65TT04R E9 DAK og design

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Maskinteknikk
    • Studiepoeng
      12
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Maskinteknikk Førde
    • Startsemester
      2025 Haust

Om emnet

  • DAK og design

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om databasert modellering og simuleringar
  • kan gjere greie for metodar for riktig val av materiale og design av konstruksjonar
  • har kunnskap om krefter og spenningar i konstruksjonar

Ferdigheter

Studenten:

  • kan bruke dataassisterte teikneprogram og foreslå ulike konstruktive løysningar som kan visualiserast i 3D og nytte 3D-modellar til å lage teikningsunderlag
  • kan utføre design, modellering og visualisering ved hjelp av Inventor og 3D- printer
  • kan dokumentere prosessar frå idé til ferdig produkt
  • kan løyse problemstillingar innan brukarsentrert og marknadsorientert industridesign
  • kan berekne krefter og spenningar i konstruksjonar ved hjelp av designkalkulator og simulering i Inventor
  • kan analysere verknaden av endra vilkår på konstruksjonen, enten dette gjelder storleik og retning på krefter eller endringar på konstruksjonsdelen

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan utvikle kompetanse i formutvikling og design gjennom problemløysande prosessar
  • skal kunne vurdere samanhengane mellom val av materiale, styrke, funksjon og form
  • kan utføre designoppgåver i tråd med formelle krav og faglege standardar

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Mappevurdering som inneheld fire innleveringer.

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
48 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
288 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

Fire innleveringar.

Fagressursar

Lærebok
Hansen, J. mfl. (2010) Tegning og dokumentasjon med AutoCAD Inventor. 1. utg. Oslo, Gyldendal.

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Maskinteknikk Førde

Emneansvarlig

Kjell Håvard Fjeldsaunet
Stig Svendsen Savland