65TB03F E8 Elektro og automatisering
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramKEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Elektroteknikk
Reguleringsteknikk, automatisering og sentral driftskontroll
VVS-teknisk systemkjennskap Teknisk integrasjon og grensesnitt
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· har kunnskap om Boolsk algebra, digitalteknikk og kretsteknikk som grunnlag for styring av VVS- tekniske installasjonar
· har innsikt i grunnleggande reguleringsteknikk og ulike typar regulatorar
· har kunnskap om korleis regulatoren innverkar på dynamikken i reguleringssystemet
· har innsikt i funksjon og verkemåte til dei vanlegaste elektromekaniske komponentane i automatiserte VVS-anlegg, inkludert batterier, vekslarar, gjenvinnerar, reguleringsventilar, vifter, pumper, kjølemaskiner, varmepumper, avfuktar og elektriske motorar
· har kunnskap om uttesting, feilsøking og vedlikehald av automatiserte klimaanlegg
· har innsikt i sentral driftskontroll
· har kunnskap om datakommunikasjon mellom einingane i eit driftskontrollsystem
· kjenner til krav til montering og dokumentasjon av elektriske klimaanlegg
· har kunnskap om lavspenningsinstallasjonar og standarden NEK 400
Ferdigheter
Studenten:
· kan lese og teikne flytskjema
· kan lese og teikne enkle elektriske skjema og teikningar
· kan lese og skrive enkle PLS program
· kan rekne ut og måle elektrisk energi og effekt
· kan rekne på og måle seriekopla, parallellkopla og trefasa kretsar
· kan utarbeide kravspesifikasjon for automatiserte VVS-anlegg
· kan kontrollere og teste automatiserte VVS-anlegg med omsyn til funksjon og yting
· kan bruke digitale hjelpemiddel til å modellere og simulere automatiserte VVS-anlegg
· kan måle trykk, temperatur og volumstraum i VVS-installasjonar
· kan bruke aktuelle forskrifter, normer, dokumentasjon og aktuelle reglar for VVS-anlegg
Generell kompetanse
Studenten:
Kan jobbe tverrfagleg samt bruke teknologi og kunnskap innan reguleringsteknikk, automasjon, elektroteknikk og sentral driftskontroll for å skape heilskaplege VVS-løysingar og eit godt inneklima
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· fem skriftlege individuelle oppgåver som til saman tel 70 % av emnekarakteren
ein skriftleg grupperapport som tel 30 % av emnekarakteren
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 152 Time(r) | |
Sjølvstudium | 131 Time(r) |
Arbeidskrav
Ingen
Fagressursar
Litteraturliste: E8 Elektro og automatisering
Lærebøker i emnet vert oppgitt ved skulestart.
Nettressursar
Ventøk: håndbok i ventilasjon. Oslo, Skarland Press/Norsk VVS Elektronisk versjon av desse og fleire andre fagressursar er å finne i
VVS- og byggebransjens kompetansebibliotek: www.kompetansebiblioteket.no
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no