65TB03F E8 Elektro og automatisering
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramKEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
- Elektroteknikk
- Reguleringsteknikk, automatisering og sentral driftskontroll
- VVS-teknisk systemkjennskap Teknisk integrasjon og grensesnitt
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om Boolsk algebra, digitalteknikk og kretsteknikk som grunnlag for styring av VVS- tekniske installasjonar
- har innsikt i grunnleggande reguleringsteknikk og ulike typar regulatorar
- har kunnskap om korleis regulatoren innverkar på dynamikken i reguleringssystemet
- har innsikt i funksjon og verkemåte til dei vanlegaste elektromekaniske komponentane i automatiserte VVS-anlegg, inkludert batterier, vekslarar, gjenvinnerar, reguleringsventilar, vifter, pumper, kjølemaskiner, varmepumper, avfuktar og elektriske motorar
- har kunnskap om uttesting, feilsøking og vedlikehald av automatiserte klimaanlegg
- har innsikt i sentral driftskontroll
- har kunnskap om datakommunikasjon mellom einingane i eit driftskontrollsystem
- kjenner til krav til montering og dokumentasjon av elektriske klimaanlegg
- har kunnskap om lavspenningsinstallasjonar og standarden NEK 400
Ferdigheter
Studenten:
- kan lese og teikne flytskjema
- kan lese og teikne enkle elektriske skjema og teikningar
- kan lese og skrive enkle PLS program
- kan rekne ut og måle elektrisk energi og effekt
- kan rekne på og måle seriekopla, parallellkopla og trefasa kretsar
- kan utarbeide kravspesifikasjon for automatiserte VVS-anlegg
- kan kontrollere og teste automatiserte VVS-anlegg med omsyn til funksjon og yting
- kan bruke digitale hjelpemiddel til å modellere og simulere automatiserte VVS-anlegg
- kan måle trykk, temperatur og volumstraum i VVS-installasjonar
- kan bruke aktuelle forskrifter, normer, dokumentasjon og aktuelle reglar for VVS-anlegg
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan jobbe tverrfagleg samt bruke teknologi og kunnskap innan reguleringsteknikk, automasjon, elektroteknikk og sentral driftskontroll for å skape heilskaplege VVS-løysingar og eit godt inneklima
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar med meir.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· tre skriftlege individuelle oppgåver som til saman tel 70 % av emnekarakteren
· ein skriftleg grupperapport som tel 30 % av emnekarakteren
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 43 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 240 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
Ingen
Fagressursar
Lærebøker i emnet vert oppgitt ved skulestart.
Nettressursar
Ventøk: håndbok i ventilasjon. Oslo, Skarland Press/Norsk VVS Elektronisk versjon av desse og fleire andre fagressursar er å finne i
VVS- og byggebransjens kompetansebibliotek: www.kompetansebiblioteket.no
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde