65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon
Emnefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAnlegg Førde
- Startsemester2025 Haust
Om emnet
- Norsk (7 sp)
- Engelsk (3 sp)
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om grunnleggande kommunikasjonsteori
- kjenner til kva betydning kulturell identitet har for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
- har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
- har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
- har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
- kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldebruk, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
- har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og -produksjon
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling og korleis svare på denne
Ferdigheter
Studenten:
- kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
- kan bruke relevante omgrep for å analysere eigen og andre sin tekst
- kan reflektere over og revidere tekstar
- kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
- kan bygge opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
- kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke den kritisk, formålstenleg og etterretteleg
- kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
- kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjon, mål og mottakar
- kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i profesjonell samanheng
- kan uttrykke seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
- kan planlegge, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse
Studenten:
- kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
- kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
- kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetting
- kan bruke relevante kommunikasjonsverktøy
- kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
- kan samarbeide om tekstproduksjon
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Mappevurdering som inneheld:
Norsk:
- ein munnleg presentasjon som skal gjennomførast i gruppe
- ein skriftleg fagartikkel som skal levarast individuelt
- ein skriftleg rapport som skal leverast individuelt
Engelsk:
- ein munnleg presentasjon som skal gjennomførast individuelt
- ein skriftleg fagartikkel som skal leverast individuelt
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet. Det blir gjort ei individuell vurdering av kvar student på presentasjonen sjølv om denne går føre seg i gruppe. Den individuelle vurderinga av presentasjonen inngår i den heilskaplege vurderinga av mappeinnhaldet til kvar student.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 28 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 255 | Deltid |
Arbeidskrav
Norsk:
- formell e-post levert individuelt
- innkalling og møtereferat levert individuelt
Engelsk:
- refleksjonsnotat om eigen praksis og kompetanse levert individuelt
- ressonerande tekst om tema frå læreboka levert individuelt
Fagressursar
Norsk
Federl, M., Hoel, A. (2020): Norsk for fagskolen, 3. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.
Hellevik, A. m. fl., (2012): Nynorsk ordliste. Oslo, Samlaget.
Hjulstad, H., Sødal, L. (2005): Bokmålsordliste. Oslo, Samlaget.
Engelsk
Ytterdal, M. R. (2021): Crossover – Practical and Technical English, 4. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.
Haslerud, V., Henriksen, P. (red.), (2017): Engelsk blå ordbok. Engelsk - norsk / norsk-engelsk, 3.utgåve. Oslo, Kunnskapsforlaget.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Anlegg Førde
- Automatisering Førde
- Bygg Førde
- Bygningssakkyndig
- Elkraft Førde
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Maskinteknikk Førde