65TE00B E5 Elektroniske systemer

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Elkraft
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Elkraft Førde
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

Analog- og digitalteknikk

Mikrokontrollteknikk

Elektronisk kommunikasjon

Elektronisk måleteknikk og laboratoriearbeid

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

·     kan oppbygging og verkemåte til komplekse digitale og analoge system

·     kan ulike metodar for elektronisk kommunikasjon og overføring av signal mellom einingar

·     kan kvalitetsvurdere kommunikasjonsløysingar og dimensjonering av analoge og digitale system

·     har kunnskap om elkraft- og ekom-forskriftene

Ferdigheter

Studenten:

·     kan utføre målingar med relevant måleutstyr på elektroniske system, og tolke måleresultata riktig

·     kan kople opp enkle laboratorieøvingar for å verifisere verkemåte

Generell kompetanse

Studenten:

·     kan dele kompetanse med medarbeidarar og til brukarar av systema

·     har grunnlag for vidare læring, nytenking og kreativitet

·     kan vurdere korleis relevante forskrifter påverkar elektroniske system

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

·     arbeidskrav, som tel inntil 20 %

·     prosjektoppgåve eller case, som tel omlag 80 %

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av vurderingsmappa.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
152 Time(r)
Sjølvstudium
131 Time(r)

Arbeidskrav

Fire arbeidskrav som kan bestå av læringsnotat, oppgåver, labøving og liknande.

Fagressursar

Lærebøker Emne 5 Elektroniske system

Haug, Rolf (2013) Elektroniske systemer for teknisk fagskule. Oslo, Yrkeslitteratur AS.

Klefstad, Bjørn m/fleire (2015) Innføring i datakommunikasjon. Oslo, Gyldendal Akademisk.

Gundersen, Trygve (2017) Elektroteknisk formelsamling. Elforlaget.

 

Nettressursar

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Automatisering Førde
  • Elkraft Førde

Emneansvarlig

Pål Ståvi
Lasse Stenseth