64TB79F E6 FDVU, livsløp og levetid til bygg

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Grøn omstilling
    • Studiepoeng
      7,5
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Grøn omstilling i byggebransjen 2024
    • Startsemester
      2025 Haust

Om emnet

  • Livsløp
  • Levetid i bygg

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om fasar i livsløpet til ein bygning
  • kjenner til hovudtrekk i norsk bygnings- og arkitekturhistorie innan
    stilhistorie, materialbruk og konstruksjonar
  • har kunnskap om god byggeskikk, estetikk og byggkvalitet
  • kjenner til hovudtrekk i den historiske utviklinga for tekniske installasjonar i bygningar
  • har kunnskap i ombyggingsprosessen – utgreiing, planlegging og gjennomføring
  • har kunnskap om teknisk tilstandsregistrering og analyse
  • kjenner til typiske byggtekniske problemområde ved ombygging og vedlikehald
  • har kunnskap om livsløpsøkonomi og funksjonsanalyse
  • har kunnskap om relevante lover, forskrifter og standardar
  • har kunnskap om metodar for å evaluere livsløpsanalyse til bygningar og kunne vurdere grensesnitt for utslepp

Ferdigheter

Studenten:

  • kan greie ut om korleis ein bygning sine eigenskapar og økonomi utviklar seg gjennom livsløpet
  • kan gjennomføre ei tilstandsregistrering og analyse i samsvar med NS 3424 og andre relevante standardar
  • kan utforme drifts- og vedlikehaldsplanar
  • kan analysere og vurdere organisering og økonomi i ein FDV-organisasjon 
  • kan gjere vurderingar for god og ressurseffektiv bygningsforvaltning
  • kan gjere ei vurdering på kva som er det beste for miljøet mellom alternativa bevaring, grad av transformasjon, rehabilitering eller riving og nybygg
  • forstår korrelasjonen og dilemma mellom bygningsforvaltning og miljøomsyn

Generell kompetanse

Studenten:

  • har forståing for kva bygningar betyr for samfunn og miljø
  • har forståing for korleis ei verksemd vert påverka av bygningen sine eigenskapar 
  • har forståing for bygningar sin ressursbruk og miljøpåverknad
  • kan utføre ei tilstandsanalyse av eit bygg og utforme ein tilstandsrapport
  • kan vurdere dilemma ved val ein gjer i ulike delar av ein bygning sitt livsløp

Vurdering

Ei praktisk oppgåve i gruppe  og ein individuell videopresentasjon

Det gis ein samla karakter etter ein heilskapeleg vurdering.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
34 Time(r)
Egenstyrt aktivitet
156 Time(r)

Arbeidskrav

Synfaring i samband med praktisk oppgåve

Ei praktisk oppgåve i gruppe

Fagressursar

Læremateriell:

Haugen, T.B., Sæbøe, O.E., Foss, M. (2020): Eiendomsforvaltning- facility management, Fagforlaget

Geving, S.(2021):  Praktisk bygningsfysikk, Fagforlaget.

SINTEF Byggforskserien.  https://www.byggforsk.no/byggforskserien 

Norsk standard.  www.standard.no

Tilleggslitteratur:

One Click LCA (programvarelisens)

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Grøn omstilling i byggebransjen 2024

Emneansvarlig

Jytte Kristin Eikenes
Narayan Dungana