevante forskrifter og normer
- kan vurdere alle aspekt ved installasjon i høve til gjeldande normer og krav for tryggleik og kvalitet
- har kunnskap om EMC og EMI i ekom-nett
- har kunnskap om transmisjonslinjer, infrastruktur og teknologi i ekom-nett
- har kunnskap om risikovurdering, planlegging og prosjektering av ekom-nett
- kjenner til ekom si utvikling og plass i samfunnet
- ha kunnskap om behov for og krav til reservekraft
Ferdigheter
Studenten:
- kan gjere greie for val av materiell og utstyr for installasjon og vedlikehald, ut frå teknisk dokumentasjon, og ta omsyn til støypåvirkning og EMC i grensesnitt mot brukarutstyr og andre nett
- kan bruke og gjere greie for val av programvare og verktøy for berekning, planlegging, kvalitetskontroll og dokumentasjon av ekom-nett
- kan gjere greie for val i prosjektering av ekom-nett
- kan bruke og gjere greie for bruk av test- og måleinstrument og kan vurdere resultatet av målingar, testar og analyser
- kan reflektere over eigen fagleg utøving ved å måle, teste og analysere elektroniske kommunikasjonssystem, tolke resultat og justere under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planlegge, prosjektere og velje rett materiell for å installere, drifte og vedlikehalde ekom-nett ålene og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og gjeldande regelverk
- kan utføre arbeid etter spesifikajonar, behov og krav frå kundar, leverandørar og spesialistar
- kan bygge relasjonar med fagfeller innan ekom, på tvers av fag, og eksterne målgrupper som leverandørar og spesialistar
- kan utveksle kunnskap og erfaring med andre med bakgrunn i ekom og delta i diskusjonar om utvikling av nye løysingar, effektivt vedlikehald og god praksis
- kan bidra til å utvikle ein sunn bedriftskultur basert på dei verdiane som samfunnet ønsker og som vil gi bedrifta eit godt omdømme
- kan utøve fagleg leiing
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Tre dagars PPD-eksamen (planlegging, produksjon og dokumentasjon).
Dag 1 og 2: planlegging- og produksjonsdel.
Dag 3: Dokumentasjonsdel. Fem timar skriftleg eksamen.
Hjelpemiddel alle deler: alle hjelpemiddel tillete.
Eksamen er samarbeid mellom fleire skular.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 34 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 246 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
Fire innleveringar.
Fagressursar
Aunan, E., Sandvik, H & Ramleth, K.J. (2002) EMC-håndboka. Oslo, Elforlaget.
Norsk Elektroteknisk Komite NK25/205/215 (2016) NEK 700 (NEK 701, NEK 702 & NEK 703). Oslo, Elforlaget.
Norsk Elektroteknisk Komite NK301 (2018) NEK 399. Oslo, Elforlaget.
Nettressursar
www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar www.ren.no
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Automatisering Førde