Grøn omstilling i byggebransjen 2024
Studiefakta
- FagområdeGrøn omstilling
- Studiepoeng60
- StudiestadFørde
- StudieformDeltid
- Startsemester2024 Haust
Grøn omstilling i byggebransjen 2024
Om studiet
Omstilling i byggebransjen er viktig for å nå målsetjingar om redusert utslepp av klimagassar og meir berekraftig forbruk av ressursar. Noreg har som mål å bli lågutsleppssamfunn innan 2050 (Klimaloven, 2017, § 4), og regjeringa har kome med tydelege signal om at byggebransjen skal bidra i omstillinga.
Nye lovkrav, forskrifter og retningslinjer vil bli innført i stort tempo framover, og ein del er allereie innført. Eit døme er EUs krav om 70 % ombruk eller materialgjenvinning av avfall frå bygg- og anlegg som Noreg har forplikta seg til. Men tal frå SSB viser at andel materialgjenvinning framleis ligg godt under 50 % (Chaudary, 2019).
Studiet Grøn omstilling i byggebransjen er ei sjølvstendig eittårig utdanning som byggjer på studentane sin relevante kompetanse, enten realkompetanse, fagbrev, tidlegare fagskuleutdanning eller høgare utdanning innan bygg og anlegg.
Studiet har som mål å utvikle ei berekraftig byggenæring for kommande generasjonar med utøvande aktørar i bransjen.
Noreg har lange tradisjonar innan fagskuleutdanning. Dei første fagskulane starta allereie på 1850-tallet. Fagskulane har utvikla seg ut i frå behov i samfunnet og i takt med den generelle skule- og samfunnsutviklinga. I dei seinare åra har fagskulen blitt plassert inn i utdanningssystemet som ein av utdanningsvegane ein student kan velje. Lov om høgare yrkesfagleg utdanning definerer fagskuleutdanninga slik:
«Fagskoleutdanning er høyere yrkesfaglig utdanning og ligger på nivå over videregående opplæring. Fagskoleutdanning gir kompetanse som kan tas i bruk i arbeidslivet uten ytterligere opplæringstiltak».
Kompetansen fagskulen gir er spesiell fordi den bygger på praktisk kompetanse frå fagbrev i vidaregåande skule. Fagskulen si oppgåve er å tilføre studentane teoretisk kunnskap som bygger på den praktiske kompetansen frå vidaregåande skule. Etterspurnaden etter arbeidskraft med denne kompetansen er allereie stor. Prognosane tilseier at etterspurnaden vil auke i framtida.
Lov om høgare yrkesfagleg utdanning seier at fagskulen skal legge til rette for at fagskuleutdanninga har høg kvalitet. Studietilboda må difor godkjennast av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) før den einskilde fagskulen kan tilby utdanninga til studentane. I tillegg må fagskulane til ein kvar tid revidere grunnleggande system og studieplanar. Dette sikrar at utdanningane er på eit nasjonalt nivå.
Fagskulen Vestland har studietilbod som er godkjent og vi har eit system for revidering av grunnleggande føresetnader. På denne måten kan vi til ei kvar tid tilby studentane høg kvalitet i studiet. Vi vektlegg i tillegg eit nært samarbeid med arbeids- og næringsliv i regionen. Dette sikrar at fagskuleutdanninga er oppdatert og at studentane har den kunnskapen arbeids- og næringsliv etterspør.
Læringsutbyte
Kunnskapsdepartementet har fastsett "Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR). Ei eittårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.1 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne LUB.
Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om prinsippa bak grøn omstilling og berekraftig utvikling i byggebransjen
- har innsikt i dei ulike fasane av livsløpet til ein bygning, og kva parameter i livsløpet som har spesielt stor påverknad når det gjeld ressursbruk og berekraft
- har kunnskap om dei ulike rollane i eit byggeprosjekt, og kva ansvar/oppgåver som ligg til dei ulike rollane
- har innsikt i ulike byggematerial og -metodar med låg miljøpåverknad, og veit korleis ein held seg oppdatert på nyheiter innan dette
- har innsikt i sirkulær økonomi og ombruk innan byggebransjen
- har kunnskap om energieffektive teknologiar og løysingar innan bygg og infrastruktur
- har innsikt i energiflyt i bygg
- har forståing for konsekvensane av klimaendringar, og kan identifisere tiltak innan byggebransjen for å møte desse utfordringane
- har innsikt i relevante lover, reglar og standardar knytt til miljø og berekraft i byggebransjen
Ferdigheter
Studenten:
- kan kartlegge miljøpåverknaden til ulike materiale og byggemetodar, og velje dei mest berekraftige alternativa
- kan delta i planlegging og gjennomføring av energieffektive design og konstruksjonar
- kan kartlegge livssyklusen for eit byggeprosjekt med omsyn til energiforbruk, klimagassutslepp og ressursbruk
- kan anvende kunnskap om grøne og berekraftige løysingar for avfallshandtering, resirkulering og gjenvinning i byggeprosessar
- kan kartlegge potensielle utfordringar og barrierar for grøn omstilling i byggebransjen, og utvikle strategiar for å handtere desse
- kan finne relevant fagstoff for å halde seg oppdatert på utvikling innan grøn omstilling i byggebransjen
- kan anvende relevante verktøy, materialar og teknikkar som Simien, OneClick LCA og plusshus konsept
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for samanhengen mellom menneskeleg aktivitet, byggebransjen og miljøet
- kan utvikle prosessar for planlegging av nybygg og renovering, der ein tidleg legg føringar for berekraft
- kan bygge relasjonar, kommunisere og arbeide effektivt i tverrfaglege miljø for å oppnå grøne målsetjingar i byggebransjen
- kan gjere vurderingar og gje råd i byggjeprosjekt for å fremje den grøne omstillinga i bransjen
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
For studiet Bygg gjeld Kvalifiserer følgjande fagbrev til opptak:
- Betongfaget
- Byggdriftarfaget
- Feiarfaget
- Glasfaget
- Isolatørfaget
- Kulde- og varmemontørfaget
- Murarfaget
- Røyrleggjarfaget
- Tak- og membrantekkjarfaget
- Trelastfaget
- Trevare- og Bygginnreiingsfaget
- Tømrarfaget
- Ventilasjons- og blikkenslagarfaget
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Organisering av studiet
Utdanninga har ein gjennomføringsmodell:
- eittårig utdanning fordelt over to år som nettbasert studium med samling
Utdanninga er bygd opp av emne. Emna består av fleire tema. Kvart emne vert tildelt studiepoeng etter den relative vektinga det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte i utdanninga. Det vert gitt 30 studiepoeng for læringsutbytte oppnådd på bakgrunn av eitt års bestått nettstudium med samling. Ved gjennomført nettbasert studium med samling, vert det totalt 60 studiepoeng.
Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument, kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.
Arbeidsmengde i Grøn omstilling i byggebransjen 2024
Emnebeskrivelse | Egenstyrt aktivitet | Timeplanfesta timer | Sum |
---|---|---|---|
64TB79A E1 Realfag | 102 | 23 | 125 |
64TB79B E2 Yrkesrettet kommunikasjon | 102 | 23 | 125 |
64TB79C E3 Økonomi | 102 | 23 | 125 |
64TB79D E4 Innføring i bærekraft, miljø og klima | 156 | 34 | 190 |
64TB79E E5 Materialkunnskap | 102 | 23 | 125 |
64TB79F E6 FDVU, livsløp og levetid til bygg | 156 | 34 | 190 |
64TB79G E7 Energirådgjevar | 214 | 46 | 260 |
64TB79H E8 Sirkulær økonomi og ombruk | 214 | 46 | 260 |
64TB79I E9 Prosjektleiing og sertifisering | 102 | 23 | 125 |
Sum | 1250 | 275 | 1525 |
Undervisningsformer
Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der lærar føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.
Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.
Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien, og det skaper gode diskusjonar i klassen. Vi bygger på denne måten opp det som er særprega ved fagskuleutdanninga.
Læringsmåtar
I vårt arbeid som læringsleiar vil mange undervisningsformer og læringsaktivitetar verte brukte. Prinsippet om variasjon i undervisninga gjer at vi nyttar mange læringsaktivitetar. Studentane får høve til å medverke når læringsaktivitetane vert bestemt. Det faglege innhaldet i undervisninga vil i mange høve styre læringsaktiviteten.
I nettstudie med samling nyttar vi dei pedagogiske prinsippa vi har skissert over. Vi nyttar digital kommunikasjon for å gjennomføre læringsaktivitetane i periodane utanom samling. Det vert lagt vekt på rettleiing og oppfølging gjennom dialog.
