65TE13D E9 Elektriske installasjoner og elenergianlegg
Emnefakta
- FagområdeElkraft
- Studiepoeng15
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramElkraft Førde
- Startsemester2025 Haust
Om emnet
Fagleg leiing og ansvar
Risikovurdering
Lover, forskrifter, normer og rammevilkår
Eltryggleik
Internkontroll
Avtaler og kontrakter i praksis
Prosjektering
Prosjektleiing
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· har kunnskap om styring, kommunikasjon og overvaking av elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
· har kunnskap om EMC og EMI i elektriske og automatiserte installasjonar
· har kunnskap om risikovurdering, forhandlingar, kontraktsinngåing, leveransar og personalhandtering
· kan vurdere kva for etiske, juridiske og økonomiske vilkår som ligger til grunn for eige arbeid
· har kunnskap om metodar som analyserer samanheng mellom leiing, tidsbruk, økonomi og kvalitet i ein arbeidsprosess
· har kunnskap om kontrakter, ansvarsrett og entrepriseformer
· har kunnskap om interkontrollforskrifta og IK-system
· har kunnskap om relevante lover, forskrifter og normer, som regulerer elektriske installasjoner, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
· har kunnskap om BIM
· har kunnskap om verktøy og metodar som vert brukt til prosjektplanegging og prosjektstyring av elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
· har kunnskap om eltryggleik, internkontroll og HMT for eit elektroforetak
· har kunnskap om risiko knytt til elektriske installasjoner, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg når det gjeld eltryggleik og konsekvensar for samfunnet elles
Ferdigheter
Studenten:
· kan gjere greie for korleis EMC og EMI påverkar elektriske og automatiserte system
· kan gjere greie for korleis overspenning påverkar elektriske og automatiserte system
· kan finne, bruke og vise til lover, forskrifter, normer, datablader og faglitteratur og vurdere relevansen for elektriske installasjonar, elektriske forsyningsanlegg og produksjonsanlegg
· kan anvende BIM ved prosjektering av elektriske installasjonar, elektriske forsyningsanlegg og produksjonsanlegg
· kan kartlegge ein arbeidssituasjon og vurdere behov for ressursar og kva for aktivitetar som skal gjennomførast
· kan gjere greie for rutinar for kartlegging av kompetanse om eltryggleik i eit føretak
Spesielt for fordypning:
Tre fordjupingar
• elektriske installasjonar
• elektriske forsyningsanlegg og produksjonsanlegg
• maritime anlegg
· kan gjere greie for val ved prosjektering og drift av elektriske installasjonar/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg
· kan gjere greie for val av entrepriseformer for elektriske installasjoner/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg
· kan gjere greie for overvaking, styring og sikring av elektriske installasjoner/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg
· kan gjere greie for utføringa av elektriske installasjoner/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg
· kan vurdere korleis forskrifter og normer påverkar internkontrollsystem ved arbeid på elektriske installasjoner/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg
· kan gjere greie for val og bruk av verktøy og metodar som vert nytta til risikovurdering, planlegging og dokumentasjon av elektriske installasjoner/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg
Generell kompetanse
Studenten:
· kan planlegge elektriske installasjonar/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg ålene og som deltakar i gruppe og i tråd med kunden sine behov for tekniske løysingar, kvalitet og økonomi
· kan vedlikehalde kvalitetssikrings- og internkontrollsystem for elektriske installasjonar/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg
· kan prosjektere elektriske installasjonar/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg etter kunden sine behov
· kan bygge relasjonar på tvers av fag og leie arbeid med tverrfaglege prosjekt
· kan planlegge og gjennomføre arbeid med elektriske installasjonar/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg med tanke på planlegging, kvalitet, arbeidsfordeling og kontroll av framdrift og effektivitet
· kan planlegge og gjennomføre tekniske entreprisar og totalentreprisar for elektriske installasjoner/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg
· kan utføre arbeid som fagleg ansvarleg på elektriske installasjoner/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg
· kan planlegge og gjennomføre kontroll og diagnostisering av elektriske installasjonar/elektriske forsyningsanlegg og elektriske produksjonsanlegg/maritime anlegg ålene og i gruppe og vurdere om anlegget er i tråd med etiske krav og retningslinjer
· kan planlegge og gjennomføre arbeid med internkontroll i eit føretak
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· arbeidskrav, som tel inntil 20 %
· ei emneprøve på fem timar etter at emnet er avslutta, som tel omlag 80 %
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av vurderingsmappa.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 228 Time(r) | |
Sjølvstudium | 197 Time(r) |
Arbeidskrav
Fire arbeidskrav som består av oppgåver.
Fagressursar
Lærebøker E9 Elektriske installasjoner og elenergianlegg
Norsk Elektroteknisk Komite NK64 (2018) NEK 400. Oslo Elforlaget.
Norsk Elektroteknisk Komite NK301 (2018) NEK 399. Oslo, Elforlaget.
Nettressursar
www.ren.no – relevante REN blad www.nelfo.no
www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante standardar
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Elkraft Førde