65TB58C BS E9 Bygningsfysikk

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygningssakkyndig
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

Bygningsfysikk og inneklima

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •    har kunnskap om dei mest vanlege abiotiske faktorane (for eksempel temperatur, fukt, svevestøv, radon, CO2) og biotiske faktorar (bakteriar, muggsoppar) og luktkjelder som verkar inn på inneklimaet
  •     har kunnskap om kva som er normale verdiar og kva som er avvik i eit inneklima i bygningar
  •     har kunnskap om prøvetakings- og testmetodar
  •      har kunnskap om bygningen sin energiflyt
  •      har kunnskap om internlaster i ulike bygningskategoriar
  •      har kunnskap om dei ulike ventilasjonsprinsippa
  •      har generell kunnskap om vassborne anlegg
  •      har generell kunnskap om kjøleanlegg
  •      har generell kunnskap om automasjon
  •      veit kva tekniske forskrifter og standardar som gjeld
  •      har kunnskap om konsekvensar av val av bygningsmateriale og byggemetodar
  •      veit om, og kan bruke, Enova sine støtteprogram
  •     kjenner til kva som ligg i omgrepet reint, tørt bygg
  •      har kjennskap til måling av bygningar sin tettleik og lekkasjetal
  •      har kunnskap om kontroll av våtrom og tettleik av klimaskjerm i samsvar med forskriftskrav

Ferdigheter

Studenten:

  •    kan skildre aktuelle kjelder og årsaker til negativ inneklimabelastning
  •     kan undersøke og vurdere vanlege inneklimaproblem
  •     kan rapportere skildringar av resultat og vurdering av aktuelle tiltak
  •      kan utføre manuelle varmetapsberekningar
  •      kan bruke berekningsprogrammet «Simien»
  •      kan tolke utdata frå Simien
  •      kan rekne doggpunkt i konstruksjonar
  •      kan gjere enkle termodynamiske berekningar
  •      kan bruke «Mollier-diagram»
  •      kan utføre energivurdering av bygg i samsvar med «energimerkelova»
  •      kan utføre energivurdering i samsvar med gjeldande teknisk forskrift (TEK)
  •      kan bruke gjeldande standard/spesifikasjon innan område energiberekning  (NS 3031/SN-NSPEK 3031 og NS 3700)
  •      kan gjere greie for gjeldande brann- og lydkrav
  •      kan bruke NS 3514 som grunnlag for fuktsikker byggeprosess
  •      kan gjennomføre uavhengig kontroll av våtrom og lufttettleik innanfor tiltaksklasse 1

Generell kompetanse

Studenten:

  •     har kompetanse om korleis inneklima verkar inn på helsemessige plager og klager til bebuarar og brukarar av bygningar
  •     har kompetanse om moglegheiter og avgrensingar i tolkingar ved konsekvensar av inneklimaeksponering
  •     har kompetanse om korleis teknisk faginformasjon om inneklima skal formidlast til eigarar og helsepersonale  
  •      kan bruke «Simien» på eit tverrfagleg nivå
  •      har generell tverrfagleg forståing for dei tekniske faga
  •      kan fungere som koordinator for dei tekniske faga
  •      kunne vurdere og kontrollere om planlagde bygg, og bygg under oppføring, tilfredsstiller NS 3514, fuktsikker byggeprosess
  • skal kunne utføre uavhengig kontroll av våtrom med synfaring og kontrollere lufttettleik i eit bygg

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar og framføring av hovudprosjekt.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

  •      ei innlevering
  •      ei prøve
  •      ei øving med skriftleg rapport
  •      Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
  •      Mappevurdering av arbeidsmappe med læringsnotat og oppgåver.
  •      Presentasjonsmappe med obligatoriske læringsnotat og oppgåver.

     Vurdering av faglærarar og ekstern sensor med karakter A-F ut frå gjeldande kriterium.

Karakteren settes etter ei helheitleg vurdering.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
41 Time(r)
Egenstyrt aktivitet
242 Time(r)

Arbeidskrav

  • Ei innlevering.
  •     To refleksonsnotat evt video. Omfang 1000 – 1500 ord pr. notat eller 5-10 min video.
  •     Ei fagleg oppgåve, enten individuelt eller i grupper. Omfang 1000 – 2000 ord
  • Arbeidskravet kan også vere undervegvurderingar av innleveringsoppgåver.

Fagressursar

Espedal, K.J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Tilgang til Norsk standard  www.standard.no

Tilgang til byggforskserien www.byggforsk.no

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Bygningssakkyndig

Emneansvarlig

Viggo Leikanger