65TE00B E5 Elektroniske systemer
Emnefakta
- FagområdeElkraft
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramElkraft Førde
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Analog- og digitalteknikk
Mikrokontrollteknikk
Elektronisk kommunikasjon
Elektronisk måleteknikk og laboratoriearbeid
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· kan oppbygging og verkemåte til komplekse digitale og analoge system
· kan ulike metodar for elektronisk kommunikasjon og overføring av signal mellom einingar
· kan kvalitetsvurdere kommunikasjonsløysingar og dimensjonering av analoge og digitale system
· har kunnskap om elkraft- og ekom-forskriftene
Ferdigheter
Studenten:
· kan utføre målingar med relevant måleutstyr på elektroniske system, og tolke måleresultata riktig
· kan kople opp enkle laboratorieøvingar for å verifisere verkemåte
Generell kompetanse
Studenten:
· kan dele kompetanse med medarbeidarar og til brukarar av systema
· har grunnlag for vidare læring, nytenking og kreativitet
· kan vurdere korleis relevante forskrifter påverkar elektroniske system
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· arbeidskrav, som tel inntil 20 %
· prosjektoppgåve eller case, som tel omlag 80 %
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av vurderingsmappa.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 152 Time(r) | |
Sjølvstudium | 131 Time(r) |
Arbeidskrav
Fire arbeidskrav som kan bestå av læringsnotat, oppgåver, labøving og liknande.
Fagressursar
Lærebøker Emne 5 Elektroniske system
Haug, Rolf (2013) Elektroniske systemer for teknisk fagskule. Oslo, Yrkeslitteratur AS.
Klefstad, Bjørn m/fleire (2015) Innføring i datakommunikasjon. Oslo, Gyldendal Akademisk.
Gundersen, Trygve (2017) Elektroteknisk formelsamling. Elforlaget.
Nettressursar
www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Elkraft Førde