65TB03F E8 Elektro og automatisering

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

  • Elektroteknikk
  • Reguleringsteknikk, automatisering og sentral driftskontroll
  • VVS-teknisk systemkjennskap Teknisk integrasjon og grensesnitt

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      har kunnskap om Boolsk algebra, digitalteknikk og kretsteknikk som grunnlag for styring av VVS- tekniske installasjonar
  •      har innsikt i grunnleggande reguleringsteknikk og ulike typar regulatorar
  •      har kunnskap om korleis regulatoren innverkar på dynamikken i reguleringssystemet
  •      har innsikt i funksjon og verkemåte til dei vanlegaste elektromekaniske komponentane i automatiserte VVS-anlegg, inkludert batterier, vekslarar, gjenvinnerar, reguleringsventilar, vifter, pumper, kjølemaskiner, varmepumper, avfuktar og elektriske motorar
  •      har kunnskap om uttesting, feilsøking og vedlikehald av automatiserte klimaanlegg
  •      har innsikt i sentral driftskontroll
  •      har kunnskap om datakommunikasjon mellom einingane i eit driftskontrollsystem
  •      kjenner til krav til montering og dokumentasjon av elektriske klimaanlegg
  •      har kunnskap om lavspenningsinstallasjonar og standarden NEK 400

Ferdigheter

Studenten:

  •      kan lese og teikne flytskjema
  •      kan lese og teikne enkle elektriske skjema og teikningar
  •      kan lese og skrive enkle PLS program
  •      kan rekne ut og måle elektrisk energi og effekt
  •      kan rekne på og måle seriekopla, parallellkopla og trefasa kretsar
  •      kan utarbeide kravspesifikasjon for automatiserte VVS-anlegg
  •      kan kontrollere og teste automatiserte VVS-anlegg med omsyn til funksjon og yting
  •      kan bruke digitale hjelpemiddel til å modellere og simulere automatiserte VVS-anlegg
  •      kan måle trykk, temperatur og volumstraum i VVS-installasjonar
  •      kan bruke aktuelle forskrifter, normer, dokumentasjon og aktuelle reglar for VVS-anlegg

Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan jobbe tverrfagleg samt bruke teknologi og kunnskap innan reguleringsteknikk, automasjon, elektroteknikk og sentral driftskontroll for å skape heilskaplege VVS-løysingar og eit godt inneklima

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar med meir.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

·     tre skriftlege individuelle oppgåver som til saman tel 70 % av emnekarakteren

·     ein skriftleg grupperapport som tel 30 % av emnekarakteren

 

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
43 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
240 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

Ingen

Fagressursar

Lærebøker i emnet vert oppgitt ved skulestart.

 

Nettressursar

Ventøk: håndbok i ventilasjon. Oslo, Skarland Press/Norsk VVS Elektronisk versjon av desse og fleire andre fagressursar er å finne i

VVS- og byggebransjens kompetansebibliotek: www.kompetansebiblioteket.no

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde

Emneansvarlig

Camilla Fresvik