Aktuelle undervisningsformer og læringsaktivitetar er:
- Førelesingar
- Dialogprega undervisning med erfaringsdeling
- Praksisorientert undervisning med arrangerte og tilrettelagde øvingar
- Gruppeoppgåver og individuelle oppgåver med rettleiing i grupper og individuelt
- Munnleg framlegg
- Presentasjonar
- Prosjektarbeid med tverrfagleg fokus
- Ekskursjonar/studieturar
- Praktisk arbeid
- Mappemetodikk (utviklingsmappe, resultatmappe)
- Logg
- Observasjon og refleksjon
- Refleksjon over eige/andre sitt arbeid
- Refleksjonsnotat
- Medstudentvurdering
- Vurdering som læring
- Vurdering for læring
- Fagsamtalar
- Sjølvstudium
- Nettstøtta læring med videosnuttar.
- Digitalt støtta læring og rettleiing
- Ulike former for arbeid i grupper
Vurdering
Vurdering ved Fagskulen Vestland har fleire mål. Vurderinga skal kunne måle kompetansen til studentane og fremje læring.
Når vurderinga skal måle kompetanse vert omgrepet sluttvurdering nytta. Sluttvurderinga skal måle kompetansen på slutten av undervisning av eit emne. For å måle kompetanse nyttar vi mellom anna eksamen (skriftleg og munnleg), heildagsprøve, vurderingsmappe, prosjektoppgåver, gruppeoppgåver, innleveringar og liknande.
Når vurdering vert nytta som reiskap for at studentane skal lære meir, er det ei formativ vurdering eller ei undervegsvurdering. Denne vurderinga skal vere slik at studentane kan nytte vurderingane til å oppdatere seg og arbeide med dei områda der dei har manglande kompetanse. Vurderinga skal vere retta mot kva studenten kan gjere betre. På denne måten vert vurdering ei rettleiing for studentane. Denne forma for vurdering vert nytta mellom anna i vurderingssituasjonar som tradisjonelle prøver, oppgåver, prosjektarbeid, gruppeoppgåver, innleveringar, fagsamtalar, framføringar, læringsnotat og refleksjonsnotat. Vurderinga kan vere både skriftleg og munnleg. I mange samanhengar gir det godt utbytte for studenten at det vert nytta skriftleg tilbakemelding som vert følgt opp munnleg.
Når vurdering skal vere ein læringsmetode vert omgrepet «vurdering som læring» nytta. Typisk for denne vurderinga er at studentane vurderer sitt eige arbeid eller medstudentar sitt arbeid. Noko av dei mest effektive læringsmetodane er når studentar skal sette seg inn i andre studentar sitt arbeid og gi vurdering av dette arbeidet. Når studenten skal forklare medstudentane sitt arbeid oppstår det ofte gode drøftingar og refleksjonar.
Ved å nytte vurdering som metode ønskjer vi at studentane skal kunne lære like mykje av kvarandre som av læraren. Vi ønskjer med dette å fremme ein aktivitet som gjer studenten medviten om sin eigen kompetanse. På denne måten vert læringa meir effektiv.
Arbeidskrav
Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. Arbeidskrav inngår i den formative delen av læreprosessen.
Arbeidskrav kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, refleksjonsnotat og medstudentvurdering av refleksjonsnotat.
Faglærar vurderer arbeidskrava. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrav som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende.
Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent. Studentane har høve til å kontakte lærar før innleveringsfristen. Lærar kan i slike tilfelle lage avtalar med studentane. Til vanleg vert det gitt fleire oppgåver enn det som er arbeidskrav. På denne måten kan studenten oppnå det tal arbeidskrav som vert kravd i emnet.
Sluttvurdering
Studentane får éin karakter for kvart emne. Emnekarakter gir utrykk for kompetanse som er oppnådd i ulike vurderingssituasjonar i emnet.
I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten i høve læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte studieplanen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.
Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma i emnet er ein eksamen, vert det i tillegg oppnemnde ein medsensor
Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.
Eksamen
Eksamen kan brukast som vurderingsform inn mot ein emnekarakter. Studentane skal sikrast ei upartisk vurdering av kunnskapar og ferdigheiter. Ein fagkyndig person vert oppnemnd som medsensor.
Vurdering vert gjennomført slik at fagskulen kan vurdere på eit sikkert grunnlag om studenten har nådd læringsutbyttet i studieplanen for utdanninga, jf. fagskoleloven § 21 første ledd.
Det skal nyttast bokstavkaraktar frå A til F. Karakteren A er beste karakter, og F inneber at emnet eller eksamen ikkje er bestått.
Sluttdokumentasjon
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 60 stp gir vitnemål og ein fagskulegrad.
Vitnemålet skal innehalda:
- Emne som inngår i utdanninga.
