65TB58C BS E9 Bygningsfysikk - 2023 Haust

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygningssakkyndig
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Bygningsfysikk og inneklima

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

·   har kunnskap om dei mest vanlege abiotiske faktorane (for eksempel temperatur, fukt, svevestøv, radon, CO2) og biotiske faktorar (bakteriar, muggsoppar) og luktkjelder som verkar inn på inneklimaet

·    har kunnskap om kva som er normale verdiar og kva som er avvik i eit inneklima i bygningar

·    har kunnskap om prøvetakings- og testmetodar

·     har kunnskap om bygningen sin energiflyt

·     har kunnskap om internlaster i ulike bygningskategoriar

·     har kunnskap om dei ulike ventilasjonsprinsippa

·     har generell kunnskap om vassborne anlegg

·     har generell kunnskap om kjøleanlegg

·     har generell kunnskap om automasjon

·     veit kva tekniske forskrifter og standardar som gjeld

·     har kunnskap om konsekvensar av val av bygningsmateriale og byggemetodar

·     veit om, og kan bruke, Enova sine støtteprogram

·     kjenner til kva som ligg i omgrepet reint, tørt bygg

·     har kjennskap til måling av bygningar sin tettleik og lekkasjetal

·     har kunnskap om kontroll av våtrom og tettleik av klimaskjerm i samsvar med forskriftskrav

Ferdigheiter

Studenten:

·   kan skildre aktuelle kjelder og årsaker til negativ inneklimabelastning

·    kan undersøke og vurdere vanlege inneklimaproblem

·    kan rapportere skildringar av resultat og vurdering av aktuelle tiltak

·     kan utføre manuelle varmetapsberekningar

·     kan bruke berekningsprogrammet «Simien»

·     kan tolke utdata frå Simien

·     kan rekne doggpunkt i konstruksjonar

·     kan gjere enkle termodynamiske berekningar

·     kan bruke «Mollier-diagram» for tørr luft

·     kan utføre energivurdering av bygg i samsvar med «energimerkelova»

·     kan utføre energivurdering i samsvar med TEK 10 og TEK 17

·     kan bruke NS 3031 og NS 6450

·     kan gjere greie for gjeldande brann- og lydkrav

·     kan bruke NS 3514 som grunnlag for fuktsikker byggeprosess

·     kan gjennomføre uavhengig kontroll av våtrom og lufttettleik innanfor tiltaksklasse 1

Generell kompetanse

Studenten:

·    har kompetanse om korleis inneklima verkar inn på helsemessige plager og klager til bebuarar og brukarar av bygningar

·    har kompetanse om moglegheiter og avgrensingar i tolkingar ved konsekvensar av inneklimaeksponering

·    har kompetanse om korleis teknisk faginformasjon om inneklima skal formidlast til eigarar og helsepersonale  

 

·     kan bruke «Simien» på eit tverrfagleg nivå

·     har generell tverrfagleg forståing for dei tekniske faga

·     kan fungere som koordinator for dei tekniske faga

·     kunne vurdere og kontrollere om planlagde bygg, og bygg under oppføring, tilfredsstiller NS 3514, fuktsikker byggeprosess

skal kunne utføre uavhengig kontroll av våtrom med synfaring og kontrollere lufttettleik i eit bygg

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

·     ei innlevering

·     ei prøve

·     ei øving med skriftleg rapport

·     Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

 

·     Mappevurdering av arbeidsmappe med læringsnotat og oppgåver.

·     Presentasjonsmappe med obligatoriske læringsnotat og oppgåver.

·     Vurdering av faglærarar og ekstern sensor med karakter A-F ut frå gjeldande kriterium.

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Undervisning
45 Tima(r)
Sjølvstudium
235 Tima(r)

Obligatoriske læringsaktivitetar

Ei innlevering.

·    To læringsnotat. Omfang 1000 – 1500 ord pr. notat

·    Ei fagleg oppgåve, enten individuelt eller i grupper. Omfang 1000 – 2000 ord

Studentane skal skrive minst eitt sjølvstendig innlegg og kommentere minst tre innlegg frå medstudentar i blogg for kvart tema. Omfang minst 50 ord pr. innlegg

Litteratur- og utstyrsliste

E9 Bygningsfysikk

Espedal, K.J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Emneansvarleg

Viggo Leikanger
Jytte Kristin Eikenes