65TE13B E7 Elektrisk kraftproduksjon og -distribusjon

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Elkraft
    • Studiepoeng
      12
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Elkraft Førde
    • Startsemester
      2025 Haust

Om emnet

  • Fagleg leiing
  • Risikovurdering
  • Elektriske maskiner og omformarar
  • Bryteranlegg og koblingsutstyr
  • Elektriske overføringsanlegg og -utstyr
  • Styrings- og reguleringssystem
  • Elektronisk kommunikasjon
  • Dimensjonering og måleteknikk
  • Driftsanalyser og feildiagnostikk
  • Dokumentasjon

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om kraftsystemets oppbygging, systemkomponentar og regelverk som regulerer energiproduksjon, -distribusjon og handel med elektrisk energi
  • har kunnskap om dagens energikjelder og nye typar fornybar energi
  • har kunnskap om kraftproduksjonen sin påverknad på tryggleik, miljø og klima
  • har kunnskap om samfunnstryggleik og naudstraumsforsyning i kraftsystemet
  • har kunnskap om vedlikehald, driftstilstandar og feilsituasjoner i elektriske forsyningsanlegg og produksjonsanlegg
  • har kunnskap om transformatorar, vern og jording i elektriske forsyningsanlegg og produksjonsanlegg
  • har kunnskap om risikovurdering, planlegging, prosjektering og drift av enkle elektriske forsyningsanlegg og produksjonsanlegg
  • kan vurdere behov for tryggleikstiltak ved arbeid på elektriske anlegg med bakgrunn i relevante lover og forskrifter
  • har kunnskap om korleis elektriske produksjons- og forsyningsanlegg sine eigenskapar vert påverka av aldring og ytre påkjenningar som t.d. trykkvariasjon, temperatur og fukt
  • har kunnskap om EMC og korleis EMI påverkar elektriske produksjon- og forsyningsanlegg
  • har kunnskap om korleis overspenning påverkar elektriske produksjon- og forsyningsanlegg
  • har kunnskap om relevante forskrifter og normer som regulerer energiproduksjon og distribusjonsanlegg
  • kjenner til elkraftbransjen sin historie og utvikling
  • kan oppdatere yrkesfaglig kunnskap innan elektrisk energiproduksjon og -distribusjon
  • har kunnskap om AMS, lastprioritering og smartgrid

Ferdigheter

Studenten:

  • kan utføre og gjere greie for val av måleutstyr til å utføre og vurdere målingar på elektriske maskiner og omformarar for å kartlegge aktuelle karakteristikkar, og for å avdekke normale og unormale tilstandar
  • kan utføre og gjere greie for overvaking, styring og sikring av elektriske produksjon- og distribusjonsnett
  • kan gjere greie for sjølvinduktans, kapasitans, resistans, spenningsfall, fasekompensering, kortslutningar, effekttap og spenningsfall i elektriske produksjon- og forsyningsanlegg
  • kan finne, lese og utarbeide relevant dokumentasjon elektriske produksjons- og forsyningsanlegg, elektriske maskiner og omformarar og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
  • kan gjere greie for val av elektriske maskiner og omformarar som vert brukt i elektriske produksjons- og distribusjonsanlegg
  • kan utveksle teknisk informasjon med ulike aktørar i arbeidslivet og i samfunnet elles og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving innan elektrisk energiproduksjon og -distribusjon og justere denne under rettleiing

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan utarbeide relevant dokumentasjon og teikningsunderlag for transformatorar, elektriske maskiner og elektriske produksjons- og forsyningsanlegg
  • kan velje arbeidsmetodar som tilfredsstiller krav til HMT og eltryggleik ved arbeid på elektriske anlegg i samsvar med FEK, FSE og Forskrift om maskiner
  • kan feilsøke, diagnostisere og prosjektere elektriske forsyningsanlegg ålene og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav, retningslinjer, tryggleik og relevante lover og forskrifter
  • kan leie faglege grupper som arbeider med elektriske maskiner med omsyn til tekniske krav, HMT og relevante forskrifter
  • kan bygge relasjonar med fagfeller innan elektrisk kraftproduksjon og -distribusjon, på tvers av fag, og med eksterne målgrupper
  • kan utveksle teknisk informasjon med ulike aktørar i arbeidslivet og i samfunnet elles og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsformen er mappevurdering.

Mappa inneheld:

  •      innlevering, som tel 20 %
  •      ei emneprøve på fem timar etter at emnet er avslutta, som tel 80 %

 

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
41 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
295 Time(r)
Deltid

Fagressursar

Lærebøker emne 7 Elektrisk kraftproduksjon og -distribusjon

Dalva, M. & Thorsen, O. V.(2001) Elektriske maskiner og omformere, Oslo, Gyldendal Yrkesopplæring. NB!! Denne boka har forlaget slutta å produsere, Men viss studentar har tilgang til den, så er det greitt. NB!!

Sivertsen, Lasse, 2019, Elektriske maskiner (oppbygging, virkemåte og drift), Fagbokforlaget

Svarte, S. Sebergsen, J. H. (2002) Energiproduksjon og energidistribusjon (produksjon, nettsystemer og beregninger), Oslo, Gyldendal undervisning

Svarte, S. & Sebergsen, J. H. (2002) Energiproduksjon og energidistribusjon (jordfeil, anlegg og sikkerhet), Oslo, Gyldendal undervisning

Nettressursar

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter. www.standard.no – relevante reglar.

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Elkraft Førde

Emneansvarlig

Pål Ståvi
Lasse Stenseth