- Omfang av emne og oppnådd karakter.
- Overordna læringsutbytte.
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
- Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
- Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.
Pensumliste
Grøn omstilling i byggebransjen 2024
Emnebeskrivelse | Pensumliste | |
---|---|---|
64TB79A E1 Realfag | Lærebøker Ekern, T. & Guldahl, Ø. & Holst, E. (2008): Matematikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget. Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2009): Fysikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget. Tabellar Pedersen, S. E., Gustavsen, J., Kaasa, S., Olsen, O. (1998): Teknisk formelsamling med tabeller. Oslo, Gyldendal. Tilrådd litteratur Ekern, T., Guldahl, Ø., Holst, E. (2016): Matematikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget. Ekern, T., Guldahl, Ø. (2018): Fysikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget. | |
64TB79B E2 Yrkesrettet kommunikasjon | Norsk Federl, M., Hoel, A. (2020): Norsk for fagskolen, 3. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Bergen, Fagbokforlaget. Hellevik, A. m. fl., (2012): Nynorsk ordliste. 11. utgåve, Oslo, Samlaget. Hjulstad, H., Sødal, L. (2005): Bokmålsordliste. 2. utgåve, Oslo, Samlaget.
Engelsk Ytterdal, M. R. (2021): Crossover – Practical and Technical English, 4. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen. Haslerud, V., Henriksen, P. (red.), (2017): Engelsk blå ordbok. Engelsk - norsk / norsk-engelsk. 3. utgåve. Oslo, Kunnskapsforlaget. | |
64TB79C E3 Økonomi |
| |
64TB79D E4 Innføring i bærekraft, miljø og klima | Læremateriell: SINTEF Byggforskserien. https://www.byggforsk.no/byggforskserien Bakken, T. (2010): Hva er Biodiversitet? DOI: 10.18261/ISSN1504-3118-2010-05-02, Hestemark, G. (2018): Hva er Økologi? https://www.universitetsforlaget.no/hva-er-okologi-2 Myhre, A. (2008): Klima, energi og miljø, Universitetsforlaget | |
64TB79E E5 Materialkunnskap | Læremateriell: SINTEF Byggforskserien. https://www.byggforsk.no/byggforskserien Norsk standard. www.standard.no | |
64TB79F E6 FDVU, livsløp og levetid til bygg | Læremateriell: Haugen, T.B., Sæbøe, O.E., Foss, M. (2020): Eiendomsforvaltning- facility management, Fagforlaget Geving, S.(2021): Praktisk bygningsfysikk, Fagforlaget. SINTEF Byggforskserien. https://www.byggforsk.no/byggforskserien Norsk standard. www.standard.no Tilleggslitteratur: One Click LCA (programvarelisens) | |
64TB79G E7 Energirådgjevar | Læremateriell: Enøk i bygninger (2007): effektiv energibruk, Akademika. Espedal, K.J. (2022): Bygningsfysikk, 7. utgåve, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm. Byggteknisk forskrift. https://dibk.no/ Norsk standard. www.standard.no. SINTEF Byggforskserien. https://www.byggforsk.no/byggforskserien Tilleggslitteratur: SIMIEN programvarelisens | |
64TB79H E8 Sirkulær økonomi og ombruk | Læremateriell: Mast, J., Unruh, F.V., Irrek, W. (2022): R-strategies as guidelines for the Circular Economy: rethink_22-03_r-strategien_EN.pdf (prosperkolleg.ruhr) Hefte/ publikasjonar retta mot byggjebransjen : Grøn byggallianse. Tenk deg om før du river SINTEF (2021). Ombruk av byggematerialar-marked, drivere og barrierer SINTEF (2022). Ombruk av byggematerialar- vialeder for dokumentasjon av ytelser SINTEF Byggforskserien. https://www.byggforsk.no/byggforskserien Norsk standard. www.standard.no Tilleggslitteratur Miljødirektoratet. https://www.miljodirektoratet.no/ ENOVA. https://www.enova.no/ FutureBuilt. https://www.futurebuilt.no Grønn byggallianse (videomateriale). https://byggalliansen.no/ | |
64TB79I E9 Prosjektleiing og sertifisering | Lærebøker Tryti, H.A. (2021): Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. Bestillast på internett www.byggesaken.no Futurebuilt. https://www.futurebuilt.no BREEAM-NOR. https://byggalliansen.no/sertifisering/om-breeam/ ZEB- The Research Center for Zero Emission Building. http://zeb.no/ |